Smakebit: Ungdomsskulen

F275_Ungdomsskulen_Cover_300dpiEg har hatt denne boka i handa fleire gonger før ho kom i hus. Eg har halde boka, blafra gjennom, spekulert litt, ofte tenkt at eg har kjent igjen for mykje. Ungdomsskulen var ikkje mine glansdagar, og lite truleg nokon andre sine heller. Kjem dette til å vera nostalgisk, traumatisk, ingen av delane? Eg fekk boka i gåve, og det var med ein viss skepsis eg tok fatt. Det er eit eller anna med å gå inn i den tette, tette kjensla som ein som vaksen er så heldig å ha fått på avstand, og til og med kanskje romantisert.

Heidi Furre har skrive ei bok om Maja. Maja prøver rett og slett å gjera det ein skal på ungdomsskulen: overleva.

 

Maria tek meg med på ungdomsklubben. Først er det andakt og lovsong. Maria er forsongar og står framme på scena med mikrofon. Det er tre forsongarar, Maria, ei jente og ein gut. Eg synest Maria syng finast av alle, høgt og reint og ser aldri ned på teksten. Etter opplegget kan ein kjøpe brus og ferdigpizza i kiosken. I kjellaren kan ein spele pingpong og kaste piler, eg har lyst, men er redd for å spele dårleg, så eg blir heller sittande med Maria og han som var forsongar. Ballen hoppar fram og tilbake, eg tek små slurkar Solo. Forsongaren begynner å snakke om andakten, at det var bra andakt i dag. – Kjempebra, seier eg. Han går på vidaregåande og det brusar litt inni meg av å snakke med han. Han heiter Magnus. Etterpå tør eg å spele pingpong likevel. Når eg blir henta, får eg ein klem av Magnus, han luktar vaskepulver og pære. Eg får eit sug i magen, som om eg fell ned ein tunell. Mamma seier i bilen at ho ikkje synest eg burde vere så mykje på bedehuset. Eg seier at eg har ingen andre plassar å vere.- Du kan vere litt heime, seier ho. Når eg er heime, legg eg meg på varmekablane på badegolvet og luktar på vaksepulveret i skapen under vasken. Så fyller eg ei heil side i dagboka mi med namnet hans.

Kikk innom Flukten fra virkeligheten for fleire smakebitar. 

10 thoughts on “Smakebit: Ungdomsskulen

  1. Jeg har aldri helt kjent meg igjen i dette med å overleve ungdomsskolen. For min del var det en fantastisk tid og jeg har mange gode minner derfra. Nå føler jeg meg heldig 🙂 Uansett kan jeg jo like boka, men jeg har ikke den umiddelbare koblingen til historien når det er så fjernet fra min opplevelse.

    Ha en flott søndagskveld videre, og tusen takk for smakebiten!

    PS. Neste høst må du få med deg bokbloggertreffet, Kan ikke minnes at jeg traff noen Signe der i år 🙂

    Likar

    • Har nok eit meir balansert syn på det enn det som kjem fram her, men Maja i boka framkallar nok ikkje dei beste minna 😌 september var i travlaste laget, både i år og i fjor. Ein vakker dag! Det ser ut til at de hadde det veldig kjekt ☺️

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s