Spør vinden

I bokhyllelesinga skulle me starte med å lesa ei bok med eit blått omslag, og eg har faktisk ikkje uleste bøker i hylla med blå omslag… Raudt, derimot. Og kvitt. Og gult. Men ikkje blått. Men eg juksar litt, for eg har nyleg fått ei lyrikksamling med ein heil del blått på seg. Eg er glad i Hauge, men har ikkje lese han systematisk. Det er umogleg å gå på norsk skule utan å lese om sagar, tunkattar, og vågar me ikkje veit um. Og det er vel og bra, i likskap med kanskje 80% av alle nordmenn har eg «Den draumen» som eit av mine yndlingsdikt (kun slått av Kaddish). Men med Hauge sin enorme produksjon er det litt synd at det kun er desse dikta som har vorte ein del av kulturfellesskapen vår. Spør vinden vart gitt ut i 1971. Då var Hauge 63 år gamal. Det var veldig, veldig vanskeleg å velja ut eit par dikt blant dei 75 i samlinga. Eg har forsøkt så godt eg kan, men sjølvbegrensningas kunst er ikkje blant mine (mange) talent.

Bevis på blå bok:

img_2103

Før me byrjar: Høyr på radiodokumentaren Lyrikk og lobotomi. Dokumentaren handlar litt om psykiateren Konrad Lunde, litt om ein av pasientane hans – Olav H. Hauge – og ein heil del om korleis opphalda på sjukehuset påvirka Hauge og diktinga hans. Eg har lenge gått og sikla på Hauge sine dagbøker på grunn av dei utdraga eg har lese der han skildrar einsemda i å vera psykisk sjuk. Og, for å vera ærleg, litt om kjærleiksforteljinga hans, for den er noko for seg sjølv.

img_2071

Eplegartnaren frå Hordaland ser på seg sjølv som handtverkar, ikkje kunstnar. Eg veit no ikkje om det å vera handtverkar er dårlegare enn å vera kunstnar, men han nølar med å setja seg sjølv høgt. I samlinga skriv han fleire gonger om eiga dikting som noko ein «gamal diktar» kan underhalde og more seg sjølv med. Viss desse «husa» berre hadde vore for han personleg hadde det vore ein sak, men Hauge skapar eit tidlaust rom som alle kan «krjupa inn» i og «kveikja ljos». Det betyr ikkje at det alltid er triveleg:

… Men det er noko allment over det det, til og med når han går langt utføre mine referanserammer (det er kanskje berre eg som ikkje har spesiell innsikt i kinesisk dikting frå 300-talet). Eg likar han eigentleg best når han skriv om konformitet (over og under):

img_2069

Hauge jobba hardt med å vera det han kalla normal. Å skriva normalt, å tenkje normalt, å arbeide med fornufta. Han tillet seg sjølv små sidesprang her og der, men han skriv kontrollert, og svært ofte handlar det om det å passe inn i noko. Eplegartnaren vart tidleg ramma av «sorgesjuke», og han strevde lenge med å handtera dette. Det er freistande å lesa ein heil del biografi inn i dette, spesielt etter å ha høyrt radiodokumentaren, men det er slett ikkje naudsynt, for «galne» eller ikkje – han allmenngjer dei vanskelege kjenslene som ligg i dei fleste av oss (… gjer dei ikkje?). Det er ikkje eigentleg pessimistisk, men utforskande dikting, og som konsekvens utforskande lesing. Kvar gong eg har bestemt meg for å leggja ut eit dikt har eg tenkt at «dette er favoritten min», men eg trur faktisk kanskje at det er dette:

img_2105

Diktlesing kan vera ei vanskeleg øving, og det å seie noko om heile samlingar tykkjer eg er enno vanskelegare. Eg sit att med mange ulike inntrykk, og må fordøye (eg har faktisk «fordøya» i ei veke no medan eg har tenkt på kva i all verda eg kan sei!). Men når ein ikkje har noko klokt å tilføre dei vakre (brutale) dikta kan det vera like greitt å ti stilt. Så no skal eg gjera det.

Hauge les «Lodd» her:

Viss du er i beit for ei bok med blått omslag kan du lesa dei andre bokhyllelesarane sine val her. 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s