Husmorboka

5907558_3615942Eg har vel nevnt fleire gonger at eg er ganske fascinert over husmora. Dette var hardtarbeidande damer, både heime og ute, og det er fascinerande å sjå i dei gamle handskrivne notata frå husstell-timane. Ingenting var overlatt til detaljane, og ei husmor skulle ha oversikt over alt frå pleie til søm til matlaging. Det skulle vera økonomisk, stileg, hygienisk og umerkeleg. Imponerande, spesielt for dei som faktisk hadde jobbar utanfor heimen, og det var nok fleire av desse enn me trur. Mormor var ei av desse damene. Notata er fornuftige, nokon eksotiske, nokon ganske strenge, men dei aller fleste eit vitne på ein annan økonomi og eit anna perspektiv på mat. Ein kan jo spørja seg sjølv om kva som har vorte betre og kva som har vorte verre. Eg har ikkje eit spesielt nostalgisk eller romantisk forhold til husmora, men nysgjerrig, det er eg. Då eg såg denne boka i bokhandelen såg det ut som ei typisk gi-bort-bok, ei slik du blar i. Og det trur eg framleis stemmer, men det er eit artig innblikk i ei anna tid.

Eg har tjuvstarta litt på vårreingjeringa. Då får ein tid til å fundera litt over kvifor det heiter prisarbeid, og vera takksam for å berre rå over seg sjølv og skarve 42 m2. Det tek meg eit par-tre timar, ein triveleg podcast, litt «elbow grease», og så kan eg ligge med føtene høgt og vera nøgd med meg sjølv medan eg prøver å gløyme det eg har sett i sluket i dusjen. For berre femti år sidan var dette eit heildagsarbeid, 24/7, 365 dagar i året. I innleiinga kan Iris Furre fortelje at den tida me brukte til ulønna arbeid i 2010 var verdt heile 645, 8 milliardar kroner. Me brukar sjølvsagt mindre tid på husarbeid enn bestemødrene våre,  menn meir enn bestefedrene sine, men det interessante er at me fordelar arbeidet annleis. Som Furre seier, far maler sørveggen (vedlikehaldsarbeid), mor tek oppvasken (husarbeid), og så legg dei barna saman etterpå (omsorgsarbeid). Likevel er det jo husarbeidet som tek mest tid.

Heidi Furre skriv litt om dei tekniske nyvinningane som frigjorde meir tid for husmødrene, men husmødrene kompenserte nok med dette med å stille sterkare krav til andre område i heimen. Eg var på eit antikvariat her om dagen og såg ei gamal skikk og bruk-bok som var så tung at eg ikkje gadd å ta henne ut frå hylla. I går hadde eg middagsbesøk. Det var greitt at eg ikkje las denne boka då, for før i tida var det strengare krav til gjestebod enn å sette bacalao-gryta på bordet (men eg hugsa serviettar):

img_2147

Og viss noko gjekk gale, då var det husmora sitt ansvar å dekka over slik at gjestene ikkje vart forlegne. Diagram av denne typen er det eg likar absolutt best i boka til Furu. Det finst mange slike instruksjonar, og det finst òg faksimiler av diplom frå brevkurs i til dømes plantestell (gjerne med litt større skrift då ein del av desse er uleselege). Det er underhaldande prov på dei krava husmødrene stilte til seg sjølv, men som sikkert var ein del av forventningspakka dei rundt hadde til dei.

Husmora si rolle vart verdsett og respektert, i så stor grad at ein kunne be om husmorvikar ved fødsel eller sjukdom. Det var ei statleg stadfesting av at dette var hardt arbeid, og nokre av anekdotene i boka kan tyda på at det gjekk litt sport i å gjera mest best. Ei husmor fortel om at mannen råda henne til å mosjonera. Føremiddagsturen fekk reaksjonar: «å, har du tid til det, du…». Det var fokus på belastingsskadar og liknande, men det var absolutt tydeleg å at ein ikkje skulle plage far med problema sine, men kunne godt gjera ein innsats for å sjå fresh og fin ut når far kom heim frå arbeid… Sjølv om mor sin arbeidsdag starta lenge før han gjekk, og truleg ikkje var over når ho var ferdig med oppvasken heller. Furu siterer Hjemmet og vi: En bok om liv og arbeid frå 1955:

En mor med en nyfødt sønn må være forberedt på å vaske 4000 bleier og 2000 bleieholdere, gi ham bryst 800 ganger, mate ham 2000 ganger, spasere 750 km med barnevogn, re senga hans 4000 ganger, blåse på 180 sår og kuler, fordele 20 flasker jod på 600 rifter, forbinde 300 sår med 25 pakker heftplaster, si «lukk døra» 2000 ganger og «vask hendene» 1500 ganger. Jeg har hatt fem barn og stor hage, så kan De selv multiplisere.

Ein må jo berre verta imponert, og sjå litt på kor lite me kan sjølv. Eg hugsar sjølv då eg innsåg at ein måtte vaske vasken (den vaskar seg jo sjølv? Eller ikkje?), det å bu åleine er ei kontinuerlig reise i å oppdaga nye ting ein må gjera. Likevel kan det verta litt påtatt når forfattaren kontinuerleg koketterer over manglande husmorskills. Dei fleste av oss hadde vore frykteleg dårlege husmødre, men eg er meir interessert i boda til husmora enn rotet i boda til forfattaren. Forfattaren si stemme er tydeleg gjennom heile boka, noko som eigentleg ikkje gjer noko, men eg skulle ønske at ho var meir konsekvent her. Den raude tråden manglar litt. Dette er ikkje eit vitskapeleg arbeide, men anekdotisk -både personleg og historisk, sett saman til ei lett undrande rapportering som er både søt og sjarmerande.

Spør vinden

I bokhyllelesinga skulle me starte med å lesa ei bok med eit blått omslag, og eg har faktisk ikkje uleste bøker i hylla med blå omslag… Raudt, derimot. Og kvitt. Og gult. Men ikkje blått. Men eg juksar litt, for eg har nyleg fått ei lyrikksamling med ein heil del blått på seg. Eg er glad i Hauge, men har ikkje lese han systematisk. Det er umogleg å gå på norsk skule utan å lese om sagar, tunkattar, og vågar me ikkje veit um. Og det er vel og bra, i likskap med kanskje 80% av alle nordmenn har eg «Den draumen» som eit av mine yndlingsdikt (kun slått av Kaddish). Men med Hauge sin enorme produksjon er det litt synd at det kun er desse dikta som har vorte ein del av kulturfellesskapen vår. Spør vinden vart gitt ut i 1971. Då var Hauge 63 år gamal. Det var veldig, veldig vanskeleg å velja ut eit par dikt blant dei 75 i samlinga. Eg har forsøkt så godt eg kan, men sjølvbegrensningas kunst er ikkje blant mine (mange) talent.

Bevis på blå bok:

img_2103

Før me byrjar: Høyr på radiodokumentaren Lyrikk og lobotomi. Dokumentaren handlar litt om psykiateren Konrad Lunde, litt om ein av pasientane hans – Olav H. Hauge – og ein heil del om korleis opphalda på sjukehuset påvirka Hauge og diktinga hans. Eg har lenge gått og sikla på Hauge sine dagbøker på grunn av dei utdraga eg har lese der han skildrar einsemda i å vera psykisk sjuk. Og, for å vera ærleg, litt om kjærleiksforteljinga hans, for den er noko for seg sjølv.

img_2071

Eplegartnaren frå Hordaland ser på seg sjølv som handtverkar, ikkje kunstnar. Eg veit no ikkje om det å vera handtverkar er dårlegare enn å vera kunstnar, men han nølar med å setja seg sjølv høgt. I samlinga skriv han fleire gonger om eiga dikting som noko ein «gamal diktar» kan underhalde og more seg sjølv med. Viss desse «husa» berre hadde vore for han personleg hadde det vore ein sak, men Hauge skapar eit tidlaust rom som alle kan «krjupa inn» i og «kveikja ljos». Det betyr ikkje at det alltid er triveleg:

… Men det er noko allment over det det, til og med når han går langt utføre mine referanserammer (det er kanskje berre eg som ikkje har spesiell innsikt i kinesisk dikting frå 300-talet). Eg likar han eigentleg best når han skriv om konformitet (over og under):

img_2069

Hauge jobba hardt med å vera det han kalla normal. Å skriva normalt, å tenkje normalt, å arbeide med fornufta. Han tillet seg sjølv små sidesprang her og der, men han skriv kontrollert, og svært ofte handlar det om det å passe inn i noko. Eplegartnaren vart tidleg ramma av «sorgesjuke», og han strevde lenge med å handtera dette. Det er freistande å lesa ein heil del biografi inn i dette, spesielt etter å ha høyrt radiodokumentaren, men det er slett ikkje naudsynt, for «galne» eller ikkje – han allmenngjer dei vanskelege kjenslene som ligg i dei fleste av oss (… gjer dei ikkje?). Det er ikkje eigentleg pessimistisk, men utforskande dikting, og som konsekvens utforskande lesing. Kvar gong eg har bestemt meg for å leggja ut eit dikt har eg tenkt at «dette er favoritten min», men eg trur faktisk kanskje at det er dette:

img_2105

Diktlesing kan vera ei vanskeleg øving, og det å seie noko om heile samlingar tykkjer eg er enno vanskelegare. Eg sit att med mange ulike inntrykk, og må fordøye (eg har faktisk «fordøya» i ei veke no medan eg har tenkt på kva i all verda eg kan sei!). Men når ein ikkje har noko klokt å tilføre dei vakre (brutale) dikta kan det vera like greitt å ti stilt. Så no skal eg gjera det.

Hauge les «Lodd» her:

Viss du er i beit for ei bok med blått omslag kan du lesa dei andre bokhyllelesarane sine val her. 

 

Smakebit: Kon-Tiki og jeg

fullsizerender
Etter ei helg på sofaen fann nokon ut at eg trong litt meir åndeleg påfyll, og eg fekk denne boka slengt (varsamt lagt) i fanget. Og for ein skatt!

Sei Kon-Tiki, og dei fleste (eg) vil sei Thor Heyerdahl. Men han var sjølvsagt ikkje den einaste på bambusflåten. Erik Hesselberg var med som navigatør. På CV-en sto det både sjømann og kunstnar, og i 1949 fekk han gitt ut ei bok der han fortel om ferda si, med stort og smått. Kvardagsdramatikken står i sentrum, og eit par gonger er det godt å vite korleis det går, for fleire tragiske lagnadar vert skildra her:

Men på morgenvakten var det friskt og fint. En følelse av å begynne et nytt liv fyllte oss, – et sammen med havet. Da så vi to kakerlakker på stokkene og sympatiserte med dem. De var i samme situasjon som oss, men ufrivillig. Den ene kalte vi Per og den andre Lise. Per var uheldig stakkar og ramlet overbord nokså snart. Men Lise var med nesten til Polynesia før hun omkom på samme tragiske måte. Av medpassasjerer ellers foruten Papegøyen Lorita, hadde vi ca. 1000 maur på dekksplass, – de bodde i en tverrstokk under hodeputen min. Og noen tusen skjell satt på stokkene i kjelleren ved hjelp av en sugearm. De formerte sig kolossalt og trivdes utmerket. En fornøyelig gruppe passasjerer var endel pelagiskevkrabber på turistklassen. De satt ofte på fuglefjær som drev i sjøen, og når de fikk øye på «Kon-Tiki», jumpet de over til oss. En av krabbene kalte vi Johannes. Han bodde i et hull i en stokk akterut og lot sig mer enn gjerne fore med kjeksbiter. Tilslutt blev han så vant til å få mat utenfor stuedøren, at han ikke gadd å røre sig lenger. Han ble tykk og doven, men kom sig i land i Polynesia. Der døde han kanskje av sult.

img_2092
img_2093

Boka er full av dramatikk for både tobeinte, mangebeinte og dei uten bein i det heile. Heile reisa vert skildra med teikningar og ord, og det er ei varm bok. Ho vart gitt ut på ny i 2007 (diverre utseld frå forlaget), så det er nok ein del som kjenner til henne, men for meg var denne gamle boka heilt ny – og svært fornøyeleg.

