60 kvinner du skulle ha møtt

img_2063
Favorittdiva.

I 1894 sa Gina Krog følgjande:

Mens mannens originalitet dyrkes – så tåles ikke kvinnens. Den tåles ikke av menn. Men jeg er redd for at den tåles enda mindre av kvinner.

Ser man at noe bryter litt med det man er vant til å anse som likevekt og harmoni, da kommer kritikken umiddelbart.

1894, 2017, mykje har endra seg til det betre, andre ting er nett slik dei var. Sitatet er lett å kjenne att: «Njeeee, feminist, det vil eg ikkje sei…». I forordet skriv Marta Breen og Jenny Jordahl at åtte av ti norske biografiar handlar om menn, at 87% av alle personar i svenske lærebøker er menn (og nordmenn er ikkje kjende for å vera meir progressive enn svenskane på dette emnet), og at i somme skulebøker kan me lesa om fleire nazistar enn kvinner. Me har alle dei sterke, beundringsverdige kvinnene i slekta. Dei som sto på og sikra seg og sine eit betre liv, nokre gonger mot alle odds. Alle kjenner til motstandsrøyrslekvinnene i bygda. Applaus til oss og dei for verdas største birolle.

60-damer-du-skulle-ha-moett_product_full60 damer du skulle ha møtt er ikkje eit feministisk kampskrift, men eit illustrert oppslagsverk over kvinner historien har gått forbi. For historieskrivinga gjer gjerne det, går forbi kvinner, funksjonshemma og andre minoritetar. Her får du sett eit større knippe (kor mykje er eigentleg eit knippe? Google gir ingen svar) gode, gamle kjerringer som har gått mot straumen og styrka stemmen vår på kvart sitt vis. Nokre var heilt ukjende for meg, andre (Undset, Collett, Skram) burde vera kjende for alle. Det er nok den første gruppa som gjer at eg finn boka spanande. Lite visste eg at Kvinnegruppa Ottar har henta namnet sitt frå ho som starta RFSU – og at denne Elise Ottesen Jensen attpåtil var jærbu! Det er artig å bli engasjert nok til at ein får ei kjensle av å ha kome over eit skikkeleg scoop når det kjem fra at Betzy Kjelsberg (den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg og initiativtakar til det som etter kvart vart Norsk kvinnesaksforening) er oldemor til ingen ringare enn finansminister Siv Jensen. Det er ikkje tvil om at Jensen har bein i nasen, og det er interessant å sjå kor dette kjem frå. Eg vonar at ho er stolt over oldemor si, og at partifellane kanskje sluttar å sei at kvinnekampen har gått ut på dato (me held på kvinneagen framleis, elles takk). Det var òg fantastisk å få læra litt om Katti Anker Møller som allereie ved århundreskiftet kjempa seksualopplysning, rettane til «uekte born» og avkriminalisering av abort.

Eg er glad for å sjå nokon av dei damane eg beundrar mest, som Hannah Ryggen, men eg saknar nokon. Kanskje ein kunne ha bytta ut dei mest kjende kvinnene til fordel for andre som ikkje er allmannseige? Eg kunne for eksempel likt å sett at Schønberg Erken fekk meir plass enn på tidslinja på slutten av boka. Eg er likevel ikkje spesielt fornærma over dette, det kan berre tyda på at me på trass av biografistatistikken i Noreg har meir enn nok sterke quinds å ta av.

Teksten er klar, tydeleg og kortfatta. Forfattarane lyg ikkje når dei seier at dei byr på kvinnehistorie for dei med dårleg tid, for kvar kvinne får via rundt to sider kvar med tydeleg og sparsommeleg tekst, akkompagnert av Jenny Jordahl sine karakteristiske stilistiske illustrasjonar. Eg ser på boka som ei samling med smakebitar av ulike kvinner ein ikkje berre har lyst til å møta, men til å læra meir om – og det er litt av ein godtepose.

Eg seier som Aasta Hansteen:

img_2057
Ny favorittfurie

Veit du om ei kvinne som burde ha vore med?

Desse har og skrive om boka: Ellikken, Mari

 

4 thoughts on “60 kvinner du skulle ha møtt

  1. «Applaus til oss og dei for verdas største birolle.»

    – Hm… Ja, sa hun og sukket bittersøtt.

    Apropos Katti Anker Møller som jeg en gang som ung ble gjort oppmerksom på, ikke fordi vi lærte om henne på skolen, men fordi jeg ble nysgjerrig på hvem veien var oppkalt etter – det er nokså talende at resultatet av samarbeidet, initiativet, kjempingen, lobbyvirksomheten, kall det hva du vil, ble kalt opp etter mannen som var involvert. En stor, stor birolle, altså.

    Flott omtale, flott oppmerksomhet!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s