Adresse ukjent

Jeg sier det som det er, Max, jeg tror på mange måter at Hiter er bra for Tyskland, men sikker er jeg ikke.

97882033720701Adresse ukjent er ein brevroman. Den vart publisert for første gong i USA i 1938, og vart fort populær. Ho hamna fort på nazistane si liste over forbodne bøker, og vart gløymt på den europeiske marknaden. Romanen vart gitt ut på ny på 50-årsmarkeringa for frigjeringa av konsentrasjonsleirane. Om ho ikkje har fått kultstatus fram til no kan det godt vera at Aschehoug si innlemming av boka i Sidespor-serien kan festa den statusen. Det er ein gripande kritikk av korleis ideologiar gjer vener til fiendar, og vil slik diverre aldri verta uaktuell.

Me byrjar i 1932, der den jødiske gallerieigaren Max sender ei varm helsing til partnaren Martin, som har flytta tilbake til Tyskland. Tonen i breva som kryssar Atlanteren er varm, meir broderleg enn venskapeleg. Dei vekslar fram og tilbake om ungeflokken til Martin, galleriverksemda til Max,  Martin sine historiar om det storslagne livet i eit Tyskland som endeleg held på å reisa seg etter undertrykkinga som fulgte andre verdskrig og Max si aukande uro over ryktene han har høyrt om handsaminga av jødar i Europa. Boka er strippa for verkemiddel, og den stadig skiftande tonen i breva mellom venene vert difor tyngre for lesaren:

(…) Det er umulig for meg å brevveksle med en jøde, og det ville forholdt seg likedan om jeg ikke hadde en offentlig stilling å ta hensyn til. Om korrespondanse skulle bli påkrevet, må du legge den ved bankremissene og ikke stile brev hjem til meg.

Når det gjelder de krasse tiltakene som bekymrer deg slik, likte heller ikke jeg dem til å begynne med, men jeg har etter hvert innsett deres smertelige nødvendighet. Den jødiske rase er et ømt punkt for enhver nasjon som huser den. Jeg har aldri hatet den individuelle jøde – deg har jeg alltid satt pris på som venn, men du vet at jeg er ærlig når jeg sier at jeg har vært glad i deg, ikke på grunn av rasen du tilhører, men på tross av den.

Du trur at du har kjøpt ei lettvint, lita bok. På overflata er det nok sant. Boka er så kort at Aschehoug berre har trykka teksten på enkle sider. Språket er rett fram. Men eg vart ikkje ferdig med boka sjølv om eg rakk å lesa ho ferdig mellom innsjekk og take-off. Utviklinga i relasjonen mellom desse to, på kvar si side av atlanteren og kvar si politiske side, vart for tøff. Forfattaren er heilt fråverande i boka, og det einaste ein kan halde seg til er karakterane sine eigne ord. Brørne vert fiendar, og boka har diverre ikkje gått ut på dato.

Tilrår denne boka på det sterkaste!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s