Sju bøker på ein gong: Harry Potter and…

Å vera avisbod, tretten år, med hovudet fullt av Weasley-tvillingar og mystiske hendingar. Dette var etter walkmanen, før iPoden, så alle tankane og spekulasjonane var ein velkomen distraksjon etter å ha stått opp når ein eigentleg burde ha lagt seg. Eller å vera 17, sommarvikar som fabrikkmedarbeidar, totalt utilgjengeleg. Å skru av radioen kvar gong eg bytta arbeidsstasjon. Berre ein dag, altså. Normalt sett arbeidsglad og sosial, men risikovurderinga sette i gang drastiske tiltak: No spoilers, thank you. Sommaren etter: Effektiv annullering av vennskap etter MSN-melding (!!!) rett etter publiseringa av Harry Potter and the Half-Blood Prince. Rykta om eit drap hadde gått i fleire månadar, og rett etter midnatt kom meldinga om kven som hadde døydd. Å sykla rett heim frå jobb for å lesa litt til. Netter som gjekk. Harry Potter har vore uløyseleg knytt til tenåringssommaren. Eg vert aldri heilt ferdig med desse bøkene. Eg har allereie skrive eit lite innlegg om dei tre første bøkene, det finn du her. Eg er ein gjenlesar, men nokre bøker skil seg ut meir enn andre.

Dette er bøker som har vore med meg over halve livet, og som eg aldri vert heilt ferdig med. Det vert nokre gjennomlesingar i året, men no stort sett på lydbok, og stort sett i samband med eitt eller anna prosjekt. Eg er jo ein slik som har for mange hobbyar, og alltid eit eller anna prosjekt gåande. Montera genser? Harry Potter. Sy klede? Harry Potter. Det er lenge sidan eg har lese papirutgåvene, dei står utslitne i hylla. Namnet mitt i glitterpenn. Eg les bøkene usystematisk og på impuls.

Eg byrja i mars, og vart ferdig i juli. Rekkefølgja denne gongen: 4, 5, 6, 7, 2, 3, 1. Eg vil ikkje gå i same fella som min eks-MSN-venn, men dette er ikkje eit spoilerfritt innlegg.

IMG_20150813_221720

Harry Potter And the Goblet of Fire

Alle krigar har meiningslause offer. I The Goblet of Fire vert desse introduserte i Harry Potter si verd. Han vert på mystisk vis trekt ut til å representera Hogwarts i eit meisterskap mellom tre skular. Dei skal gjennom tre rundar med vanskelege og farlege oppgåver for å forsvara skulen sin si ære. Harry Potter er for ung, for uerfaren, og alle trur at han har lurt seg inn for å få søkjelyset på seg sjølv – nok ein gong. Det kan kosta han livet, og verre – det kan kosta han vennskapet med Ron Weasley. Dette er boka der ein for alvor får sjå korleis Voldemort fungerer. Det vonde infiltrerer Hogwarts, ikkje som eit minne, men som ein høgst levande fare. Heldigvis får Harry hjelp og omsorg frå uventa hald. Den nye Defense against the dark arts-læraren tek særleg omsyn til vesle Harry Potter.

Harry Potter and the Order of the Phoenix

Etter at ein gut vert drepen for å vera i vegen (“Kill the spare!”) har Harry tusen tankar. Han har fått erfara kor urettsam krigen er, og verre: Han står aleine. Styresmaktene nektar å ta inn over seg den grusomme sanninga. Voldemort er tilbake, og sterkare enn nokon gong. Ministeren er redd for kva dette vil sei, og i staden for å organisera eit motspel gjer han det han kan for å dyssa dette ned. Til og med Hogwarts, tradisjonelt ein fristad, vert sett under departementet. Professor Dolores Umbridge, som gjerne skulle ha straffa Harry for å ha utøva magi utanom skuleåret, vert sett inn som lærar og etter kvart som rektor. Undervisninga vert teoriprega og fjern, det er slutt på elevforeningar, det er slutt på å læra kva som må til for å nedkjempa dei  mørke maktene. Harry Potter og venene skapar ein motstandsorganisasjon der dei lærar kvarandre dei trolldomskunstane som må til. Harry kjempar ikkje berre mot det vonde ute, men og det vonde inne: Hogwarts er ikkje lenger fritt, og elevane vert nekta fridom og lærdom. Alle teikn på at Voldemort sitt nett stramar seg til vert fornekta. I tillegg får Harry stadig uvelkomne vitjingar i draumane sine. Han kan kjenna Voldemort sine kjensler. Heldigvis står ikkje Harry, Ron og Hermione åleine denne gongen.