Klikk deg inn på Flukten fra virkeligheten for fleire smakebitar. 

Lars er LOL

9788203262166Fjoråret innebar ein del lesing, og veldig lite blogging. Denne boka las eg i fjor haust, men rakk aldri å skriva om ho. Eg vart brått motivert til å blogga av at både denne og 60 damer du skulle ha møtt er jokerbøker på kortlista til Bokbloggerprisen 2017, så her kjem ein liten, veldig forsinka notis om ei flott barnebok. Handlinga finn stad på verdas mest ubarmhjartelege arena: barneskulen. Amanda har to grunnar til å gleda seg til skulestart: Ho skal snart treffa verdas søtaste gut igjen, og snart skal ho verta faddar for ein skjønn førsteklassing. Men Adam er slett ikkje forelska i henne, og det tek ikkje lang tid før læraren slepp denne velmeinte, men likefullt treffande, bomba:

«Derfor vil jeg at du skal være fadder for ham, i stedet for en av de mange førsteklassingene som også begynner her på skolen denne høsten. Jeg vil at Lars skal få muligheten til å være med og lære av en av de aller beste vi har, nemlig deg!»

Jeg blir stående og stirre ut i luften. Det verste er at Janne har overrakt denne nyheten som om det var en nydelig innpakket gave, og nå står hun der med et bredt smil over hele det runde ansiktet.

Altfor mange spørsmål surrer rundt oppe i pappen, men jeg klarer ikke helt å sortere dem fort nok til å stille ett eneste av dem høyt. Det er uansett håpløst, for akkurat idet jeg nesten har kommet på det første spørsmålet som synes viktigst å stille, avbryter Janne meg med å gjøre situasjonen enda verre:

«En annen ting du nok bør vite om Lars er at han har Downs syndrom.»

Også dette sier hun som om det er en staselig innpakket gave, og noe jeg virkelig burde glede meg over. Hun gikk nesten opp en tone på ordet Downs syndrom, hun liksom sang det. Jeg blir nesten like irritert over måten hun sa det på som over det hun sa.

Medan dei andre skal gå hand i hand med søte førsteklassingar og passe på at alle har nokon å leike med i friminutta skal Amanda altså passe på ein jamnaldrande klassekamerat med Downs syndrom. Popularitet er ei kostbar vare, og den kan fort bli dyrekjøpt for Amanda sin del:

«Det viktigste er faktisk at vi passer på at ingen mobber Lars.»
«Jo», svarer jeg, «selvfølgelig».
Og Kay nikker med. Selvfølgelig vil jeg ikke at han skal bli et mobbeoffer, men min største bekymring er allikevel at jeg selv skal bli det.

For kva gjer du eigentleg når du den sosiale statusen din berre er sånn midt på rangstigen? Amanda løyser dette praktisk og greit, med passe avstand til Lars på skulen og gode, nære besøk på fritida. Desse besøka er bokstaveleg talt magiske, Amanda og Lars finn kvarandre i ei trolldomsverd. Dei kryp rundt og ropar trylleformlar til kvarandre, og verda vert ekstra  god når Lars sin far er så varm og trygg. Livet leikar, men som me veit varar idyllar sjeldan, og bommen Amanda balanserer på er ustø.

Få ting i verda er meir brutale enn born med sosial intelligens og låg empati, og to slike finst sjølvsagt i denne boka òg. Du kjenner typen: verdsmeistarane med pene smil og kalde hjarte. Eg ser at fleire stillar spørsmålsteikn ved om det er truverdig med to så onde jenter som dette, og eg har absolutt ingen kvalar med å sei at jo, det er diverre det. Desse jentene har ein blogg der dei heng ut folk og fe, og Amanda står i faresona for å bli neste offer. Ho står føre eit dilemma der ho veit kva som er rett og kva som er gale, men det rette virkar heilt umogleg viss ho skal overleva sosialt. Jentene sit med bilete av Amanda i situasjonar som vil føra til den sikre sosiale døden, men Amanda har jo faktisk noko ho kan gi jentene. Lars. Som lesar får du lyst til å ropa til Amanda at det er feil, det er feil – men samstundes skjønar du inderleg godt kvifor ho handlar som ho gjer.

