Bøker og skrapelodd

Eit sjarmerande personlegdomstrekk: Eg er glad i å gi vekk gåver, og eg er glad i å koma på gåveidéar. Av og til er eg til og med ganske god på dette.

Eit usjarmerande personlegdomstrekk: Eg gir aldri vekk Flaxlodd. For å vera heilt ærleg: Eg unnar ingen å vinna millionen like mykje som eg unnar meg sjølv det. Eg gler meg med andre, men hadde kanskje gledd meg litt mindre viss loddet kunne ha vore mitt. Eg har forsona meg med dette, sjølv om det er overraskande vanskeleg å sjå det i skrift. Eg gir som sagt ikkje vekk Flaxlodd, men trur eg er eit ok menneske likevel. Dette treng eg tilbakemelding på. Altså ikkje om kvaliteten på meg som menneske, men om dette er eit gjenomsnittleg forhold til å gi vekk bøker. Eg har nemleg diverre oppdaga eit nytt, mindre sympatisk trekk med meg sjølv.

Eg skulle i bursdag i går, og bursdagsbarnet er ein leseglad mann (no 31) som toler ei utfordring. Det å velga ut bøker til ein person er seriøse greier. Det vert basert på så mange meiningar om kven mottakaren er som person at det nesten grensar til intimt. Det går andre vegen og: Det er ein grunn til at folk stort sett går til bokhyllene i nye leiligheitar. Det er avslørande. “Dette traff noko i meg, og eg trur det vil treffa noko i deg òg”. Uansett, eg hadde peila meg ut ei fin gavebok: Interessant, låg sjanse for at mottakaren har lese boka, lett og nøytral i språket, ein tematikk som slår deg (meg) i bakken. Perfekt. Den næraste bokhandelen min er meir ok enn fantastisk, og ein stor veikskap er at dei ikkje konsulterer meg når dei kjøper inn bøker. Det er altså ikkje ei utviding av mitt personlege bibliotek. Dei hadde ikkje boka, og eg måtte sjå meg om etter noko anna. Og her vart eg konfrontert med meg sjølv.

9788203360220.pngI lyrikksamlinga (mellom “100 dikt om kjærlighet”, “vennskap”, “til bestemor” og så vidare…) fann eg Alt brenner, den nyaste til Helge Torvund. Denne har eg ikkje lese sjølv. Eg er veldig glad i jærdiktarane, og sjølv om eg tidlegare har grave meg ned i heimlengt ført i pennen av Tor Obrestad er det ikkje på grunn av patriotisme. Det er det store i kvardagen som kjem fram. For dei av dykk som er så heldige at de har abonnement på Jærbladet (hehe) kan de lesa eit par prøvar her. Det er jo interessant å sjå om mann (30) – det vil seie mann (no 31) – set pris på linjer som Eg er bare lyden av regnet ei stund/ Så er eg ved kaffikverna i det gamle Handelslaget. Det gjer eg. Eg har faktisk ikkje Torvund i bokhylla (det er nok ikkje plass til heile Helge, men eg kunne nok ha dytta inn ei diktsamling eller fem). I utgangspunktet er det jo veldig flott å gje vekk noko ein har lyst på sjølv, men det vert problematisk når eg faktisk har veldig lyst på det sjølv!

I lyrikkhyllene i vanlege bokhandlar er det stort sett berre plikteksemplar, i alle fall av samlingar utanom sjangaren “verdens beste mamma”. Slik var det og med denne. Ein ting er å gje vekk bøker du allereie eig sjølv, noko heilt anna er å gi vekk uutforska mark. Det hender sjølvsagt at eg gjer det, men det er som å gi vekk eit Flaxlodd. Draumen om ein million.

Akkurat denne millionen går det an å få tak i på biblioteket, så eg tok sjansen. Eg var eit litt betre menneske enn det eg ofte er. Men eg treng å høyre fleire meiningar:

Korleis ser du på det å gi andre bøker? Er det betre å få enn å gi? 

(Berre så det er sagt: Viss du får bøker du ikkje er interessert i er det lov å sjå på det som eit gåvekort, sjølv om gåva kjem frå ein over snittet sentimental og egoistisk nerd).

4 thoughts on “Bøker og skrapelodd

  1. Eg humrer medan eg les og kjenner meg godt igjen. Både i det med skrapelodd og det med at å gi bort ei bok kan kjennast ganske intimt. Eg må leggje til at ein del familiemedlem spesielt, har litt urealistiske forventingar til ein stakkars nordist si evne til å pare lesar og bok, så fallhøgda er ofte stor dersom eg har gitt bort feil bok. Men det var ei avsporing. Å gi bort ei bok eg ikkje har lese sjølv er som å gi bort eit flaxlodd. Det kan både vere ein million og ingenting og ein veit det ikkje på førehand. God samanlikning.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s