Harry Potter and the Half-blood Prince

Harry Potter vert stadig sintare på verda. Til no har han møtt svik på svik, og han er desillusjonert. Det fantastiske Hogwarts, den fyrste heimen han har hatt, er ikkje lenger det same. Voldemort sin plan vert tydeleg, og det er klart at Dumbledore veit noko. Harry kan vera ei viktig brikke i denne planen. Potter er i opposisjon til det aller meste, men som eigar av ei godt brukt lærebok nyt han godt av det overraskande eliksirtalentet sitt. Hermione er skeptisk: Kan det henda at nokon (nok ein gong) prøver å manipulera Potter Dette er ikkje ein favoritt. Harry sitt indre kaos er høgst forståeleg, men frustrerande. Handlinga er kaotisk og uorganisert.

Harry Potter and the Deathly Hallows

Den sjuande og siste boka i serien visar kor god Rowling er til å knyta saman alle spor. Ting som har vorte nemnde i forbifarten vert viktige, mindre karakterar kjem tilbake, og tempoet er høgt. Det sterke vennskapet mellom Harry, Ron og Hermione vert nok ein gong sett på prøve, men denne gongen er det ikkje sikkert at dei får redda forholdet. Saman går dei i dekning og gjer det dei kan for å redda trollmannsverda frå Voldemort sitt regime. Saman må dei semjast om kva dei skal ta først: dødstalismanane eller bitane av Voldemort si sjel? Harry finn ut meir og meir om den eigentlege lagnaden sin, og sjølv om han berre er ein gut må han møta verda som ein mann.

Harry Potter and the Chamber of Secrets

Harry Potter er tolv år. Han lengtar tilbake til trollmannsskulen. Han har funne seg sjølv på Hogwarts, og funne ut at livet er langt meir enn det undertrykkjande regiment han møtar hjå tanta og onkelen sin. Likevel er det nett som om nokon ikkje vil at han skal tilbake. Han høyrer ingenting frå dei såkalla venene sine, og returen til Hogwarts vert sabotert fleire gonger. Når han først kjem dit vert skulen råka av fleire mystiske åtak. Elevar, spøkelse og kattar vert forsteina, og Harry vert fort mistenkt for å stå bak. Ryktene om eit gamalt kammer sviv rundt. Dette kammeret kan berre verta opna av Slytherin sin arving, og kven kan eigentleg sei at den mystiske Harry Potter ikkje har noko med dette å gjera? Potter kjempar mot klokka for å visa uskulda si, og for å overtyda alle om at han ikkje kan vera arvingen – og ikkje minst seg sjølv. Eg var ikkje så glad i denne boka som lita, og dette er mykje på grunn av alle tabbane Harry (og Ron) gjer i starten. Dette er svært unngåelege feil, men dei gjer dei likevel. Dobby visar seg ikkje frå si beste side her, og eg skulle helst ha spola over ein heil del scenar. I dag ser eg nok litt annleis på det. Det er noko fascinerande med korleis Harry prøvar å finna identiteten sin i trollmannsverda. I både første og andre klasse strevjar han med å sameina andre sine forventingar med korleis han ser på seg sjølv, og i år ser det meir umogleg ut enn nokon gong før.

