Adresse ukjent

Jeg sier det som det er, Max, jeg tror på mange måter at Hiter er bra for Tyskland, men sikker er jeg ikke.

97882033720701Adresse ukjent er ein brevroman. Den vart publisert for første gong i USA i 1938, og vart fort populær. Ho hamna fort på nazistane si liste over forbodne bøker, og vart gløymt på den europeiske marknaden. Romanen vart gitt ut på ny på 50-årsmarkeringa for frigjeringa av konsentrasjonsleirane. Om ho ikkje har fått kultstatus fram til no kan det godt vera at Aschehoug si innlemming av boka i Sidespor-serien kan festa den statusen. Det er ein gripande kritikk av korleis ideologiar gjer vener til fiendar, og vil slik diverre aldri verta uaktuell.

Me byrjar i 1932, der den jødiske gallerieigaren Max sender ei varm helsing til partnaren Martin, som har flytta tilbake til Tyskland. Tonen i breva som kryssar Atlanteren er varm, meir broderleg enn venskapeleg. Dei vekslar fram og tilbake om ungeflokken til Martin, galleriverksemda til Max,  Martin sine historiar om det storslagne livet i eit Tyskland som endeleg held på å reisa seg etter undertrykkinga som fulgte andre verdskrig og Max si aukande uro over ryktene han har høyrt om handsaminga av jødar i Europa. Boka er strippa for verkemiddel, og den stadig skiftande tonen i breva mellom venene vert difor tyngre for lesaren:

(…) Det er umulig for meg å brevveksle med en jøde, og det ville forholdt seg likedan om jeg ikke hadde en offentlig stilling å ta hensyn til. Om korrespondanse skulle bli påkrevet, må du legge den ved bankremissene og ikke stile brev hjem til meg.

Når det gjelder de krasse tiltakene som bekymrer deg slik, likte heller ikke jeg dem til å begynne med, men jeg har etter hvert innsett deres smertelige nødvendighet. Den jødiske rase er et ømt punkt for enhver nasjon som huser den. Jeg har aldri hatet den individuelle jøde – deg har jeg alltid satt pris på som venn, men du vet at jeg er ærlig når jeg sier at jeg har vært glad i deg, ikke på grunn av rasen du tilhører, men på tross av den.

Du trur at du har kjøpt ei lettvint, lita bok. På overflata er det nok sant. Boka er så kort at Aschehoug berre har trykka teksten på enkle sider. Språket er rett fram. Men eg vart ikkje ferdig med boka sjølv om eg rakk å lesa ho ferdig mellom innsjekk og take-off. Utviklinga i relasjonen mellom desse to, på kvar si side av atlanteren og kvar si politiske side, vart for tøff. Forfattaren er heilt fråverande i boka, og det einaste ein kan halde seg til er karakterane sine eigne ord. Brørne vert fiendar, og boka har diverre ikkje gått ut på dato.

Tilrår denne boka på det sterkaste!

Magnus Chase and the Sword of Summer

Myths are simply stories about truths we’ve forgotten.

The_Sword_of_SummerI samband med skulen brukte eg alt for mykje tid på Den forsvunne helten (den første boka i Heros of Olympus-serien), som kort fortalt er eit kulturkræsj mellom romersk og gresk mytologi. Dette var ei av bøkene eg ikkje haldt på å spy av etter eit års tid. Dette er ikkje ei bok for 30 år gamle damer, men han lagar gode univers. Felles for dei bøkene eg har lese av han er at han baserer forteljingane på at gudar har born på jorda. Born som ikkje veit kven dei er eller kven foreldra er, men som på eit eller anna vis ikkje passar heilt inn. På ulike vis finn dei ut kven dei eigentleg er, og legg ut på episke oppdrag. For Magnus Chase er kvardagen tøff:

 

My day started out normal enough. I was sleeping on the sidewalk under a bridge in the Public Garden when a guy kicked me awake and said, “They’re after you.”
By the way, I’ve been homeless for the past two years.
Some of you may think Aw, how sad. Others may think, Ha, ha, loser! But, if you saw me on the street, ninety-nine percent of you would walk right past like I’m invisible. You’d pray, Don’t let him ask me for money. You’d wonder if I’m older than I look, because surely a teenager wouldn’t be wrapped in a stinky old sleeping bag, stuck outside in the middle of a Boston winter. Somebody should help that poor boy!
      Then you’d keep walking.

