Bok 16: Cirkeln

Cirkeln

Ein elev tek livet av seg på eit vekkgøymt skuletoalett. Seks jenter drøymer den same draumen. Den kvelden månen vert stor og unaturleg raud, går alle i søvne til dei vaknar saman i parken. Ingan hugsar korleis dei kom seg dit, ingen veit kva dei gjer saman, men dei har alle røyklukt i håret.

Dei kjennar kvarandre frå før, men dei har ingenting til felles. Det kroniske mobbeofferet, den populære jenta, skuleljoset, festjenta, ho alt for flinke. Ingen ynksjer å dele meir tid med kvarandre enn det som er strengt naudsynt. Det dei finn ut forandrar alt: dei er hekser. Ikkje på den artige sjå-kva-eg-kan-gjera-måten, men på den skumle me-må-redda-verda-men-me-veit-ikkje-korleis-eller-frå-kva-måten. Det er utruleg frustrerande å vera heks utan å få så mykje som ein tryllestav, når dei einaste ein kan stole på er folk ein ikkje kan utstå, og når ein i tillegg til å redde verda skal leve sine eigne liv, og takla dei utfordringane det bær med seg. Som å vera håplaust forelska i læraren. Å berre ville vera usynleg. Å ha ein far som sitt full i parken.. Eg klarar ikkje å skrive så mange lure ord om handlinga, då dette er ei av få bøker der eg vegrar meg for å gi ut «spoilers». Men det er fornøyeleg lesing. Du må riktig nok akseptere ein del ting på vegen: det finst kreftar i verda som me ikkje kan rå over. Og det er ikkje alle som burde vera venene dine som er det – men nokon gonger er dei du aller minst vil ha noko til felles med, dei einaste du kan stole på. 

«Engelsfors är en speciell plats», säger rektorn. «Här är närmare till andra … jag antar at man kan kalla det dimensioner. Vi vet inte varför, men hinnan mellan olika verkligheter är tunnare här. Profetien talar om en Utvald, som kommer att väckas för at skydda världen när en främmande ondska försökar ta sig igenom hinnan, in i vår verklighet.

Romanen er ganske tettpakka. Det er så mykje handling, men forfattarane skriv så levande at ein heng med i kvar side. I tillegg tykkjer eg personleg at boka har ein høg litterær kvalitet – forfattarane klarar både å skape truverdige og ærlige tenåringskarakterar, og å måle levande bilete. Jentetypane kan virke som klisjear, men dei sluttar å vera det når ein får lov til å følgje verda deira frå innsida. Som andre har peika på, er parallellane klare til Buffy, då skulen utgjer ein slags Hellmouth. Men romanen er velsigna fri for vampyrar og varulvar. Til tider var eg litt usikkar på kva slags sjanger eg eigentleg las – er dette ein fantasyroman, krim, spaningshistorie, eller ei realistisk skildring av ulike tenåringsliv? På Bokelskere står det at romanen er «Twilight møter Fucking Åmål». Eg vil seie meir Fucking Åmål enn Twilight.  Det er litt av alt, og det beste er at romanen og skildringane er skarpe, usentimentale og realistiske. 

Eg las Cirkeln i forbinding med ei prøveforelesing eg skal halde i juni, der pensum strekk seg frå Voluspå til Vindeltorn. Eit relativt utvida fantasyomgrep der, altså. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta med skulerelatert i litteratur i denne bloggen, men romanen var rett og slett så fengande at eg ikkje klarar å la vera.

Cirkeln (2011). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 515 sider.

Bok 4: Snøstorm og mandelduft

Snoestorm-og-mandelduft_productimageSnøstorm og mandelduft. Camilla Läckberg 2010.

Lesesituasjon: Ekstremvêret rår på Jæren, der eg er på julejobbeferie. Me har vorte åtvara mot å gå ut, og lysa flakkar. Då er det einaste logiske å tenne nokre kubbeljos, hive litt badesalt i badekaret, og leggje seg til bløyt. Det er kanskje det mest jentete eg har gjort så langt. Fann ei tilfeldig bok i familien si bokhylle. Eg les ikkje veldig mykje krim, men har lese alle Fjällbacka-romanane til Läckberg. Denne har eg ikkje brydd meg noko særleg med, men krim høyrtes ut som eit klokt val når ein fyrst skulle liggja i halvmørkret og høyre på uvêret. Passande nok er uvêret sentralt i denne kortromanen.