Du vert riven med i handlinga, du vert sjarmert og irritert og lei deg. Boka held heile tida på det lette, men samstundes er Amanda si røyst djupt alvorleg når dei verste tinga hender. Dette kan og vera ein veikskap: Eg stussar ofte ved språket. Boka er velskriven, men av og til vert Amanda sitt ordforråd alt for vaksent, og av og til vert det for tydeleg at det er ein forfattar som står bak den unge jenta sine ord. Likevel tykkjer eg at boka er overbevisande, og hovudkarakterane er fleirdimensjonale. Dette er ikkje ei bok om Downs syndrom. Lars er eit heilt menneske med gode og dårlege sider. Det er ikkje ei bok om nettmobbing, sjølv om det er ei klar ramme. Det er ei bok om å stå for dei vala du tek, og utan at eg skal sei så mykje om det er det tydeleg at Amanda må gå mange rundar med seg sjølv. Tenk tilbake til den første gongen du gjorde noko som du visste med heile deg var feil? Dette er Amanda sitt liv.

Desse har òg blogga om boka: Tine, Mari, Gro og Pervoluto.

60 kvinner du skulle ha møtt

img_2063
Favorittdiva.

I 1894 sa Gina Krog følgjande:

Mens mannens originalitet dyrkes – så tåles ikke kvinnens. Den tåles ikke av menn. Men jeg er redd for at den tåles enda mindre av kvinner.

Ser man at noe bryter litt med det man er vant til å anse som likevekt og harmoni, da kommer kritikken umiddelbart.

1894, 2017, mykje har endra seg til det betre, andre ting er nett slik dei var. Sitatet er lett å kjenne att: «Njeeee, feminist, det vil eg ikkje sei…». I forordet skriv Marta Breen og Jenny Jordahl at åtte av ti norske biografiar handlar om menn, at 87% av alle personar i svenske lærebøker er menn (og nordmenn er ikkje kjende for å vera meir progressive enn svenskane på dette emnet), og at i somme skulebøker kan me lesa om fleire nazistar enn kvinner. Me har alle dei sterke, beundringsverdige kvinnene i slekta. Dei som sto på og sikra seg og sine eit betre liv, nokre gonger mot alle odds. Alle kjenner til motstandsrøyrslekvinnene i bygda. Applaus til oss og dei for verdas største birolle.

60-damer-du-skulle-ha-moett_product_full60 damer du skulle ha møtt er ikkje eit feministisk kampskrift, men eit illustrert oppslagsverk over kvinner historien har gått forbi. For historieskrivinga gjer gjerne det, går forbi kvinner, funksjonshemma og andre minoritetar. Her får du sett eit større knippe (kor mykje er eigentleg eit knippe? Google gir ingen svar) gode, gamle kjerringer som har gått mot straumen og styrka stemmen vår på kvart sitt vis. Nokre var heilt ukjende for meg, andre (Undset, Collett, Skram) burde vera kjende for alle. Det er nok den første gruppa som gjer at eg finn boka spanande. Lite visste eg at Kvinnegruppa Ottar har henta namnet sitt frå ho som starta RFSU – og at denne Elise Ottesen Jensen attpåtil var jærbu! Det er artig å bli engasjert nok til at ein får ei kjensle av å ha kome over eit skikkeleg scoop når det kjem fra at Betzy Kjelsberg (den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg og initiativtakar til det som etter kvart vart Norsk kvinnesaksforening) er oldemor til ingen ringare enn finansminister Siv Jensen. Det er ikkje tvil om at Jensen har bein i nasen, og det er interessant å sjå kor dette kjem frå. Eg vonar at ho er stolt over oldemor si, og at partifellane kanskje sluttar å sei at kvinnekampen har gått ut på dato (me held på kvinneagen framleis, elles takk). Det var òg fantastisk å få læra litt om Katti Anker Møller som allereie ved århundreskiftet kjempa seksualopplysning, rettane til «uekte born» og avkriminalisering av abort.