Han er heimlaus og foreldrelaus. Dei einaste venene han har er ein tvilsom duo: ein kortvaksen, hissig mann (med fabelaktig klesstil) og den døve kompanjongen. Livet hans tek ein brå tørn når han vert drepen i første kapittel – med den klingande tittelen “Good Mornign! You’re Going to Die”. Han vert teken med til Valhall av ein valkyrie, og det visar seg at mistanken hans stemmer: Det heile er ein stor feil. Kravet for å koma til Valhall er at ein må døy på helteaktig vis under strid, og sjølv om han døydde under strid var handlingane ikkje helteaktige. Surt. Han får likevel eit oppdrag, og viss han klarar dette får han kanskje behalde plassen i Valhall – og forhindra Ragnarok.

Forteljinga er tett knytt til norrøn mytologi. Eg var litt spent på korleis dette kom til å gå. Eg er ikkje nokon ekspert på dette, men eg har ei greie for norrøn dikting (det treng du ikkje å fortelja vidare), og eitt og anna har ein jo plukka med seg på vegen. Eg er typen som vert litt furten over faktafeil i Frost. Dette hefta meg ikkje noko særleg med dei bøkene som er tufta på anna mytologi, men eg var litt redd for at dette skulle øydeleggja litt for opplevinga. Det gjorde det ikkje. Riordan flettar inn mytologien på ein saumlaus og underhaldande måte, og levandegjer gudane på levande og humoristisk vis. Dette er ikkje akkurat ei lærebok i norrøn mytologi, og handlinga er amerikansk og vridd som berre det, men resultatet er underhaldande og veldig Riordansk.

Her kjem dei moraliserande avsnitta: Noko eg tykkjer at Riordan er flink på er inkludering. Personane er varierte, og det er ikkje uvanleg at dei er handicappa eller ikkje-kvite. Eg skal ikkje bruka for mykje tid på dette, då det vert både overpedagogisk og litt overberande, men i litteraturen er stort fråvêr av karakterer som ikkje er kvite, kjønnsnormative og frie for ulike funksjonsnedsetjingar. Viss dei finst er det liksom det bøkene handlar om. Normalisering av minoritetar er difor fråverande. Slik er det ikkje hjå Riordan.

Eg har lese den første boka i Percy-Jackson serien, i Heros of Olympus-serien, og no òg i Magnus Chase-serien. Heltane i dei to første har dysleksi. Riordan skreiv inn dette slik at den dyslektiske sonen skulle ha litterære karakterar å kjenna seg att i. Han forklarte dette med at mange halvgudar er dyslektiske då hjernen er stilt inn på greske eller romerske bokstavar, og det engelske alfabetet er difor ikkje like tilgjengeleg for dei. Magnus Chase er foreldrelaus og heimlaus. Han har ein døv bestevenn. Han tematiserer ikkje at Leo i DFH er latino, eller at Piper har amerikansk-indiansk opphav. Han tematiserer heller ikkje i særleg grad at valkyrien Samira i Sword of Summer er muslim, utanom at hijaben har magiske eigenskapar (!). Slik kan det og gå. Når det kjem til kjønnsroller er dette mindre uttrykt i DFH enn i dei andre bøkene, men det kan ha samband med at kjønnsrollene i norrøn tid var noko annleis frå det me ser i gresk og romersk mytologi. I dei polyteistiske religionane er gudane ofte feilbarlege og svært menneskelege. Dei norrøne gudane er svært “typete”, og hjå Riordan vert dei fleirfasetterte. Heltefokuset i SoS er interessant då ingen trur eller vil at Magnus Chase skal vera ein helt. I den norrøne verda er lagnaden allereie bestemt, spørsmålet er ikkje viss, men når. Loke seier:

The thing about fate, Magnus: even if we can’t change the big picture, out choices can alter the details, That’s how we rebel against destiny, how we make our mark. what will you choose to do?’

