Bok 20: Nyckeln

29685107_O_2

Nyckeln er den tredje og siste boka i Engelsforstrilogien. Åhei, for ei bok. Det er veldig vanskeleg å skrive noko om handlinga, då mykje kjem til å avsløre det som har skjedd i dei to førre. Det er difor mogleg at teksten blir litt gåtefull. Summen av alt er at dette var veldig, veldig god lesnad.

Eg må tilstå at eg likte dei to førre litt betre, av den enkle grunn at eg satte pris på miljøet rundt dei Utvalde. Og det er det ikkje plass til her. Boka er på heile 812 sider, og handlinga er svært fortetta. Fokuset ligg på korleis det heile skal ende, og kva dei Utvalde skal gjera for å få det til. Det er mange spørsmål her: korleis kan ein fordele makt? Kan eitt menneske redde verda på eigen hand? Om ikkje, korleis kan ein sirkel som ikkje er heil oppnå dette? Kan venskap spele ei rolle? Tida er knapp, og Engelsfors ser ut til å gå av grunne, eitt element av gongen.:

Mörka moln har tornat upp sig bortom den fyrkantiga tegelbyggnaden, och nu kryper de upp över horisonten i alla väderstreck, sväller ut över himlen. Det är inga moln. Svart rök väller ljudljöst in över Engelsfors. Dess tentakler slingrar sig in mellan höghusen, in i villornas trädgårdar, sväljer alla byggnader, slukar hela stan. Solen bleknar och krymper till en avlägsen stjärna, en stjärna som till slut slocknar. Och Minoo vet inte om hun slungas ut i rymden eller faller.

Det finst stadar i verda som er ekstra magiske. Engelsfors er ein slik stad. Grensa mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn her. Demonane hatar kaos, og kjem til å gjera alt dei kan for å utrydde vår rotete og uregelmessige verd. Den siste portalen mellom dei to verdene finst her, i Engelsfors, og det same gjeld nøkkelen. Ein nøkkel kan både opne og stengje, og det er opp til dei Utvalde å finne ut kva som er rett, og korleis dei skal gå fram:

Den Utvaldas krafter är Nyckeln till portalen. Nyckeln som kan låsa den för gott, eller öppna den. Alla sex element behövs, alltså är Nyckeln inte hel. Den har inte varit det sedan Elias dog. Hur ska de då kunna låsa portalen? Och hur skulle en demonvälsignad kunna öppna den? Är det inte kört för alla?

Sirkelen er ikkje heil. Men kor hamner ein eigentleg når ein dør? Er døden eit endeleg punktum, eller vil det gå an å få kontakt med dei andre, og gjere Sirkelen heil? Er det på tide å erkjenne at ein ufullstendig Sirkel er makteslaus i ei tid der magien er overveldande sterk, og spele på Rådet si side?

Denne serien er vel det mest spanande eg har lest i år, og eg vil fraråde å starte på denne om du har eit anna prosjekt som krev fokus. Dette gjekk på kostnad av nattesøvn, og meir prekært: viktige episodar av reality-fjernsyn. Men eg sitt igjen med ei komplett oppleving. Sirkelen byrjer med jenter som spelar så ulike rollar i det sosiale systemet at dei nesten vert sjablongar. Gradvis opnar dei meir og meir, og det at alle er forteljarar gir lesaren stor sympati for dei. Dei nærmar seg kvarandre meir og meir, men grunna personlegdomsskilnadar og andre omstende, vert forholda deira stadig sett på prøve. Noko av det mest fascinerande er at ein sirkel beståande av berre jenter (eg tillet meg å avsløre dette, då Elias dør på typ side 4 i den første boka) er så fritt frå “jenteroller” (personleg kjepphest). Kjønn er sekundært. Dei er heile, fleirdimensjonale menneske. Og karakterutviklingane er så gripande! Tempoet er svært høgt, og dei personlege dilemma har ein annan natur enn i dei første bøkene. Jentene held på å bli vaksne, men før dei kan tenkje på alt det dette betyr, må dei redde verda frå den sikre apokalypsa.

Nyckeln. Mats Strandberg og Sara Bergmark Elfgren. 2013. 812 sider.

Eg har skrive om den fyrste boka, Cirkeln, her, og bok nummer to, Eld, her.