Eg er glad for å sjå nokon av dei damane eg beundrar mest, som Hannah Ryggen, men eg saknar nokon. Kanskje ein kunne ha bytta ut dei mest kjende kvinnene til fordel for andre som ikkje er allmannseige? Eg kunne for eksempel likt å sett at Schønberg Erken fekk meir plass enn på tidslinja på slutten av boka. Eg er likevel ikkje spesielt fornærma over dette, det kan berre tyda på at me på trass av biografistatistikken i Noreg har meir enn nok sterke quinds å ta av.

Teksten er klar, tydeleg og kortfatta. Forfattarane lyg ikkje når dei seier at dei byr på kvinnehistorie for dei med dårleg tid, for kvar kvinne får via rundt to sider kvar med tydeleg og sparsommeleg tekst, akkompagnert av Jenny Jordahl sine karakteristiske stilistiske illustrasjonar. Eg ser på boka som ei samling med smakebitar av ulike kvinner ein ikkje berre har lyst til å møta, men til å læra meir om – og det er litt av ein godtepose.

Eg seier som Aasta Hansteen:

img_2057
Ny favorittfurie

Veit du om ei kvinne som burde ha vore med?

Desse har og skrive om boka: Ellikken, Mari

 

Smakebit: Glassklokken

ddd9cc7c8095a7956be2eae1179f8ea871ef331c72e95582eb560809Det var en underlig, lummer sommer, den sommeren de sendte ekteparet Rosenberg til den elektriske stol, og jeg visste ikke hva jeg gjorde i New York. Jeg er dum når det gjelder henrettelser. Tanken på å bli sendt til den elektriske stol gjør meg kvalm, og det var det eneste de skrev om i avisene – digre overskrifter stirret opp på meg på hvert eneste gatehjørne og ved hver eneste mugne, peanøttstinkende undergrunnsutgang. Det hadde ikke noe med meg å gjøre, men jeg klarte ikke å la være å lure på hvordan det ville være å bli brent levende langsetter alle nervene.

Sylvia Plath (1963). Glassklokken.

Trykk her for fleire smakebitar. 

Smakebit: Menneske og maktene

Forteebd9cdd398988968fe4760f8c84677311b66b96d496ed242349c87adljinga om Olav Duun og eg, den er kort. På sørvestkysten er det Garborg og Kielland som gjeld, og forteljingar om namdalske fiskevær (samt ei pågåande forvirring om korvidt ein les nynorsk eller dialekt) har kanskje ikkje fått den store plassen, korkje i norsktimane på Klepp U eller i interessa mi. Etter å ha foreteke den kulturelle reisa det er å bu og jobba i Trøndelag har eg vel fått eit noko sterkare forhold til dette namnet, men det er framleis eit slags norsktimeaktig sus over det. Eg fekk eit eksemplar som vart kassert frå eit ungdomsskulebibliotek på heimplassen. Eg meiner jo at skulebibliotek bør ha plass til klassikarar, men ved dette høvet var eg ikkje spesielt overraska over å sjå eit ubrukt utlånskort. Dette er ein slik forfattar som har ein tung og solid fanskare, ein heil del som får svetteperlar når dei ser eit omslag, og veldig lite av dei midt mellom. Me er midt i tjukkaste nyrealismen, ein periode som eg for lenge sidan avskreiv som deprimerande. Hovudprosjektet i den etiske realismen er jo å sjå på menneskeleg vondskap. Forfattarane visar ikkje berre til konsekvensane av vondskap, men undersøkjer korleis vondskapen har kome til verda, både på eit strukturelt og individuelt nivå (dagens norsktime der, då). Det er umogleg å ikkje verta teken med inn når Helmer skal heim og fortelja Gisken at han har vore utru mot henne. Han møter bedehusfolka, han må stå til rette for det han har gjort:

Dei skildes med det. Helmer stod att og var ingen Helmer meir, ikkje dusta av han. Fjellranda stod svart og meiningslaus mot ein utsløkt kveldshimmel; det minte han om eit vanskapt sagblad. Og ei synd er ein manggreina ulykke, synda vi preker om er berre ein poesi. Syndaren burde krype på buken og eta rask, nei han burde gar-fara og be kvar ein fåne om tilgiving, for alle har han synda mot, han burde –– han burde for resten ingen verdens ting, det er for seint, menneske! Synda får du angre, om du er slik at du kan det, men skaden er skjedd, det samme seier vindsusen oppi lia, skydrage over deg, du får ta og gå heim. Greier du gå til Gisken du, da gi deg i veg! Du gjer ein gjerning med det, om han er aldri så tåpelig.

