Harry Potter and the Cursed Child

Harry_Potter_and_the_Cursed_Child_Special_Rehearsal_Edition_Book_CoverEg har på ingen måte tenkt å gjera dette til ei fan-side for Harry Potter, men heilt utan at det var meininga klaffa den 32235252. lesinga av serien perfekt med Harry Potter and the Cursed Child, manuset til eit nytt stykke basert på den kjende verda. Manuset er godkjend av J.K. Rowling, men skrive av Jack Thorn. Den som er ute etter ei 8. Harry Potter-bok kjem til å bli skuffa. Det er meir eller mindre fan fiction, ein spin-off skriven av andre, og manusforma gjer at mykje av den direkte tilgangen til karakterane forsvinn. I tillegg vil du få eit nytt bilete av fleire karakterar, særskilt Harry og Draco, på godt og vondt. Harry Potter har ei heilt anna rolle i dette stykket enn i bokserien, og den er ikkje alltid like sympatisk. Dette er Albus Severus Potter si bok. Viss du derimot legg frå deg desse tankane, då kan det hende at du får nokre gode timar med boka. Det gjorde eg.

… there is never a perfect answer in this messy, emotional world. Perfection is beyond the reach of humankind, beyond the reach of magic. In every shining moment of happiness is that drop of poison: the knowledge that pain will come again. Be honest to those you love, show your pain. To suffer is as human as to breathe.

Harry er vaksen no, gift med Ginny og far til to gutar. Han er sliten, og strevar med farsrolla, særskilt når det gjeld Albus Severus. Far og son skjønar ikkje kvarandre, og det er tungt for Albus å vera sonen til far sin. Han ser slett ikkje på Hogwarts som det himmelriket det var for Harry. Han er einsam, og han har berre ein ven – saman med Scorpius Malfoy prøvar dei å finna plassen sin på Hogwarts og i Slytherin. Albus slit som sagt med familiearven, medan Scorpius stadig vert konfrontert med eit rykte om at det slett ikkje er Draco som er faren, men sjølvaste Voldemort. Stikkordet i boka er altså «daddy issues». Gutane finn ut korleis dei kan få verda på rett kjøl igjen: Dei kan redda Cedric Diggory. Dei reiser tilbake i tid, men finn ut at ringverknadane av å endra historien av og til gjer dette til det verste alternativet.

 

Manuset er av og til tungt å lesa. Eg trur dei var litt kjappe på labben med publiseringa. Eg har tru på at det kjem på plass på scenen, men no sit ikkje eg i ein sal i London, men i ein lenestol i Trondheim. Det kjem veldig tydeleg fram at det ikkje er Rowling som har skrive manuset, men nokre gonger er det akkurat som om manusforfattaren prøver å late som om det er Rowling sin stemme. Det kunne han like greitt ha latt vere med, for han skriv like godt som seg sjølv. Eg trur manuset er ganske tru til skodespelarane sine innspel, men det tyder ikkje at manuset ikkje kunne ha vore meir bearbeida, av omsyn til oss lenestolslitarar.

Det går fort, og det er vanskeleg å ikkje verta riven med av tempoet, sjølv om plot twisten presterer å vera både forutsigbar og lite truverdig til same tid. Tempoet er godt, og historia er mørk og rå. Det er vanskeleg å ikkje verta gripen av forteljinga om ein liten gut med ein distansert far , ein gut som går til ekstreme lengder for å få aksept hjå faren, og den passive faren som ikkje veit korleis han skal nå fram til sonen sin. Gjennom (dei noko kleine) replikkane får ein fram korleis me overser kvarandre, alt i beste meining.

 

2 thoughts on “Harry Potter and the Cursed Child

  1. Eg har og nettopp lest manuset- tidvis veldig spennande og kjekt med innsyn i korleis det gjekk med universet i framtida. Syns det var dårlig redigert og ikkje alltid heilt openbart når ein bevegde seg i «tid». Dog fann eg tilfeldigvis samme dag som eg var ferdig med boka alle HP bøkene i lydbokformat på macen, trudde det var gått tapt i ein harddisk- katastrofe, så no kose eg meg med dei på biltur 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s