Bok 18: Eld

tumblr_lzox6jJKox1r0lan6o1_1280Eld er andre bok i Engelsfors-trilogien. Den fyrste, Cirkeln, har eg skrive om her. Eg hadde ikkje tenkt å lese denne med ein gong, litt fordi eg ikkje har tid, litt fordi eg kanskje skal halde ei eksamensforelesning om Cirkeln om nokre månader, og ikkje hadde tenkt å “besudle” analysen med informasjon som sitt utafor den fyrste boka. Men så klarte eg ikkje å la vera. Eld var faktisk så spanande at eg ikkje trur at eg har noko anna val enn å bestille heim tredje bok (Nøkkelen) seinare. Noko eg absolutt ikkje har tid til. Men så kjekk er denne trilogien faktisk. Eg driv og analyserar Divergent for tida. Ei av dei mest begredelige bøkene eg har lese på nokre år, og la oss berre sei at den ikkje vert mindre irriterande å bruke eit år på å analysere den. Så eg vert så glad og gira når det dukkar opp god ungdomsfantasy med interessante, aktive og fleirdimensjonale jenter.

Det heile er pakka inn i Engelsfors, ein oppdikta (trur eg?) stad som skrik bygdedyr og deprimerande ungdomstid. Jävla fuckings kuk-Engelsfors. Ida, Linnéa, Vanessa, Minoo og Ann-Karin er Dei Utvalde. Saman dannar dei ein heksesirkel. Dei veit ikkje kva det vil seie å vera Utvald, dei kjennar ikkje kreftane sine fullt ut, og dei likar eigentleg ikkje kvarandre sånn kjempegodt heller. I tillegg har dei Rådet over seg, dei vert granska for regelbrot, og må trø med varsemd – midt oppi det som truleg er apokalypsen. Engelsfors er nemleg ein slags Hellmouth, eit punkt på jorda der forbindinga mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn. Og oppi det heile kjenner Linnéa kjensler for Vanessa som ho veit at ho definitivt ikkje burde ha, Ida sin perfekte fasade held på å sprekke, det er noko rart mellom Minoo sine foreldre, og Ann-Karin må betale for det ho gjorde i førre bok.

Jag har varit med nån annan. Hon väntar på tårarna men inga kommer. Hon kännar sig som den där uttorkade ryska sjön som de läste om i geografin, den som en gång var en av världens största sjöar, men nu bara är en liten pöl i öknen. En jävla pöl i den ryska öknen. Det är så hon känner sig.

Og han nye guten?

En nyinnflyttad elev på Engelsfors gymnasium är sällsynt i sig. En nyinflyttad elev som Viktor går emot alla naturlagar. Han hör inte hemma här. Det är som om någon planterat en exotisk orkidè i Engelsfors granskogar.

Det er ikkje lett å gå på vidaregåande, men det er enno mindre lett når det plutseleg berre er desse som kan stoppe verdas undergang. I tillegg er det ei ny røyrsle som grip Engelfors: Positiva Engelsfors! (Ja, med utropsteikn. PE er glade i utropsteikn.) I seg sjølv ganske kleint. Men det som i byrjinga berre høyrest ut som ein gjeng som har lese The Secret eit par gonger for mykje, visar seg å vera altoppslukande. Plutseleg har halve Engelsfors vorte ein del av ei sekt. Det er lett å vera med. Det visar seg at det er frykteleg vanskeleg å stå utanfor.

Eg las boka i eit strekk, berre avbroten av sove- og vaffelpausar (hardt liv). Den er mykje meir thriller-driven enn den fyrste boka, men det går aldri ut over truverdigheita. Eg trur verkeleg på desse jentene her, og er med på alt. Av og til er boka veldig morosam (Apokalypsen är en bagatell i jämförelse. Volleyboll är det absolut värsta en människa kan utsättas för.), nokre gonger er det vare historiar og lagnadar som kjem fram. Men den er alltid veldig, veldig spanande. Historien driv seg sjølv, i så stor grad at eg måtte avlyse heile laurdagskvelden og gløymte middagen.

Eit kjapt googlesøk bekrefta at eg ikkje er aleine om å ha blitt fanga i denne verda. Les gjerne meir på Bokhora, Siljes skriblerier, Flukten fra virkeligheten.

Eld (2012). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 663 sider.