«Synda får du angre, om du er slik at du kan det». Boka er Duun si siste, og vert av mange omtala som meisterstykket hans. Eg ser kvifor. Ein har jo ei viss kjensle av at alt går til helvete til slutt (og i byrjinga OG undervegs), men SPRÅKET! Dette er ikkje ei bok som høver til alle situasjonar, men eg trur at dette er ei bok du ikkje gløymer så fort. Har du eit forhold til Duun? Og i tilfelle – kva for ein leir høyrer du til?

Du finn fleire smakebitar her. 

Lesing i 2016

Hei bloggen,

2016 har vorte gamalt, og etter å ha sett litt nøye etter i spegelen etter grå hår må eg vel berre sei at det gjeld meg òg. 2016 har stort sett vore eit godt år for meg personleg, men eit turbulent år på andre måtar. Eg trong lette, rosa bøker og litt fred. Eg har lese ein del (eg har ikkje vore så flink til å halda oversikt, men eg trur faktisk at eg landa på 38 bøker i 2016), men er kanskje ikkje så imponert over utvalet som heilskap. Litt av det handlar og om at det meste av lesinga har vore over oppvaskbenken (takk til den som fann opp lydbøker).

Eg og du har hatt ein liten pause, sjølv om me aldri tok Praten. Det er heilt tilfeldig, og det er eigentleg korkje meg eller deg. Dagane har berre gått akkurat litt for fort. Det hjelp sikkert å skru av tv-en og sletta mobilspela (hekta på Escape Room-spel), men altså. Det er ganske godt, det òg. Det eg har hatt overskot til å lesa har vore kjekke, artige og underhaldande bøker – med nokre unnatak (du treng ikkje bruka tid på Kristina Ohlsson sine bøker). Viss du har lyst til å lesa god ungdomslitteratur av typen «held deg vaken om natta» må du sjekka ut Når alt blir mørkt av Sigbjørn Mostue. Viss du er ute etter ei god barnebok kjem det ut eit innlegg om Lars er LOL, men viss du berre vil sjå kva eg likar aller best kan du lesa Vildanden (Henrik Ibsen) eller Adresse ukjent (Kressmann Taylor). Sjølv om dei med grå hår er for gamle til å ha guilty pleasures er det litt flaut å sei at eg har lese Jojo Moyes og likt det veldig, veldig godt. Eg har eigentleg bestemt meg for å ikkje bruka tid på bøker som vert fronta av rosabloggarar. Det er ikkje åndssnobberi (har du SETT på lista mi? DET kan ingen sei om meg!), men eg reagerer litt på marknadsføringa, så då er det kanskje litt snobbete likevel. Det er uansett godt med dei bøkene som du berre lever deg ukritisk inn i. Det vert plass til nokon av desse i 2017 óg, men litt meir variasjon i kosten er nok sunt. Så i 2017 vil eg halde fram med målet om 35 bøker. Etter to år har eg funne ut at det er eit tal som passar godt til kvardagen min. Dei rosa og lette bøkene har sin plass, men eg vil dessutan:

… Lesa fleire norske klassikarar. Eg les meg veldig, veldig sakte gjennom Menneske og maktene, men etisk realisme krever si kvinne. Av måneskinn gror det ingenting står òg i hylla og ventar.
… Apropos hylla: Viss det vert ein runde til av bokhyllelesing skal eg vera med denne gongen.
… Færre typiske romanar, meir drama, lyrikk og grafiske romanar.

Men me får sjå. Når det gjeld lesing er det eigentleg berre ein ting som skal stå i sentrum: Leselyst. Det var grunnen til at bloggen vart fødd, det er grunnen til at han skal leva vidare. Om enn litt neglisjert og feilernært.