Harry Potter and the Prisoner of Azkaban

Harry Potter har ei ukueleg tru på venskap. I denne boka vert denne sett på prøve. Han får vita meir om korleis foreldra hans døydde, og når det vert klart at dei vert sviken av bestevenen sin får han blod på tann. Samstundes er Hagrid i trøbbel, og han treng hjelp av dei tre elevane sine. Som om ikkje det var nok vert skulen beleira av demontarar. Desse vert satt inn for å beskytta elevane, men sanninga er at dei har ein forferdeleg verknad på Harry. Han må leva gjennom foreldra sin død kvar gong dementorane kjem nær. I Prisoner of Azkaban får Harry knytt fortida si til notida. Skjulte minne kjem tilbake, og trongen til å finna Sirius Black for å hemna foreldra sine er uovervinneleg.

Harry Potter and the Philosopher’s Stone

Vesle Harry Potter vert mishandla av fosterforeldra sine. Tanta og onkelen tok han inn som baby, og prøvar det dei kan for å halde han nede. Han skal ikkje høyrast, og han skal ikkje sjåast. Likevel får han stadig rare ting til å skje. Han får post. Uglepost. Etter kvart røymer heile familien vekk frå desse uglene, for dette er brev Harry verkeleg ikkje skal ha. Etter kvart vert Harry henta personleg av Rubeus Hagrid, ein svær mann med ei underleg melding: Harry Potter er ein trollmann. Foreldra var òg trollmenn, og vart drepne av den ondaste trollmannen verda har sett. Harry er difor meir berømt enn han kunne drøyme om. Harry skal ikkje bu hjå Dursleyane meir, han skal gå i lære på trollannsskulen Hogwarts. Hogwarts er den fyrste eigentlege heimen til Harry Potter, og det er magisk på fleire måtar enn den openberre. Skildringane over korleis Harry møtar magi for fyrste gong er utrulege og smittsame, men det er ikkje berre idyll. Harry Potter har levd i ei tru om at han er særs lite spesiell, og må finna ut korleis han skal vera seg sjølv i ei verd der alle veit kven han er. Samstundes visar det seg at rare ting er på ferde i dette paradiset. Dette er unekteleg den mest “barnslige” boka, og noko av grunnen til at eg ikkje har lese den like ofte som mange av dei andre. Men likevel: Harry er eit barn. Han er uskuldig og godhjarta, men ein av dei framste eigenskapane hans er integriteten. Han veit kva som er rett, og han veit kva som er gale. For fyrste gong i livet har han vener, og saman med desse prøvar han å løysa mysteriet med den forsvunne pakken.


Noko av det mest fascinerande med Potter-universet er korleis han går frå mann til barn, men med integriteten og verdiane i behald. I tillegg har ikkje aldersskilnaden mellom meg og Harry vore så stor, og eg har fått lov til å vakse opp i takt med han og venene sine. Det har vore ei fin ferd, og eg trur ikkje ho er over… Sjølv etter at eg har mista tellinga over kor mange gonger eg har lese serien. Eg trur kanskje ikkje eg har lyst til å ta over meg kor mange timar eg har brukt på dei same orda. Men det er noko unikt med å vitja denne verda gong på gong, forventninga når eg opnar boka – sjølv om eg veit nøyaktig kva som kjem. Møtene er likevel ulike frå gong til gong.

Magnus Chase and the Sword of Summer

Myths are simply stories about truths we’ve forgotten.

The_Sword_of_SummerI samband med skulen brukte eg alt for mykje tid på Den forsvunne helten (den første boka i Heros of Olympus-serien), som kort fortalt er eit kulturkræsj mellom romersk og gresk mytologi. Dette var ei av bøkene eg ikkje haldt på å spy av etter eit års tid. Dette er ikkje ei bok for 30 år gamle damer, men han lagar gode univers. Felles for dei bøkene eg har lese av han er at han baserer forteljingane på at gudar har born på jorda. Born som ikkje veit kven dei er eller kven foreldra er, men som på eit eller anna vis ikkje passar heilt inn. På ulike vis finn dei ut kven dei eigentleg er, og legg ut på episke oppdrag. For Magnus Chase er kvardagen tøff:

