Lesing i 2016

Hei bloggen,

2016 har vorte gamalt, og etter å ha sett litt nøye etter i spegelen etter grå hår må eg vel berre sei at det gjeld meg òg. 2016 har stort sett vore eit godt år for meg personleg, men eit turbulent år på andre måtar. Eg trong lette, rosa bøker og litt fred. Eg har lese ein del (eg har ikkje vore så flink til å halda oversikt, men eg trur faktisk at eg landa på 38 bøker i 2016), men er kanskje ikkje så imponert over utvalet som heilskap. Litt av det handlar og om at det meste av lesinga har vore over oppvaskbenken (takk til den som fann opp lydbøker).

Eg og du har hatt ein liten pause, sjølv om me aldri tok Praten. Det er heilt tilfeldig, og det er eigentleg korkje meg eller deg. Dagane har berre gått akkurat litt for fort. Det hjelp sikkert å skru av tv-en og sletta mobilspela (hekta på Escape Room-spel), men altså. Det er ganske godt, det òg. Det eg har hatt overskot til å lesa har vore kjekke, artige og underhaldande bøker – med nokre unnatak (du treng ikkje bruka tid på Kristina Ohlsson sine bøker). Viss du har lyst til å lesa god ungdomslitteratur av typen «held deg vaken om natta» må du sjekka ut Når alt blir mørkt av Sigbjørn Mostue. Viss du er ute etter ei god barnebok kjem det ut eit innlegg om Lars er LOL, men viss du berre vil sjå kva eg likar aller best kan du lesa Vildanden (Henrik Ibsen) eller Adresse ukjent (Kressmann Taylor). Sjølv om dei med grå hår er for gamle til å ha guilty pleasures er det litt flaut å sei at eg har lese Jojo Moyes og likt det veldig, veldig godt. Eg har eigentleg bestemt meg for å ikkje bruka tid på bøker som vert fronta av rosabloggarar. Det er ikkje åndssnobberi (har du SETT på lista mi? DET kan ingen sei om meg!), men eg reagerer litt på marknadsføringa, så då er det kanskje litt snobbete likevel. Det er uansett godt med dei bøkene som du berre lever deg ukritisk inn i. Det vert plass til nokon av desse i 2017 óg, men litt meir variasjon i kosten er nok sunt. Så i 2017 vil eg halde fram med målet om 35 bøker. Etter to år har eg funne ut at det er eit tal som passar godt til kvardagen min. Dei rosa og lette bøkene har sin plass, men eg vil dessutan:

… Lesa fleire norske klassikarar. Eg les meg veldig, veldig sakte gjennom Menneske og maktene, men etisk realisme krever si kvinne. Av måneskinn gror det ingenting står òg i hylla og ventar.
… Apropos hylla: Viss det vert ein runde til av bokhyllelesing skal eg vera med denne gongen.
… Færre typiske romanar, meir drama, lyrikk og grafiske romanar.

Men me får sjå. Når det gjeld lesing er det eigentleg berre ein ting som skal stå i sentrum: Leselyst. Det var grunnen til at bloggen vart fødd, det er grunnen til at han skal leva vidare. Om enn litt neglisjert og feilernært.

6 thoughts on “Lesing i 2016

  1. Riktig godt nyttår! Jeg har ikke lest Moyes selv, men tenker at det ikke burde være flaut. Når det er sagt så skjønner jeg hva du mener, jeg tenker akkurat sånn om en annen serie med bøker, nemlig Calendar Girl (men jeg har ikke lest disse bøkene, så jeg har jo egentlig ingen rett til å uttale meg). Spesielt når det gjelder markedsføringen av disse blant toppbloggerne, pinlig av forlagene tenker jeg, men de skal jo tjene pengene sine…

    Likar

    • Nei, eg tykkjer heller ikkje at det skal vera flaut. Og bøkene er gode, dei – akkurat slik du trur dei er. Calendar Girl har eg større problem med, så det tykkjer eg kan vera litt flaut… Der lurar eg veldig på kva kjøpet av rettane har gått på kostnad av, men det kan jo vera lov å håpa på at det vil finansiere meir norsk litteratur..?

      Likar

  2. Gleder meg til den siste Mostue-boken altså, og må innrømme at jeg også har hatt lyst til å lese Moyes etter at flere har kommentert at de faktisk er gode underholdningsromaner. Noen ganger er ingenting bedre enn akkurat det, og egentlig ingenting å være flau over, selv om jeg forstår akkurat hva du mener. Nå endte jeg opp med å se filmatiseringen av Me Before You, så det må bli en annen Moyes.

    Har også lyst å lese flere norske klassikere, for har for mange hull der.

    Godt nyttår til deg og kjekt at så mange finner tilbake fra bloggpauser. Håper det varer!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s