Er det noko von for denne verda? Saman med Samira, dvergen Blitz og alven Hearth tek han lagnaden i eigne hender, så godt han kan. Ingen er spesielt begeistra for dette. Slik ser dødsgudinna Hel på helteskapen:

      She turned towards the monument so only her mortal side was visible. ‘Sad and meaningless. Another hopeless battle, like the one you’re about to engage in…’
Granted, my American history was a little rusty, but I was pretty sur ethey didn’t build monuments at the site of sad and meaningless events.
‘Wasn’t Bunker Hill a victory? Americans holding off the British at the top of the hill? Don’t fire until you see…’
She fixed me with her milky zombie gaze, and I couldn’t make myself say the whites of their eyes.
‘For every hero, a thousand cowards,’ said Hel. ‘For every brave death, a thousand senseless ones. For every einherji… a thousand souls who enter my realm.

Magnus Chase and the Sword of Summer er full av humor og lettvint spenning. Til tider vert det litt for action-pakka for ei gamal dame, men boka er ikkje skriven for slike, og godt er det. Me har nok av andre bøker å velja mellom. Ungdomane har ikkje det.

 

The Selection & The Elite

Stormannsgal(en)skap (eller megalomani) er ein tidlegare psykiatrisk diagnose.

I overført tyding er det eit omgrep med nedsetjande bruksvalør som mellom anna blir bruka om prosjekt som er overdimensjonerte i høve til behov og rimeleg ressursbruk. Prosjekt som gjerne blir rekna som døme på stormannsgalskap inkluderer den litt større utgåva av PeterskyrkjaElfenbeinskysten, Kheops pyramidar og byen Brasilia.

Frå Wikipedia.

Eit anna døme på eit slikt prosjekt er soverommet mitt. Ikkje berre ein kvit kjip boks utan oppbevaring, men ein kvit kjip boks utan oppbevaring men med eit utal gipspluggar og hol i veggen. Ein generell tendens i livet mitt er at ambisjonsnivået er høgare enn evnene, og eg tenkte “Pyttsann! Det er jo berre litt måling!”. Feil. “Berre litt maling” vart til tre dagar med heilsparkling, komplett kaos heime, og eg har framleis ikkje fått måla. Har vore farleg nær å dra til fleire butikkmedarbeidarar på Jernia (ein av dei ved to ulike høve), og hadde trong i det heile tatt litt zen i livet (i mangel av feng shui). Colaboksar i rikeleg volum og lett lydbok var høgst nødvendig. Eg gjekk for dei to fyrste bøkene i The Selection. Bok 1 (The Selection) varer i 8 timar og 7 minutt, og bok 2 (The Elite) varer i 7 timar og 42 minutt. Viss du lurte – dette er nøyaktig den tida det tek å heilsparkle og pusse ned eit lite soverom to gongar (ikkje inkludert ventetid). Ein skal visst heilsparkle i tre lag, men etter eit siste raserianfall vart det litt flekksparkling, og så sa eg meg nøgd med det. På ein måte. Eg trur ikkje eg vil snakka meir om det.

Krav til lydbok: Må vera lett å høyre på. Må vera lett å følgje med på. Lyttaren må kunne mista fokus/konsentrasjon/sjølvkontroll i eit par minutt. Har høyrt om The Selection-serien, men eigentleg ikkje vore noko særleg interessert i det før no. Eg såg for meg ei slags kryssing av Ungkaren og The Hunger Games – sign me up!

61gtEVRmRkL._SL300_Det er heller ikkje så langt unna sanninga. America veks opp i Illéa, ein ny sameining av statar som vart danna etter den fjerde verdskrigen. Illéa er eit kongerike, og når prinsen vert gifteklar skal han få seg ei kvinne frå folket. Alle kvinner i høveleg alder vert påmelde,  og ei stor gruppe kvinner skal konkurrere for å få prinsen. Nett kva denne konkurransen går ut på er noko uklar, då det heile ser ut til å vera ein slags prinsesseskule. Det er likevel blodig alvor. Illéa er basert på eit kastesystem. Alle moglegheitane dine er tinga av kva kaste du vert fødd inn i, eller vert gift inn i – og kva er vel betre enn å gifta seg med ein prins?

Overraskande nok er ikkje folket særleg nøgd med kastesystemet, og sjølv om kongen vert framstilt som rettsam (alt etter korleis ein ser på det), er tanken på at nokon vert fødde inn i absolutt rikdom, medan andre er kastelause, noko kontroversiell. Opphaldet på slottet er prega av åtak frå rebellane. Det ser ikkje ut til at America er klar over kva rebellane eigentleg sloss for, og det er ikkje eg heller – men det kan godt henda at eg var oppteken med å utvida ordforrådet mitt på akkurat då opplesaren forklarte akkurat det. I tillegg kjem det fram interessant informasjon om danninga av Illéa, og særskilt den fyrste kongen. Denne delen av historien er ganske spanande, og det er fint å følgja med tankane til America.