Tilleggsopplysing: Cirkeln kom nett ut som film. Og den har eg, som aldri går på kino, veldig lyst til å sjå. Ryktene seier at den ikkje har vorte vurdert for kino sidan det er ein *svensk* ungdomsfilm. Og det tykkjer eg er eit svært dårleg val, ut frå traileren.


Bok 14: They All Fall Down

stcl_9780385742719_jkt_all_r1.indd

Det nest siste året på high school skjer det noko rart med Kenzie. Kenzie er i periferien av skulehierarkiet. Ho tek avanserte fag, og er oppteken av latin. Ho håpar på å kome inn på klassiske studier på Columbia, for å kome seg vekk. Frå minnet av broren, og frå mora som er alt for overbeskyttande etter at broren, Connor, døydde to år tidlegare. Av ukjende grunnar vert ho plassert på The Hottie List. The Hottie List er ein institusjon på skulen. Dei ti heitaste jentene på skulen vert plassert på ei liste som vert teken djupt seriøst, i alle fall av dei som er på ho. Men dette året skjer det noko urovekkande. Nummer ein døyr. Så nummer to. Er det ei forbanning som ligg over lista? Eller noko langt meir realistisk? Kenzie er nummer fem. Quinte. Merkelege ting byrjar å skje med henne:

Now I really feel stupid. And, whoa, dizzy. I walk to the kitchen because I was absolutely sure I’d heard Mom in there. But the room’s as quiet and still and empty as when I came in. I go straight to the door and check the latch, which is firmly horizontal and locked. Okay, totally an overactive imagination. But what is that smell? Good God, did someone blow one in here? I turn in a circle, my gaze stopping on the lock, my book bag, the mail, the partially opened pantry door. Did I leave it like that? Another set of chills rises over my arms because I swear, I did not leave that door open. I take a step closer and then I hear something. A low, soft, slow … hiss. What the hell is that noise? I look at the stove to see that the back burner knob is twisted to the right—on—but there are no flames. What does that mean? It means that poisonous gas has been seeping through the whole house, and if I hadn’t just noticed, I’d have been dead in about ten minutes.

Tida er knapp, og mysteria mange.

Det tok litt tid før forteljinga klarte å dra seg i gang, men når det fyrst tok av, vart det veldig spanande. Du vert sittande og gjette på kva som skal skje, og klarar det aldri. Vel, nesten aldri, for det er nokre litt vel tydelege frampeik, som når nummer to tek seg ein shot av druesprit og utbryt “Thank God I’m allergic to peanuts and not to grapes”. Gjett kva som skjer der!

Romanen har nokre klare veikskapar. Kenzie er morosam og truverdig som tenåring, og med eit lynande intellekt. Det kunne vore så bra! Men ho er veldig passiv. I staden for å ta stilling til dei dilemma ho står ovanfor, står ho heile tida på utsida og skildrar dei passivt: Skal ho ta velgje Josh (populær rikmannsgut) eller Levi (notorisk badass: “Levi Sterling? He’s a threat to the heart, the mind, the sanity, and quite possibly the virginity.”)? Korleis kan ho skværa opp med bestevenninna? Korleis kan ho frigjere seg frå den overbeskyttande mora? Korleis kan ho nå opp til dei akademiske ambisjonane sine? Det er frustrerande å sjå ein kvinneleg hovudfigur som har så mykje potensiale, men som berre går med vinden. Imidlertid tykkjer eg at det er veldig frigjerande med ein så intelligent kvinneleg hovudkarakter. Ho er veldig smart, og det spelar ei stor rolle i plottet si utvikling.

Eg fann boka på Lesenyter. Ho var ikkje veldig positiv, men konkluderte med at “Det er ikke en bok som blir med deg lenge, men den er underholdende så lenge det varer.”. Det kan eg stille meg bak. Eg kjøpte boka fordi denne veka var ganske lik sist veke: Eg skulle ut på reisefot, og trong noko lettvint. Bokmeldinga til Lesenyter såg veldig aktuell ut. Eg fekk ikkje lest så mykje, då sidekameraten på flyet var full og snakkesalig (hurra), men så vart eg sjuk, og sidan eg sjølvsagt var døden nær, var denne boka akkurat passe spanande og akkurat passe underhaldande. Men eg skulle så gjerne sett ein meir aktiv hovudperson.