Politimannen Martin Molin har noko motvillig takka ja til ein førjulstur med kjærasten sin familie. Dei skal til ein herregard på ei øde øy. Det er snøstorm, og dei mistar kontakt med fastlandet. De ser kor dette går: allereie på s. 19 trugar den rullestollenka patriarken med å gjera heile gjengen arvelaus, før han i neste minutt døyr på storslått vis midt i matfatet. Dei står værfaste på øya, bestefar Ruben ligg bokstaveleg talt på kjøla, og det er opp til Martin å finne ut kven som har gjort det. Gyldendal kallar kortromanen eit “lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd”. Meir klassisk “whodunnit” vert det i alle fall ikkje.

Lengda krevjar ein stram komposisjon, og der lykkast Läckberg delvis. Romanen er på 170 sider, vart lesen ut på nokre få timar i badekaret. Inntrykket gir seg i takt med rosintærne. Den fyrste halvdelen er ganske keisam, med litt halvhjarta introduksjonar av slekta Liljecrona – ein stort sett usympatisk gjeng. Men det tek seg opp når introduksjonane er rydda ut or vegen, og forfattaren og Martin kjem nærare sjølve mysteriet. Det er rett nok naudsynt å bruke tid på å forklare motiva til dei ulike personane, men av di boka er såpass kort, vert det stivt. Noko som kan vere ein fordel med måten persongalleriet vert lagt opp på, er at det vert artigare å gjette på kven som har gjort det. Det er dårleg gjort å fortelje om slutten på ein kriminalroman, så det skal eg ikkje gjere, men bitane fell på plass, og slutten er ganske interessant.

Eg har som nemnt lese ein del Läckberg, og tykkjer jamnt over at ho er god. Bøkene om Patrick og Ericka er bygd opp på ein interessant og fengjande måte. Tyskerungen, Englemakersken, og Fyrvokteren er favorittar – og sjølv om du godt kan lese Fjällbacka-romanane kronologisk, fungerar dei godt frittståande. Mandelduft og snøstorm var ingen stor höydare. Ikkje les om du skal møte svigers for fyrste gong på hyttetur. Men om du berre skal på hyttetur med deg sjølv og treng ein lettlesen krim, er dette eit like godt val som mykje anna.

Bok 3: En u[t]merket grav

1553778-10-1405627197278En u[t]merket grav. P.M. Kareithi. 2013. Publisert for første gang på Swahili i 1969, oversatt av Reidulf Molvær.

De måtte sove på harde gulvet og holde varmen bare med de klærne de selv hadde med seg. Mange av dem hadde ikke noe ullteppe siden de var blitt arrestert helt uventet og tatt med dit uten å få noe med seg hjemmefra. En mengde mennesker hadde derfor til daglig begynt å kle seg i lange varme frakker som kunne tjene både som klesplagg om dagen og som ullteppe om natten, i tilfelle de uventet skulle bli arrestert og havne i kasjotten uten å få tatt noe annet med seg enn det de sto og gikkk i (s. 102).

Kenya, 1948-1958. Major Blå og Mumbi har avlagt sine truskapseder til Mau-Mau-styrken, som kjempar mot dei britiske kolonimaktene. Truskapseden er bindande i aller høgaste forstand, og svært hemmeleg. Ikkje eingong lesaren vert innvia i korleis dette foregår. For å ha avlagt ei slik ed, risikerar ein fire år i konsentrasjonsleir. Mumbi vert arrestert, og er på veg mot ein slik leir. Ho veit at dei få som overlev konsentrasjonsleiren, kjem attende utan armar, utan føter, eller kjønnslemlesta. Ho er paralysert av skrekk.

Major Blå kjempa for dei allierte under andre verdskrig. Då han kom attende til Kenya, såg han at britane han hadde kjempa med, skulder ved skulder, fekk hus og store eigedomar. Sjølv fekk han ingenting, og hadde ikkje råd til så mykje som ein kopp med te. Han forsøkte å flykte til Nairobi for å skaffe seg arbeid, men vart sendt heim same natt – til ein landsby utan arbeid. Og slik gjekk major Blå frå å vere soldat i dei allierte styrkene til å vere geriljasoldat.