61tEjX0WktL._SL300_America er akkurat slik kvinnelege karakterar i slike bøker pleier å vera: Ein outsider, ein som plutseleg får til oppgåvene, ein uslipen diamant. Forutsigbar, men likandes. Ho er ikkje særskilt interessert i konkurransen, men ho gjer det som vert venta. Og – kven skulle trudd – America sitt temperement, rettferdssans og humor er jaggu det som skal til! Prins Maxon liker America, men America held tilbake – kva med kjærleiken heime? Eg er ikkje så glad i trekantdrama, men å skriva ein slik serie utan eit trekantdrama ville ha vore eit grovt sjangerovertramp. Dette er altså ikkje ein serie med dei store overraskingane. Eg gler meg likevel til å finna ut meir om desse rebellane, og ikkje minst om kva kongeriket eigentleg er tufta på. Det er altså interessant nok til at bok 3 (The One) får vera med på det store måleeventyret (fulgt av det store IKEA-garderobe-monteringseventyret og ryddeeventyret). Slik får ein altså avspaseringsdagane til å gå.

Scarlett Epstein Hates It Here

Melville, New Jersey, is the perfect place to have a pretty mediocre life for, like, seventy years and then die.

Scarlett-Epstein-Hate-It-Here-Final-Cover-678x1024Møt Scarlett. Sosialt utskot med nøyaktig to vener: jamgamle Avery og søtti år gamle Ruth. Det vil seie, to vener i røynda. Internett er ei anna sak.

Saman med eit assortert utval likesinna skriv Scarlett fan fiction. Dei skriv om eit nerdete TV-program om ein skule der halve elevmassen er varulvar. Paralellen til Fangirl stoppar der. Denne boka er skarpare. Scarlett sitt liv bryt midlertidig saman når Lycanthrope brått og uventa tek slutt. Ho byrjar å via livet rundt seg nærmare merksemd, og finn ut at dei karakterane som gjer livet hennar mindre enn tilfredsstillande i grunnen passar vel så godt i ei anna ramme. Her kan ho avsløra folk for den dei verkeleg er. Å vera eit utskot har ein klar fordel: Ho har rikeleg med både materiale og hemnlyst. Når den småtjukke og nerdete eks-vennen Gideon plutseleg tek eit steg frå the dork side til the dark side og blir – gisp – populær – då er det berre å setja seg godt til rette:

xLoupGaroux: Scar, I’m serious. Please brush up on the definition of MARY SUE on the “About Us/Rules” page and do a close read. I don’t want to establish a pattern of lenience with this.
Scarface: dude… Do you really think she’s a Mary Sue?
xLoupGaroux: She’s just too perfect. I want to see her be a real person. Not some idealistic fake paragon of virtue that is cleary a stand-in to make up for your terror of potentially having fun at a party.
Scarface: WTF?
xLoupGaroux: Whole lot easier staying in and writing yourself brave instead of going out and BEING brave, is all I’m saying.

Karakteren vert fort gjennomskoda som ein Mary Sue, men Scarlett har fått blod på tann. Forsøka på å vera kald og kalkulerande går likevel ikkje alltid som ynskja:

This it the part where I am supposed to be a sparkling, vindictive angel of revenge whose cutting remarks make him feel like shit.
“I like your shoes,” I blurt.

Scarlett er intelligent, skarp og vittig. Ho er for det meste usympatisk i måten ho møter verda på, men ho er ein karakter ein får ei umiddelbar medkjensle og forståing med. Ho studerer skarpsynt omverda (I realize there are an equal amount of men and women in this room, but only the men are talking and the women are listening), og har allereie klart å bli skulda for å vera ein feministisk karakter. Eg er ikkje heilt sikker på om eg tykkjer at det stemmer, men ho er uansett ærleg og artig. Alle har (eller burde ha) ein Scarlett i seg. Ho er dessutan barnsleg og usympatisk, og dei fleste av oss har vel litt av det òg.