 

My day started out normal enough. I was sleeping on the sidewalk under a bridge in the Public Garden when a guy kicked me awake and said, “They’re after you.”
By the way, I’ve been homeless for the past two years.
Some of you may think Aw, how sad. Others may think, Ha, ha, loser! But, if you saw me on the street, ninety-nine percent of you would walk right past like I’m invisible. You’d pray, Don’t let him ask me for money. You’d wonder if I’m older than I look, because surely a teenager wouldn’t be wrapped in a stinky old sleeping bag, stuck outside in the middle of a Boston winter. Somebody should help that poor boy!
      Then you’d keep walking.

Han er heimlaus og foreldrelaus. Dei einaste venene han har er ein tvilsom duo: ein kortvaksen, hissig mann (med fabelaktig klesstil) og den døve kompanjongen. Livet hans tek ein brå tørn når han vert drepen i første kapittel – med den klingande tittelen “Good Mornign! You’re Going to Die”. Han vert teken med til Valhall av ein valkyrie, og det visar seg at mistanken hans stemmer: Det heile er ein stor feil. Kravet for å koma til Valhall er at ein må døy på helteaktig vis under strid, og sjølv om han døydde under strid var handlingane ikkje helteaktige. Surt. Han får likevel eit oppdrag, og viss han klarar dette får han kanskje behalde plassen i Valhall – og forhindra Ragnarok.

Forteljinga er tett knytt til norrøn mytologi. Eg var litt spent på korleis dette kom til å gå. Eg er ikkje nokon ekspert på dette, men eg har ei greie for norrøn dikting (det treng du ikkje å fortelja vidare), og eitt og anna har ein jo plukka med seg på vegen. Eg er typen som vert litt furten over faktafeil i Frost. Dette hefta meg ikkje noko særleg med dei bøkene som er tufta på anna mytologi, men eg var litt redd for at dette skulle øydeleggja litt for opplevinga. Det gjorde det ikkje. Riordan flettar inn mytologien på ein saumlaus og underhaldande måte, og levandegjer gudane på levande og humoristisk vis. Dette er ikkje akkurat ei lærebok i norrøn mytologi, og handlinga er amerikansk og vridd som berre det, men resultatet er underhaldande og veldig Riordansk.

Her kjem dei moraliserande avsnitta: Noko eg tykkjer at Riordan er flink på er inkludering. Personane er varierte, og det er ikkje uvanleg at dei er handicappa eller ikkje-kvite. Eg skal ikkje bruka for mykje tid på dette, då det vert både overpedagogisk og litt overberande, men i litteraturen er stort fråvêr av karakterer som ikkje er kvite, kjønnsnormative og frie for ulike funksjonsnedsetjingar. Viss dei finst er det liksom det bøkene handlar om. Normalisering av minoritetar er difor fråverande. Slik er det ikkje hjå Riordan.

Eg har lese den første boka i Percy-Jackson serien, i Heros of Olympus-serien, og no òg i Magnus Chase-serien. Heltane i dei to første har dysleksi. Riordan skreiv inn dette slik at den dyslektiske sonen skulle ha litterære karakterar å kjenna seg att i. Han forklarte dette med at mange halvgudar er dyslektiske då hjernen er stilt inn på greske eller romerske bokstavar, og det engelske alfabetet er difor ikkje like tilgjengeleg for dei. Magnus Chase er foreldrelaus og heimlaus. Han har ein døv bestevenn. Han tematiserer ikkje at Leo i DFH er latino, eller at Piper har amerikansk-indiansk opphav. Han tematiserer heller ikkje i særleg grad at valkyrien Samira i Sword of Summer er muslim, utanom at hijaben har magiske eigenskapar (!). Slik kan det og gå. Når det kjem til kjønnsroller er dette mindre uttrykt i DFH enn i dei andre bøkene, men det kan ha samband med at kjønnsrollene i norrøn tid var noko annleis frå det me ser i gresk og romersk mytologi. I dei polyteistiske religionane er gudane ofte feilbarlege og svært menneskelege. Dei norrøne gudane er svært “typete”, og hjå Riordan vert dei fleirfasetterte. Heltefokuset i SoS er interessant då ingen trur eller vil at Magnus Chase skal vera ein helt. I den norrøne verda er lagnaden allereie bestemt, spørsmålet er ikkje viss, men når. Loke seier:

The thing about fate, Magnus: even if we can’t change the big picture, out choices can alter the details, That’s how we rebel against destiny, how we make our mark. what will you choose to do?’