I denne verda kan dei som ikkje er med Mau-Mau-styrken delast opp slik:

  • Menn som trur dei kan ta det dei vil fordi dei er menn
  • Europearar som trur dei kan ta det dei vil fordi dei er europearar
  • Afrikanarar som ter seg som europearar

Mau-Mau-ane vert difor veldig idylliserte. Samstundes pretenderer boka heller aldri å vere eit historisk dokument. Forfattaren har sagt at det er ei forteljing, men at den ligg såpass tett opp mot verkelege hendingar at det kan kallast ei sann historie. All handling vert skildra utanfrå, på ein svært pragmatisk og udramatisk måte. Dette grepet gjer at boka opplevast nærast journalistisk. Rytmen haltar,  men boka “finn seg sjølv” mot slutten – rytmen i forteljinga fell på plass.  Kronologien kan vere litt forvirrande.

Eg les sjeldan ikkje-europeisk litteratur. Det var høgst tilfeldig at eg kom over denne boka. Og då meinar eg tilfeldig. Eg gjekk ein tur på biblioteket for å finne ei bok av ein annan forfattar på K, og så sto denne der den andre boka (som var utlånt) burde ha stått. Så enkelt kan det gjerast. I forordet gir Reidulf Molvær ei kort og god innføring i samtidsbiletet til romanen, som gjer at boka godt kan lesast utan forkunnskapar. Anbefalast!

Bok 2: Godnatt Mister Tom

Damene frå Boktanker og Mellom linjene har ei utfordring som dei kallar Bokhylleprosjektet 2015. Kort fortalt skal ein lese 9 gløymde bøker i bokhylla ut frå eit tema i kvar runde. Mi liste (som ikkje er komplett) kan de finne her. Utfordring nummer 1, Veke 2, går ut på å lese ei bok med grønt omslag. No var ikkje utgåva mi like grønn som eg hugsa det som, men eg tenkte med meg sjølv at gusjegrønbrun får duge. Nittitalsestetikk, går eg ut frå. Eg har lese boka før- mange nok gonger til at eg ser for meg kor ho stod i skulebiblioteket. Men det nærmar seg tjue år sidan den tid, og eg hadde lyst til å besøke denne boka igjen for å sjekke om ho var like bra som eg trudde ho var.

godnatt_141013370Godnatt Mister Tom (Michelle Magorian, 1981).

Han løftet lokket. Det var krukker med skinnende farger. – Maling? spurte han. Tom mumlet noe som skulle være ja. – Litt gamle, men de kan brukes. Kan du male? Willies ansikt forandret seg brått. Han hadde så lyst til å male. – Nei, for jeg kan ikke lese… – Bare de som kan lese og skrive får male. Er det sånn det er?

Når andre verdskrig bryt ut i England, vert Londonguten Willie Breech, i likskap med mange andre born, evakuert. Då mora var oppteken av at han skulle bli satt ut til ein gudfryktig familie, vart han satt ut til det nærmaste den vesle landsbyen klarte å oppdrive – ein gretten, gamal mann som bur gjerde-i-gjerde med kyrkjegarden. Mister Tom finn snart ut at det ikkje er ein sterk gut han har teke til seg. William er forslått, forskremt, og trur at berre døde kan sove i senger. William og Mister Tom finn kvarandre i all ulikskapen, og utviklar eit sterkt band. Dei gjer kvarandre godt. Resten av landsbyen vert og fascinert av den vesle guten, som er så mykje mindre enn han burde vere. Saman med resten av landsbyen finn Mister Tom ut at William har unike gåver. Alt til si tid, er Mister Tom sitt mantra. William veks seg sterkare, raskare, og modigare.

Ein dag kjem det eit brev frå London. Mora til Will har vorte sjuk, og treng sonen sin. Ugjenkjenneleg reisar han tilbake. Ingen høyrer frå William.