Det er mykje å seia om boka. Ein ting er at ho er for kort. 288 sider er for lite for alle dei plotta Breslaw har putta inn i romanen, men dei plotta forfattaren vier tid til, dei er gode. Ho har laga mange sterke karakterar, og naboen – hasjrøykande, brutale Ruth – er ein av desse. I eit noko usannsynleg samansurium av forteljingar og komplikasjonar er forteljinga truverdig og lett å kjenna att. Alt i alt er dette svært kjekk lesnad – om en litt for rask.

Trykk her for Scarlett Epstein i smakebit-form. 

Bok 1: Get Even (Don’t Get Mad)

20483075DGM (Don’t Get Mad) er ei gruppe tenåringsvigilantar som tilsynelatande berre har to ting til felles: manglande tillit til kvarandre, og eit overdimensjonert hevnmotiv. DGM vart forma for eit år sidan, som ein reaksjon mot mobbing på den katolske privatskulen. Mobbarane vert hengt ut på ein måte som svarar til handlingane. Nærare bestemt: videoar av audmjukande hendingar, avsløringar av juks, kort sagt: DGM publiserer ting som øydelegg sosial status, utan omsyn til kva det inneberer for personen som vert hengt ut. Dette er sjølvsagt tilfredsstillande for ein sjølvrettferdig lesar (hei), men etter kvart får ein ei kjensle av at dei får meir enn fortent.

Margot (nerd, fengsla av eit strengt studieregime for foreldre som ikkje vil meir for dotter si enn eit saftig Ivy League-stipend), Kitty (driftig volleyballkaptein), Olivia (med ein god fot innafor den populære krinsen, og ein ustabil heimesituasjon på kjøpet) og Bree (opprøraren i den prestisjefylte familien, med ei trong til maktdemonstrasjonar som vil vekke faren si merksemd – og kanskje kjærleik) dannar eit “motley crew”.

Når boka byrjer har dei allereie forma hemnaksjonsgruppa – hemmelege teikn og løfte(I *sett in namn* do solemnly swear that no secrets shall leave this square) inkludert. Det vert vist til tidlegare, tydingsfulle hemnaksjonar. Alle veit kva DGM er, men ingen veit kven dei er. Rektoren og gymlæraren dreg i gang ei heksejakt (i staden for å la politiet arbeide i fred, men i all rettferd: ei serie av tenåringsdrap vert undersøkt av ein person, ein person åleine, og han er djupt uinteressert):

“One year of free tuition,” Coach Creed said. “To whoever can force our suspect to confess to his involvement with DGM.”

Innsatsen vert brått høgare og farlegare: Tidlegare (og noverande) ofre byrjar å døy. Felles for dei alle er at det vert lagt att eit visittkort. Det einaste teiknet på korta er gruppa sine initial.

Det mest slåande med denne boka er forhistorien. Forfattaren har allereie  lagt mange viktige og retningsgivande handlingar bak seg – utan at lesaren får meir informasjon om desse enn at dei har hendt. Det vert litt vel praktisk for forfattaren, og litt vel forvirrande for lesaren – gjennom heile serien gjekk eg rundt og trudde at eg hadde gått glipp av ei fyrste bok. Det er heller absolutt ingen grunn til at serien skal vera ein serie. Den fyrste boka stoggar midt i handlinga, men ikkje naudsynt i eit crescendo. Det ser ut til at forlaget har opna det originale manuskriptet på midten og funne ut at det var ein fin plass å dele for å få to publikasjonar i staden for ein. Cash is king.

Når det er sagt: boka er veldig spanande. Sjølv om det er mykje det er vanskeleg å svelje, og ikkje minst mange val det er vanskeleg å få nokon sympati for, er det vanskeleg å ikkje bli engasjert av dei små spora. Men heilt seriøst: om forlaget såg det verdt å dele boka i to, kunne dei like greitt fått forfattaren til å skrive ei fyrste bok. Forteljaren har for mykje informasjon som lesaren ikkje har, og ein sitt heile tida med ei kjensle av å bli ekskludert.

Gretchen McNeil (2014). Get Even (Don’t Get Mad 1). 320 s.

Bok 42: Don’t You Wish

12924188Omslaget seier sitt. Det flotte med e-lesar er at ein kan skjule guilty pleasures frå omverda… Med mindre ein har ein bokblogg med sjølvpålagt tvang til å syne fram bokomslaga. Eg visste eigentleg kva eg gjekk til. Resonnementet bak bokvalet er nøyaktig det same som ved det førre: eg trong nokre tomme kaloriar. Og det fekk eg.

