Husmorboka

5907558_3615942Eg har vel nevnt fleire gonger at eg er ganske fascinert over husmora. Dette var hardtarbeidande damer, både heime og ute, og det er fascinerande å sjå i dei gamle handskrivne notata frå husstell-timane. Ingenting var overlatt til detaljane, og ei husmor skulle ha oversikt over alt frå pleie til søm til matlaging. Det skulle vera økonomisk, stileg, hygienisk og umerkeleg. Imponerande, spesielt for dei som faktisk hadde jobbar utanfor heimen, og det var nok fleire av desse enn me trur. Mormor var ei av desse damene. Notata er fornuftige, nokon eksotiske, nokon ganske strenge, men dei aller fleste eit vitne på ein annan økonomi og eit anna perspektiv på mat. Ein kan jo spørja seg sjølv om kva som har vorte betre og kva som har vorte verre. Eg har ikkje eit spesielt nostalgisk eller romantisk forhold til husmora, men nysgjerrig, det er eg. Då eg såg denne boka i bokhandelen såg det ut som ei typisk gi-bort-bok, ei slik du blar i. Og det trur eg framleis stemmer, men det er eit artig innblikk i ei anna tid.

Eg har tjuvstarta litt på vårreingjeringa. Då får ein tid til å fundera litt over kvifor det heiter prisarbeid, og vera takksam for å berre rå over seg sjølv og skarve 42 m2. Det tek meg eit par-tre timar, ein triveleg podcast, litt “elbow grease”, og så kan eg ligge med føtene høgt og vera nøgd med meg sjølv medan eg prøver å gløyme det eg har sett i sluket i dusjen. For berre femti år sidan var dette eit heildagsarbeid, 24/7, 365 dagar i året. I innleiinga kan Iris Furre fortelje at den tida me brukte til ulønna arbeid i 2010 var verdt heile 645, 8 milliardar kroner. Me brukar sjølvsagt mindre tid på husarbeid enn bestemødrene våre,  menn meir enn bestefedrene sine, men det interessante er at me fordelar arbeidet annleis. Som Furre seier, far maler sørveggen (vedlikehaldsarbeid), mor tek oppvasken (husarbeid), og så legg dei barna saman etterpå (omsorgsarbeid). Likevel er det jo husarbeidet som tek mest tid.

Heidi Furre skriv litt om dei tekniske nyvinningane som frigjorde meir tid for husmødrene, men husmødrene kompenserte nok med dette med å stille sterkare krav til andre område i heimen. Eg var på eit antikvariat her om dagen og såg ei gamal skikk og bruk-bok som var så tung at eg ikkje gadd å ta henne ut frå hylla. I går hadde eg middagsbesøk. Det var greitt at eg ikkje las denne boka då, for før i tida var det strengare krav til gjestebod enn å sette bacalao-gryta på bordet (men eg hugsa serviettar):

img_2147

Og viss noko gjekk gale, då var det husmora sitt ansvar å dekka over slik at gjestene ikkje vart forlegne. Diagram av denne typen er det eg likar absolutt best i boka til Furu. Det finst mange slike instruksjonar, og det finst òg faksimiler av diplom frå brevkurs i til dømes plantestell (gjerne med litt større skrift då ein del av desse er uleselege). Det er underhaldande prov på dei krava husmødrene stilte til seg sjølv, men som sikkert var ein del av forventningspakka dei rundt hadde til dei.

Husmora si rolle vart verdsett og respektert, i så stor grad at ein kunne be om husmorvikar ved fødsel eller sjukdom. Det var ei statleg stadfesting av at dette var hardt arbeid, og nokre av anekdotene i boka kan tyda på at det gjekk litt sport i å gjera mest best. Ei husmor fortel om at mannen råda henne til å mosjonera. Føremiddagsturen fekk reaksjonar: “å, har du tid til det, du…”. Det var fokus på belastingsskadar og liknande, men det var absolutt tydeleg å at ein ikkje skulle plage far med problema sine, men kunne godt gjera ein innsats for å sjå fresh og fin ut når far kom heim frå arbeid… Sjølv om mor sin arbeidsdag starta lenge før han gjekk, og truleg ikkje var over når ho var ferdig med oppvasken heller. Furu siterer Hjemmet og vi: En bok om liv og arbeid frå 1955:

En mor med en nyfødt sønn må være forberedt på å vaske 4000 bleier og 2000 bleieholdere, gi ham bryst 800 ganger, mate ham 2000 ganger, spasere 750 km med barnevogn, re senga hans 4000 ganger, blåse på 180 sår og kuler, fordele 20 flasker jod på 600 rifter, forbinde 300 sår med 25 pakker heftplaster, si “lukk døra” 2000 ganger og “vask hendene” 1500 ganger. Jeg har hatt fem barn og stor hage, så kan De selv multiplisere.

Ein må jo berre verta imponert, og sjå litt på kor lite me kan sjølv. Eg hugsar sjølv då eg innsåg at ein måtte vaske vasken (den vaskar seg jo sjølv? Eller ikkje?), det å bu åleine er ei kontinuerlig reise i å oppdaga nye ting ein må gjera. Likevel kan det verta litt påtatt når forfattaren kontinuerleg koketterer over manglande husmorskills. Dei fleste av oss hadde vore frykteleg dårlege husmødre, men eg er meir interessert i boda til husmora enn rotet i boda til forfattaren. Forfattaren si stemme er tydeleg gjennom heile boka, noko som eigentleg ikkje gjer noko, men eg skulle ønske at ho var meir konsekvent her. Den raude tråden manglar litt. Dette er ikkje eit vitskapeleg arbeide, men anekdotisk -både personleg og historisk, sett saman til ei lett undrande rapportering som er både søt og sjarmerande.

2 thoughts on “Husmorboka

  1. Jeg leste et eller annet sted at denne opptrappinga av husmorsperfeksjon kom fra oven, men så blir minnet fuzzy var det etter ww2 US, for å tvinge fruene tilbake til hjemmet, eller var det noe skremselspropaganda, men ihvertfall, voila, 50s housewife – helt til lille Norge. Hadde jeg vært en mer etterettelig person skulle jeg googlet, men det slår meg nå at dette sannsynligvis ikke er spesielt viktig – for noen av oss -).

    Jeg tror det som imponerer meg mest over Husmora er dette med HVER DAG. Det er en ting å ta fram støvsugeren i skippertak, men de skulle holde det like pent hver eneste dag. Blir utslitt bare ved tanken. Har du lest Kristina Sandbergs trio forresten. Den om Maj. Tror første boka het Att føda et barn (svensk utgave), ligger på storytel, hvis du bruker/liker lyd (og svensk). Minnet meg om mormor hele veien, men gjorde meg både kraftløs og smått deprimert.

    Likar

    • Den har eg ikkje lese – det vert neste bok. Dette med å få kvinna tilbake til kjøkkenbenken etter å ha smaka på fridomen gir i alle fall meining! Og ja, husmorhender og vond rygg. Nivået av perfeksjonisme, og i bittesmå ettroms- og toromsleiligheitar (som gjerne romma ein familie ++) er utmattande å berre tenke på. Enn å gjera det. Full honnør til desse kvinnene, og hurra for at det er lov med ein hybelkanin eller fire under sofaen. Reingjering og matlaging er liksom ein ting, men alt som høyrte heimen til var husmora sitt domene. Ho skulle liksom vera eksperten på alt. Det er rart å tenke på at mykje av det huslege me gjer for artig var eit krav, både økonomisk og sosialt.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s