Inntrykket står ved like. Denne boka er så undervurdert. Den passar godt til eldre born og yngre ungdom (som med all anna ungdomslitteratur er dette veldig avhengig av modenskap og interesse), men og til vaksne. Forfattaren behandlar temaet barnemishandling med varsemd. Det går ikkje an å snakke om mishandling på ein lettvint måte. Det går ikkje an å gjere det triveleg og rustikt. Dei koselege og fargerike karakterane lettar tyngda i tematikken, og gjer den tålbar. Nokre av karakterane er rett og slett fortryllande (altså, du), og du vert glad i William og Tom frå side 2. Boka er berre på 296 sider, men den er varm. I likskap med Mister Tom er ho ikkje sentimental eller sippete, berre ærleg og rett fram. Boka er tru mot sitt eigentlege publikum, så reint litterært er det kanskje ikkje noko stort verk – men historien er sabla god. Er det verkeleg berre eg som hugsar denne?

Eg trur boka er utgått frå forlaget, så den er vanskeleg å få tak i på norsk. Den finst som norsk lydbok og engelsk e-bok. Du bør og rekne med eit auka Kleenex-forbruk.

(Den merksame lesar vil oppdage at innlegget vert publisert før fristen – det er fordi det ikkje er mogleg å leggje frå seg denne boka.)

Forresten – andre runde (veke 18) går ut på å lese eit skodespel frå antikken. Det er manko på slikt i bokhylla mi. Eg har store planar om å lese Illiaden, men eg trur ikkje at det kvalifiserar til denne utfordringa. Kom gjerne med tips!

 

Bok 1: Bryllupsgaven

9788202417888Bryllupsgaven (2014, Marlen Suyapa Bodden) har alle ingrediensane til ei bok eg burde like: sørstatsdrama, raseproblematikk, spanande historisk ramme. Me møtar Clarissa, den velståande plantasjeeigardottera, og Sarah, slavejenta. Dei veks opp saman, og side om side.  Alle veit, og ingen veit, at dei er halvsystre. Clarissa lev eit behageleg liv, men Sarah vil bli fri. Allereie når dei er små, vert det avgjort at Sarah skal vere kammerpika til Clarissa, og skal fylgje henne når ho giftar seg.

Handlinga finn i hovudsak stad på Mr. Allen sin bomullsplantasje. Historien vert skildra frå tre ulike stemmar: Sarah, Clarissa, og Clarissa si mor. Dette gjer boka mykje meir interessant enn den ellers ville ha vore, då ein får ein djupare forståing av Sarah si konflikt. Ho er bunden til plantasjen gjennom familien og ansvaret ovanfor Clarissa, men vil stamstundes vere fri – umogleg i Sørstatane før borgarkrigen. Samstundes er det ikkje berre Sarah som treng å vere fri – dei andre kvinnene er prega av kjønsdiskriminering, og mennene sin grådigheit.

Som tidlegare nemnt burde dette ha vore midt i blinken for meg, som har ein stor veikskap for sørstatsdrama. Bienes hemmelige liv og Ya-Ya-jentenes hemmelige nedtegnelser er storfavorittar hjå meg. Men sjølv om plottet legg opp til stor dramatikk, vert det i slappaste laget for min smak. Likevel, boka er lettlest – det tok meg to dagar, og eg les ikkje spesielt fort – og historien er spanande nok til at den absolutt kvalifiserar til grei ferielesing. Meir spanande enn sjølve historien, er måten forfattaren byggjar opp hovudkarakterane på: ein vert godt kjend med dei tre kvinnene, dei utfordringane dei har til felles, og dei vidt ulike måtane dei løyser dei på. Men du veit slike bøker der du ikkje heilt kan byrje på ei ny bok fordi du ikkje er mentalt ferdig med den forrige? Denne er ikkje ein av dei.

(Redigert 6.1.: No fann eg akkurat ut kvifor boka var såpass skuffande: eg har eigentleg trudd at eg las Bursdagsgaven, av Sue Monk Kidd. Den handlar og om ei slavejente som vert gitt i gåve til ei rik jente. Tydelegvis ikkje eit veldig originalt plott. Men etter Bienes hemmelige liv har eg mykje større true på Monk Kidd enn Bodden. Betre lukke neste gong!)