Annie Nutter er totalt ordinær. Ho er ikkje pen, ho er i alle fall ikkje rik, og ho har verdas verste lillebror. Faren er oppfinnar, men vilja er høgare enn gjennomføringsevna. Som eit resultat er huset fullt av “Nutter Clutter” (eufemisme for ekstrem samling), kronene for få, og frustrasjonen høg. Ein dag byrjer mora å grine av eit interiørmagasin. Ho ser huset til Jim Morrisson, ein mann ho kunne ha gifta seg med. Det er fantastisk. Han ser fantastisk ut. Han er framleis singel. Og Annie klarar ikkje å dy seg for å tenke litt på korleis livet hennar hadde sett ut om ting hadde vore litt annleis.

Ho vert flytta til eit parallellt univers, eit univers der mora ikkje hadde gifta seg med den litt tafatte oppfinnaren, men ein rik plastisk kirurg. Ayla, som ho heiter her, ser fantastisk ut. Ho har alt. Ho er dronninga. Livet er fabelaktig. Som i at det er for godt til å vera sant. Ho nyttar seg fullt av moglegheitane den nyvunne populariteten gir henne, for draumen er sikkert snart over uansett. Men som mora seier, om Annie ikkje hadde vore Mel Nutter si dotter, hadde ho ikkje vore seg sjølv.

“I want to go home.”
“You sound like Dorothy in Oz.”
I manage a smile, and unfamiliar weight settling on my chest.  “Yeah, sometimes I know precisely how she felt.”

Dette er ei av dei minst interessante bøkene eg las i 2015 (og den lista kjem nok ikkje til å slå nokon i bakken). Eg er glad i heile kva-om-tropen, men med unntak av det romantiske innslaget sleit eg med å få nokon medkjensle med hovudkarakteren før heilt på slutten. Eg har lese ei bok av Roxanne St. Claire tidlegare, og den likte eg kjempegodt (så godt at eg las ho fleire gonger!). Det kjem eg ikkje til å gjera igjen med denne. Ikkje fordi den var så frykteleg dårleg, men boka mangla intelligensen og finessane som gjorde They All Fall Down verdt det. Men morosam, det var ho.

Roxanne St. Claire (2013). The All Fall Down. 368 s.

Dette var den siste boka eg las i 2015, så no skal eg nullstille teljaren og fundere litt meir over (eventuelle) lesemål i 2016.

Bok 40: Vintage: A Novel

51wM0DgHHdL._SX333_BO1,204,203,200_

Brukte klede kjem med sine eigne historier. Ein vintagebutikk i Wisconsin vert eit lite bibliotek over ulike liv, og romanen fokuserer på livet til tre kvinner som på kvart sitt vis freistar å realisera seg sjølv:

 
A Yellow Samsonite suitcase with ivory, quilted lining, 1950.
Violet Turner eig den vesle butikken, Hourglass Vintage. Huseigaren skal selja, og ho er ikkje sikker på om ho kan få behalde butikken. Butikken er likevel berre halve draumen.

A Taffeta tea length wedding gown with scopped neckline and cap sleeves, 1952. 
April Morgan kjem for å returnera ein brudekjole. Ho er berre 18 år, og kulen på magen har vorte synleg. April kjem attende fleire gonger, og etterkvart finn Violet ut historia om kjolen April aldri fekk brukt.

An orange sari made from silk dupioni with gold paisley design, 1968. 
Amithi Singh brukar berre sariar ved veldig spesielle høve. Når ho kjem inn i butikken, er det definitivt særskilt. Ho finn ut at mannen ikkje har vore trufast, og skal kvitte seg med minnene. Ho skal sy saman både det øydelagde ekteskapet, forholdet til dotter si, og den indisk-amerikanske identiteten ho aldri utvikla sjølv.

Dette er chick lit heilt på det jamne, og akkurat det eg var ute etter då eg måtte bruke meir tid på sofaen enn planlagt. Boka har ikkje eigentleg nokre høgdepunkt eller vendepunkt, men er jamt underhaldande og heilt passe interessant. Hjernen får lov til å ta ferie.

