Smakebit: Menneske og maktene

Forteebd9cdd398988968fe4760f8c84677311b66b96d496ed242349c87adljinga om Olav Duun og eg, den er kort. På sørvestkysten er det Garborg og Kielland som gjeld, og forteljingar om namdalske fiskevær (samt ei pågåande forvirring om korvidt ein les nynorsk eller dialekt) har kanskje ikkje fått den store plassen, korkje i norsktimane på Klepp U eller i interessa mi. Etter å ha foreteke den kulturelle reisa det er å bu og jobba i Trøndelag har eg vel fått eit noko sterkare forhold til dette namnet, men det er framleis eit slags norsktimeaktig sus over det. Eg fekk eit eksemplar som vart kassert frå eit ungdomsskulebibliotek på heimplassen. Eg meiner jo at skulebibliotek bør ha plass til klassikarar, men ved dette høvet var eg ikkje spesielt overraska over å sjå eit ubrukt utlånskort. Dette er ein slik forfattar som har ein tung og solid fanskare, ein heil del som får svetteperlar når dei ser eit omslag, og veldig lite av dei midt mellom. Me er midt i tjukkaste nyrealismen, ein periode som eg for lenge sidan avskreiv som deprimerande. Hovudprosjektet i den etiske realismen er jo å sjå på menneskeleg vondskap. Forfattarane visar ikkje berre til konsekvensane av vondskap, men undersøkjer korleis vondskapen har kome til verda, både på eit strukturelt og individuelt nivå (dagens norsktime der, då). Det er umogleg å ikkje verta teken med inn når Helmer skal heim og fortelja Gisken at han har vore utru mot henne. Han møter bedehusfolka, han må stå til rette for det han har gjort:

Dei skildes med det. Helmer stod att og var ingen Helmer meir, ikkje dusta av han. Fjellranda stod svart og meiningslaus mot ein utsløkt kveldshimmel; det minte han om eit vanskapt sagblad. Og ei synd er ein manggreina ulykke, synda vi preker om er berre ein poesi. Syndaren burde krype på buken og eta rask, nei han burde gar-fara og be kvar ein fåne om tilgiving, for alle har han synda mot, han burde –– han burde for resten ingen verdens ting, det er for seint, menneske! Synda får du angre, om du er slik at du kan det, men skaden er skjedd, det samme seier vindsusen oppi lia, skydrage over deg, du får ta og gå heim. Greier du gå til Gisken du, da gi deg i veg! Du gjer ein gjerning med det, om han er aldri så tåpelig.

“Synda får du angre, om du er slik at du kan det”. Boka er Duun si siste, og vert av mange omtala som meisterstykket hans. Eg ser kvifor. Ein har jo ei viss kjensle av at alt går til helvete til slutt (og i byrjinga OG undervegs), men SPRÅKET! Dette er ikkje ei bok som høver til alle situasjonar, men eg trur at dette er ei bok du ikkje gløymer så fort. Har du eit forhold til Duun? Og i tilfelle – kva for ein leir høyrer du til?

Du finn fleire smakebitar her. 

14 thoughts on “Smakebit: Menneske og maktene

  1. Det är nog en väldigt bra bok, jag skulle gärna läsa den. Tack för smakbiten! Förresten håller jag helt med Hannele, vilken fin header! När Disneyfilmen om skönheten och odjuret kom på dvd var det stor igenkänning i Belle som läst allt som fanns på biblioteket och som kände sig udda i det lilla samhälle där hon levde, där läsning inte var första prioritet precis 🙂

    Likt av 1 person

  2. Duun er ingen ny forfatter for meg, men jeg har aldri lest noe av ham tidligere. For et språk han har, det er jo ganske vakkert selv om det er mørkt. Kanskje han hadde fortjent en utgave med ei litt spenstigere forside også, jeg må si at det hjelper på når en skal plukke opp noe som er litt tyngre også.

    Det slår meg forresten at Helmer tydeligvis er et litt belastet navn i klassisk norsk litteratur, både som fornavn og etternavn, og at jeg nok burde slå hardt ned på at samboeren min blir kalt det 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s