They All Fall Down. Roxanne St. Claire. 2014. 352 s. Kindle Edition.

Bok 13: The Maze Runner

The_Maze_Runner_cover

My name is Thomas, he thought. That … That was the only thing he could remember about his life.

Heisdørene opnast, og Thomas kjem ut til ein lysning. Det er fleire der, mange gutar på same alder som han sjølv. Dei veit heller ikkje kven han er, eller kven han er. Dei veit berre at det kjem ein ny gut kvar månad. Lysninga er omringa av veggar, med fire opningar – ei for kvar himmelretning.

“Out there’s the Maze,” Newt whispered, eyes wide as if in a trance. “Everything we do – our whole life, Greenie – revolves around the Maze. Every lovin’ second of every lovin’ day we spend in honor of the Maze, tryin’ to solve somethin’ that’s not shown us it has a bloody solution, ya know? And we want to show ya why it’s not to be messed with. Show ya why them buggin’ walls close shut every night. Show ya why you should never, never find your butt out there.”

Labyrinten endrar seg frå dag til dag, og det gjer det umogleg for dei å finne ein utveg. Alle gutane har sine oppgåver: jordbruk, slaktar, reinhaldar. Ei spesiell gruppe har i oppdrag å springe ut kvar dag for å kartleggje labyrinten, for å finne system i endringane. Thomas kjenner inderleg at han vil vere ein av dei. Livet i lysninga er prega av rutine og orden. Alt skjer samstundes kvar dag, regulert av ei kunstig sol, og labyrintdørene som lukkar seg og opnar seg. Annakver veke kjem det nye forsyningar. Ein gong i månaden kjem det ein ny gut. Fram til no. Dagen etter at Thomas kjem, kjem det ein ny leveranse: ei jente. Ei jente som varslar starten på slutten.

Eg lasta ned romanen til ein togtur, som det ikkje vart noko av. Det vart heller ikkje noko av lesinga. Då eg bladde gjennom dei fyrste sidene tykte eg at den såg litt keisam ut. I går var eg sjuk, og plukka opp boka i rein desperasjon. Då kan eg love at tida gjekk fort! Eg hadde kvilepuls kanskje 20% av tida. Boka er veldig spanande, og gir assosiasjonar til ein slags blanding av Lost, Fluenes Herre, til og med Enders Game. Når eg drar denne samanlikninga, må eg presisere at den ikkje har den same grafiske valden som Fluenes herre og Enders game. Romanen er ikkje grusom, men den er actionfylt og intelligent. Konseptet er så fascinerande at boka vert spanande utan og, sjølv for den mest blodtørstige fjortis. Romanen klarar å framstå som original, sjølv midt i denne dystopi-bølgja me er i no.

Noko som slo meg var måten gutane har bygd opp samfunnet sitt på. Dei har sine eigne rutinar og lovar, og til og med sin eigen sjargong. Den norske oversettjaren måtte finne opp heile 56 ord (obs! Små spoilers i intervjuet! Gå inn på eigen risiko!)! Dette vert veldig stemningsskapande. Språket skapar både personlegdomar, og visar at gutane har vore isolerte i lang tid. Dei har ingen av sine eigne minner, berre dei dei har skapa saman. Boka er ein del av ein serie, så det er ikkje ei stor avsløring at me ikkje får alle svar i fyrste bok. Mildt irriterande for meg, men då har eg noko å gjere på neste togtur eller neste sjukedag.

Boka sikter seg inn mot gutar i tenåra, men kan glatt anbefale denne til både gutar og jenter. Og damer som ser 30-talet nærme seg med stormskritt.

The Maze Runner, James Dashner. 2009. 386 sider. Kindle Edition. Norsk tittel: The Maze Runner: I dødens labyrint.

Bok 9: Lejontämjaren

Ein ryttar på tur ein vinterdag. Ut frå skogen kjem ei jente. Akkurat då ryttaren forstår at ho blør, at ho ikkje har auge, vert ho påkøyrt av ein bil. Ho døyr på sjukehuset. Det visar seg at det er Victoria, som har vore sakna i tre månadar. Det visar seg og at nokon har fjerna augene hennar. Og tunga. Og dryppa syre i øyrene.

