Lars er LOL

9788203262166Fjoråret innebar ein del lesing, og veldig lite blogging. Denne boka las eg i fjor haust, men rakk aldri å skriva om ho. Eg vart brått motivert til å blogga av at både denne og 60 damer du skulle ha møtt er jokerbøker på kortlista til Bokbloggerprisen 2017, så her kjem ein liten, veldig forsinka notis om ei flott barnebok. Handlinga finn stad på verdas mest ubarmhjartelege arena: barneskulen. Amanda har to grunnar til å gleda seg til skulestart: Ho skal snart treffa verdas søtaste gut igjen, og snart skal ho verta faddar for ein skjønn førsteklassing. Men Adam er slett ikkje forelska i henne, og det tek ikkje lang tid før læraren slepp denne velmeinte, men likefullt treffande, bomba:

“Derfor vil jeg at du skal være fadder for ham, i stedet for en av de mange førsteklassingene som også begynner her på skolen denne høsten. Jeg vil at Lars skal få muligheten til å være med og lære av en av de aller beste vi har, nemlig deg!”

Jeg blir stående og stirre ut i luften. Det verste er at Janne har overrakt denne nyheten som om det var en nydelig innpakket gave, og nå står hun der med et bredt smil over hele det runde ansiktet.

Altfor mange spørsmål surrer rundt oppe i pappen, men jeg klarer ikke helt å sortere dem fort nok til å stille ett eneste av dem høyt. Det er uansett håpløst, for akkurat idet jeg nesten har kommet på det første spørsmålet som synes viktigst å stille, avbryter Janne meg med å gjøre situasjonen enda verre:

“En annen ting du nok bør vite om Lars er at han har Downs syndrom.

Også dette sier hun som om det er en staselig innpakket gave, og noe jeg virkelig burde glede meg over. Hun gikk nesten opp en tone på ordet Downs syndrom, hun liksom sang det. Jeg blir nesten like irritert over måten hun sa det på som over det hun sa.

Medan dei andre skal gå hand i hand med søte førsteklassingar og passe på at alle har nokon å leike med i friminutta skal Amanda altså passe på ein jamnaldrande klassekamerat med Downs syndrom. Popularitet er ei kostbar vare, og den kan fort bli dyrekjøpt for Amanda sin del:

“Det viktigste er faktisk at vi passer på at ingen mobber Lars.”
“Jo”, svarer jeg, “selvfølgelig”.
Og Kay nikker med. Selvfølgelig vil jeg ikke at han skal bli et mobbeoffer, men min største bekymring er allikevel at jeg selv skal bli det.

For kva gjer du eigentleg når du den sosiale statusen din berre er sånn midt på rangstigen? Amanda løyser dette praktisk og greit, med passe avstand til Lars på skulen og gode, nære besøk på fritida. Desse besøka er bokstaveleg talt magiske, Amanda og Lars finn kvarandre i ei trolldomsverd. Dei kryp rundt og ropar trylleformlar til kvarandre, og verda vert ekstra  god når Lars sin far er så varm og trygg. Livet leikar, men som me veit varar idyllar sjeldan, og bommen Amanda balanserer på er ustø.

Få ting i verda er meir brutale enn born med sosial intelligens og låg empati, og to slike finst sjølvsagt i denne boka òg. Du kjenner typen: verdsmeistarane med pene smil og kalde hjarte. Eg ser at fleire stillar spørsmålsteikn ved om det er truverdig med to så onde jenter som dette, og eg har absolutt ingen kvalar med å sei at jo, det er diverre det. Desse jentene har ein blogg der dei heng ut folk og fe, og Amanda står i faresona for å bli neste offer. Ho står føre eit dilemma der ho veit kva som er rett og kva som er gale, men det rette virkar heilt umogleg viss ho skal overleva sosialt. Jentene sit med bilete av Amanda i situasjonar som vil føra til den sikre sosiale døden, men Amanda har jo faktisk noko ho kan gi jentene. Lars. Som lesar får du lyst til å ropa til Amanda at det er feil, det er feil – men samstundes skjønar du inderleg godt kvifor ho handlar som ho gjer.

Du vert riven med i handlinga, du vert sjarmert og irritert og lei deg. Boka held heile tida på det lette, men samstundes er Amanda si røyst djupt alvorleg når dei verste tinga hender. Dette kan og vera ein veikskap: Eg stussar ofte ved språket. Boka er velskriven, men av og til vert Amanda sitt ordforråd alt for vaksent, og av og til vert det for tydeleg at det er ein forfattar som står bak den unge jenta sine ord. Likevel tykkjer eg at boka er overbevisande, og hovudkarakterane er fleirdimensjonale. Dette er ikkje ei bok om Downs syndrom. Lars er eit heilt menneske med gode og dårlege sider. Det er ikkje ei bok om nettmobbing, sjølv om det er ei klar ramme. Det er ei bok om å stå for dei vala du tek, og utan at eg skal sei så mykje om det er det tydeleg at Amanda må gå mange rundar med seg sjølv. Tenk tilbake til den første gongen du gjorde noko som du visste med heile deg var feil? Dette er Amanda sitt liv.

Desse har òg blogga om boka: Tine, Mari, Gro og Pervoluto.

2 thoughts on “Lars er LOL

  1. Jeg er enig med deg i at måten de usympatiske jentene framstilles på er realistisk. Barn kan være så utrolig slemme med hverandre. Boken var sjarmerende, men jeg skulle så inderlig ønske at forfatteren hadde fordypet seg litt mer i ulike personene, enkelte ble alt for lett behandlet i boka. Det føltes mer som de var der kun for å kunne servere en replikk som skulle få Amanda inn på andre tanker.

    Likar

    • Godt poeng, det er eg eigentleg samd i – eit par av karakterane var vel mest statistar og pådrivarar, og i liten grad sjølvstendige personar. Men på ein måte tykte eg at dette var truverdig med dei “kule” jentene – det passa saman med korleis ei jente som Amanda kan oppfatte dei, trur eg.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s