Bøker og skrapelodd

Eit sjarmerande personlegdomstrekk: Eg er glad i å gi vekk gåver, og eg er glad i å koma på gåveidéar. Av og til er eg til og med ganske god på dette.

Eit usjarmerande personlegdomstrekk: Eg gir aldri vekk Flaxlodd. For å vera heilt ærleg: Eg unnar ingen å vinna millionen like mykje som eg unnar meg sjølv det. Eg gler meg med andre, men hadde kanskje gledd meg litt mindre viss loddet kunne ha vore mitt. Eg har forsona meg med dette, sjølv om det er overraskande vanskeleg å sjå det i skrift. Eg gir som sagt ikkje vekk Flaxlodd, men trur eg er eit ok menneske likevel. Dette treng eg tilbakemelding på. Altså ikkje om kvaliteten på meg som menneske, men om dette er eit gjenomsnittleg forhold til å gi vekk bøker. Eg har nemleg diverre oppdaga eit nytt, mindre sympatisk trekk med meg sjølv.

Eg skulle i bursdag i går, og bursdagsbarnet er ein leseglad mann (no 31) som toler ei utfordring. Det å velga ut bøker til ein person er seriøse greier. Det vert basert på så mange meiningar om kven mottakaren er som person at det nesten grensar til intimt. Det går andre vegen og: Det er ein grunn til at folk stort sett går til bokhyllene i nye leiligheitar. Det er avslørande. «Dette traff noko i meg, og eg trur det vil treffa noko i deg òg». Uansett, eg hadde peila meg ut ei fin gavebok: Interessant, låg sjanse for at mottakaren har lese boka, lett og nøytral i språket, ein tematikk som slår deg (meg) i bakken. Perfekt. Den næraste bokhandelen min er meir ok enn fantastisk, og ein stor veikskap er at dei ikkje konsulterer meg når dei kjøper inn bøker. Det er altså ikkje ei utviding av mitt personlege bibliotek. Dei hadde ikkje boka, og eg måtte sjå meg om etter noko anna. Og her vart eg konfrontert med meg sjølv.

9788203360220.pngI lyrikksamlinga (mellom «100 dikt om kjærlighet», «vennskap», «til bestemor» og så vidare…) fann eg Alt brenner, den nyaste til Helge Torvund. Denne har eg ikkje lese sjølv. Eg er veldig glad i jærdiktarane, og sjølv om eg tidlegare har grave meg ned i heimlengt ført i pennen av Tor Obrestad er det ikkje på grunn av patriotisme. Det er det store i kvardagen som kjem fram. For dei av dykk som er så heldige at de har abonnement på Jærbladet (hehe) kan de lesa eit par prøvar her. Det er jo interessant å sjå om mann (30) – det vil seie mann (no 31) – set pris på linjer som Eg er bare lyden av regnet ei stund/ Så er eg ved kaffikverna i det gamle Handelslaget. Det gjer eg. Eg har faktisk ikkje Torvund i bokhylla (det er nok ikkje plass til heile Helge, men eg kunne nok ha dytta inn ei diktsamling eller fem). I utgangspunktet er det jo veldig flott å gje vekk noko ein har lyst på sjølv, men det vert problematisk når eg faktisk har veldig lyst på det sjølv!

I lyrikkhyllene i vanlege bokhandlar er det stort sett berre plikteksemplar, i alle fall av samlingar utanom sjangaren «verdens beste mamma». Slik var det og med denne. Ein ting er å gje vekk bøker du allereie eig sjølv, noko heilt anna er å gi vekk uutforska mark. Det hender sjølvsagt at eg gjer det, men det er som å gi vekk eit Flaxlodd. Draumen om ein million.

Akkurat denne millionen går det an å få tak i på biblioteket, så eg tok sjansen. Eg var eit litt betre menneske enn det eg ofte er. Men eg treng å høyre fleire meiningar:

Korleis ser du på det å gi andre bøker? Er det betre å få enn å gi? 

(Berre så det er sagt: Viss du får bøker du ikkje er interessert i er det lov å sjå på det som eit gåvekort, sjølv om gåva kjem frå ein over snittet sentimental og egoistisk nerd).