Historia til dei ulike klesplagga skaper ei fin ramme kring dei ulike kvinneliva, men det er nokon karakterar eg gjerne skulle ha sett meir av. Den tøffe åttiåringen som flyt inn og ut av historia som ein god fe, og skodespelaren-som-vart-heimeverande-husmor som plutseleg dukkar opp med uendeleg lojalitet, tek seg av den gravide og einsame April, for så å berre trø attende i kulissene? Dei speler store roller i små punkt, men får lite merksemd på trass av dette. Me får vite nok om karakterane til at det kjennest som om dei skulle hatt meir plass. Handlingane er viktige nok til at dei ikkje heilt fortener birollestatus.

Dette er på ingen måte eit litterært meisterstykke, men forteljinga er koseleg og fin, og passar godt til sitt føremål – lett underhaldning på sofaen. Eg hadde heller ikkje venta meir. Ei klassisk feriebok. Eg tek gjerne mot forslag til fleire!

Susan Gloss (2014). Vintage: A Novel. 325 s.

Bok 39: The Waste Lands and Other Poems

Siste runde i bokhylleutfordringa: Eg har rimeleg dårleg samvite for å ha juksa i runde 6 og skulka 7 og 8, men snik meg likevel med i æresrunden: eit verk av ein nobelprisvinnar. Marquez står framleis og samlar støv i vindaugskarmen, for eg hadde lyst til å lesa noko heilt anna akkurat no. Når det gjeld lesing tykkjer eg at det er greitt å omfamne min låge impulskontroll og manglande evne til konsekvenstenking. Sorry, Gabriel, no vart det lyrikk, og det vart TS Eliot.

TS Eliot var ein sjukeleg, nevrotisk britisk-amerikanar som tydelegvis berre var tidvis lukkeleg. Alt låg til rette for ei karriere som modernist. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1948 for sitt “outstanding, pioneer contribution to present-day poetry”. Ikkje små ord, men dette var heller ikkje ei lita merksemd.

Sjølv om eg har lyst til å protestera mot førestillinga om at lyrikk er ein vanskeleg sjangar vil eg på grunn av dette seie at han kan vera ein vanskeleg forfattar. Men det er eit men! Språket hans tilgjengeleggjer kjenslene, på trass av referansar som nokon gonger går inn i det ukjende. Han vert skulda for å vera pompøs og utilgjengeleg, men det kan vel sjåast på som ein yrkesrisiko. For min del går fint, for eg meistrar den tvilsame evna å glatte lett over det eg ikkje kan. Dei mest spanande stadane for meg er eigentleg dei gongene allusjonane gir gjengklang til noko eg veit at eg har visst, men gløymt. Og det oppsummerar vel eigentleg kjenslene mine når det gjeld lyrikklesing.

Eliot var svært kunnskapsrik, og dikta i samlinga er full av referansar til historiske, filosofiske og mytologiske storleikar. Dette sett krav til lesaren; krav eg sjølv ikkje alltid klarar å følgje opp. Eg trur og voner at manglande inngåande kjennskap i alt dette ikkje er eit teikn på skortande allmenndanning, men som lesestoff utgjer dette ei (god!) utfordring. Forma er lett å kjenne att. Som tidleg modernist meistrar TS Eliot ei kjend lyrisk form, som han bryt opp når temaa går over i det mest hektiske og feberaktige. Bileta er både vakre og groteske. Ei spanande oppleving!

Samlinga består av The Love Song of J. Alfred Prufrock, Preludes, Gerontion, Sweeney Among the Nightingales, The Waste Land, Ash-Wednesday, Journey of the Magi, Marina, Landscapes, og Two Chrosues from “The Rock”. Dikta varierar i lengd og kompleksitet.

Who is the third who walks always beside you?
When I count, there are only you and I together
But when I look ahead up the white road
There is always another one walking beside you
Gliding wrapt in a brown mantle, hooded
I do not know whether a man or a woman
—But who is that on the other side of you?

What the Thunder Said

Og her kan du høyre forfattaren sjølv lesa fyrste dikt i samlinga – The Love Song of J. Alfred Prufrock:

Denne samlinga er ein del av bokhyllelesingsutfordringa. Denne vert administrert av Hedda på Boktanker. Kikk innom bloggen hennar for å ta ein titt på kva dei andre les!