Tänk efter: Victoria fråntogs syn, hörsel och smak, hon var som instängd i ett mörkt, tyst rum utan möjlighet att kommunicera. I princip skapade gärningsmannen en levande docka.

Og det er ikkje berre Victoria som er vekke. Det har forsvunne fleire jenter i same alder i området rundt Fjällbäcka. Politiet vert sjølvsagt kopla inn, og Patrik Hedström prøvar å finne ut om det er nokon link mellom Victoria og dei andre jentene. Kona til Hedström, Erica, held på si side på med ei ny bok om eit tidlegare mord i Fjällbäcka. Ho intervjuar Laila, som tok livet av mannen sin for 40 år sidan. Mannen var tidlegare sirkusartist, løvetemjar. Då politiet fann mannen død, fann dei og paret si vesle jente lenka fast i kjellaren.

Det er vanskeleg å skrive noko smart om ei krimbok utan å avsløre heile handlinga, så eg nøyar meg med dette: skildringane og hendinga i boka er brutale, nokre av momenta til og med sjokkerande, men det høyrer med til ei god krimbok. Det er ei fascinerande skildring av menneskeleg ondskap i ulike formar, og eit spørsmål om kor ondskapen kjem frå. Er ondskap noko ein er føydd med?

Läckberg har funne sin formel, og den fungerar. For meg. Eg har lese alle bøkene i serien, og det medførar at eg veit korleis dei kjem til å sjå ut: det er ei veksling mellom Patrik og Erica, og glimt frå fortida. Gjennom desse glimta nærmar me oss løysninga i takt med Patrik og Erica. Det er ein sånn sjangar som ein anten likar eller ikkje. For nokon vert det retrospektive litt repetitivt, men eg tykkjer at det er ein del av sjarmen. For min del er det fornøyeleg. Det er ei lettlesen og underhaldande krimbok, der lesaren er i takt med handlinga, og det går an å gjette seg fram til kva som eigentleg har hendt – utan at det vert forutsigbart. Men litt skortar, spesielt når det gjeld personane i Fjällbäcka-galleriet. Dei har hatt ei stor utvikling sidan fyrste bok, og det har vore veldig kjekt å følgje liva til Patrik og Erica, Anna og Dan, og til og med Mellberg. Til og med Kristina, som kanskje er den mest irriterande svigermora det er mogleg å ha. Men den sida av historien er litt halvhjarta denne gongen, og forfattaren kastar ut ein del ting som ikkje er heilt tilfredsstillande. Som då Kristina, mor til Patrik, plutseleg kjem trekkjande med ein ny kjærast som står klar med drill i handa for å fikse alt det dei ikkje får gjort, og alle er sjokkerte og irriterte, men så gløymer dei at dei er det.

Som nokon på Goodreads har påpeika, er det ei stund sidan sist Fjällbäcka-roman, og kombinert med at heimelivet til karakterane er ganske så harmonisk (med unntak av litt trassalder og kolikk) ser det kanskje ut til at Läckberg har mista sansen for konseptet… Dette er niande bok i Fjällbäckaserien, og om du ikkje har vore borti dei før, er det ikkje denne boka som kjem til å imponere mest. Bøkene kan godt lesast frittståande, og då vil eg heller anbefale Tyskerungen eller Fyrvokteren. Men for all del, Løvetemmeren er interessant, grusom, og spanande.

lejontamjaren-lackberg_camilla-29891115-1073716952-frntlBoka kjem ut på norsk 15. mars, i perfekt tid til påske (vil eg tru– eg er ein av dei som aldri kjem på at det er påske før butikken er stengt). Kjøp den, og du får nokre spanande timar foran deg. Men prøv gjerne å unngå å lese den akkurat når du eigentleg skal gjere ferdig datamaterialet til masteroppgåva di. For då får du ikkje gjort akkurat det. Du får heller ikkje stått opp tidleg dagen etterpå, om du endar opp som meg, og berre MÅ skrive om boka. Då vert klokka nemleg plutseleg halv tre på natta. Og det er jo eit teikn på at boka, sjølv om ho skuffa på Erica og Patrik-planet, gjorde god teneste som kriminalroman!

Lejontämjaren, Camilla Läckberg. Svensk utgåve, Bokförlaget Forum. 2014 (ebok). 351 sider.
Norsk tittel: Løvetemmeren. Gyldendal forlag.