Bok 37: Confessions Of a Hater

61Eze-jfFxL._SL300_Fyrst, ei kjapp oppsummering av boka:

zzzzzz.

Ei oppsummering med fleire stavingar:

Ei letthøyrt og lettgløymt bok.

Og så, litt meir om kvifor:

Fyrst, til forteljinga: Det einaste populære med Hailey er storesystera, Noelle. High school-kvardagen er full av skuffelsar, men det er likevel med blanda kjensler ho tek mot meldinga om at familien skal flytte til Los Angeles. Ho vert vel ikkje meir populær der?

Medan familien førebur seg på flyttinga, finn ho systera si dagbok, med den klingande tittelen “How To Be a Hater”. Dette er meir eller mindre ei instruksjonsbok i korleis ein skal te seg for å bli populær. Dette vert starten på eit eksperiment for Hailey. I systera sine gamle klede, og med systera si gamle haldning til livet, vert starten på tilveret ved West Hollywood High ei ganske ny oppleving. Dei populære jentene tek mot henne, men det tek ikkje lang tid før Hailey finn ut at det ikkje er ei gruppe ho har lyst til å vera ein del av. I staden vert ho del av ein ny gjeng. The Invisbles er ei assortert blanding av misfits. Saman samlast dei med stor fascinasjon over hatet mot dei populære jentene, og dagboka – kan dei ha funne oppskrifta på korleis ein vert populær? Korleis skal dei bruke den nye kunnskapen?

Introduser: Intriger, skitne triks, litt kjærleik, mykje moral, og der har du boka. Mogleg eg venta for mykje, for eg er veldig svak for konseptet finne-seg-sjølv-opp-for-så-å-finne-seg-sjølv-på-skikkeleg (hallooo, Mean Girls!), men denne var for lite finurleg, for lite morosam, og jamt over for lite interessant til at den fekk vera meir enn selskap til oppvasken.

Caprice Caane (2013). Confessions Of a Hater. Audible. 11 timar, 9 minutt.

Bok 36: Every Last Word

23341894Samantha McAllister er populær. Ho er i den gode vennegjengen alle vil vera ein del av, men som alle er redde for. Ho har utsjånaden, og ho kan reglane. Men Samantha har OCD. Ho kjempar mot ulovlege tankar (kva om eg satte kniven mot halsen til venninna mi?), og ein hang til talet 3. Dette held ho hemmeleg, redd for at fasaden skal sprekke. For ho veit kva som skjer med den som vert støtt ut frå The Crazy Eights. Samantha held hardt på fasaden, men ser at ho med all sannsynlegheit vil vera neste mann ut. Og kven er ho om ho ikkje er populær?

Medan Sam står ved skuleskapet, legg ho merke til nokon ho ikkje har sett før. Caroline ser rar ut. Ikkje eit snev av sminke, ei slitt t-skjorte med tekst på (if you could read my mind, you wouldn’t be smiling). Likevel er det noko som gjer at dei to vert vener, typ med ein gong. Caroline ber Sam om å møte henne i lunsjpausen. “Om du er slik eg trur du er, kjem dette til å forandre livet ditt”. Og det gjer det. Caroline introduserar Sam for Poet’s Corner. Diktarhjørnet er ein gjeng med misfits som samlast for å framføre eigne dikt. Mellom anna ein kjekkas som heiter AJ, som av heilt ukjende grunnar ser ut til å verkeleg hate Samantha.

Samantha vert etter kvart innlemma i Diktathjørnet, og får eit hemmeleg tenåringsliv som ho ikkje kunne ha drøymt om. Nokre gonger er det meir spanande å vera på utsida enn på innsida. Men mens Samantha sjonglerar forelsking, venninnedrama, og det å finne seg sjølv, har ho ein ekstra tung ball: tvangstankane som ingen må finne ut av.

Every Last Word er ei ganske rett-fram tenåringsbok, utan mange krumspring i nokon retning. Om ikkje direkte keisam, var forteljinga heller ikkje spesielt givande. Heilt til slutten. Her skal eg ikkje røpe så mykje, men eg kvikna til midt i søndagsvasken og måtte rett og slett lytte litt. Spenningspunktet er fabelaktig. Om det er verdt dei 7 timane det tek før ein kjem dit, er eg ikkje heilt sikker på.

Tamara Ireland Stone (2015). Every Last Word. Lydbok.