Er det noko von for denne verda? Saman med Samira, dvergen Blitz og alven Hearth tek han lagnaden i eigne hender, så godt han kan. Ingen er spesielt begeistra for dette. Slik ser dødsgudinna Hel på helteskapen:

      She turned towards the monument so only her mortal side was visible. ‘Sad and meaningless. Another hopeless battle, like the one you’re about to engage in…’
Granted, my American history was a little rusty, but I was pretty sur ethey didn’t build monuments at the site of sad and meaningless events.
‘Wasn’t Bunker Hill a victory? Americans holding off the British at the top of the hill? Don’t fire until you see…’
She fixed me with her milky zombie gaze, and I couldn’t make myself say the whites of their eyes.
‘For every hero, a thousand cowards,’ said Hel. ‘For every brave death, a thousand senseless ones. For every einherji… a thousand souls who enter my realm.

Magnus Chase and the Sword of Summer er full av humor og lettvint spenning. Til tider vert det litt for action-pakka for ei gamal dame, men boka er ikkje skriven for slike, og godt er det. Me har nok av andre bøker å velja mellom. Ungdomane har ikkje det.

 

Bok 38: Prince Caspian

71ymmgaj3YL._SL1500_Her om dagen såg eg Løven, heksa og klesskapet på fjernsyn. Lite visste eg at det var fjernsynet, som stort sett får skulda for alt av manglande produktivitet frå mi side, skulle få meg til å lesa igjen. For langt bak i hovudet ein plass låg eit minne om ei Narnia-bok som sjeldan vert lesen (trur eg). Den vert plassert litt over alt i kronologien, men i alle fall har det gått eit år sidan Pevensie-borna sist var i det magiske riket. Ei magisk kraft tek dei med seg til landet dei kjenner som Narnia.

 

 

Once there were four children whose names were Peter, Susan, Edmund and Lucy, and it has been told in another book called The Lion, the Witch and the Wardrobe how they had a remarkable adventure. They had opened the door of a magic wardrobe and found themselves in a quite different world from ours, and in that different world they had become Kings and Queens in a country called Narnia. While they were in Narnia they seemed to reign for years and years; but when they came back through the door and found themselves in England again, it all seemed to have taken no time at all. At any rate, no one noticed that they had ever been away, and they never told anyone except one very wise grown-up.

Men tida i Narnia går ikkje jamt med vår, og det er lite som er kjent:

 

“This wasn’t a garden,” said Susan presently. “It was a castle and this must have been the courtyard.” “I see what you mean,” said Peter. “Yes. That is the remains of a tower. And there is what used to be a flight of steps going up to the top of the walls. And look at those other steps – the broad, shallow ones – going up to that doorway. It must have been the door into the great hall.” “Ages ago, by the look of it,” said Edmund. “Yes, ages ago,” said Peter. “I wish we could find out who the people were that lived in this castle; and how long ago.” “It gives me a queer feeling,” said Lucy. “Does it, Lu?” said Peter, turning and looking hard at her. “Because it does the same to me. It is the queerest thing that has happened this queer day. I wonder where we are and what it all means?”

Det er nett denne kjensla som sit att frå då eg las boka som liten. Den nye verda er både kjent og framand, alt er akkurat litt feil. Det vert likevel fort klart kvifor dei har kome: Nokon har blese i hornet til Susan; det magiske hornet som skal gjera det slik at hjelp alltid vil kome. Og denne gongen er det Pevensie-borna som er hjelpa. Unge Prins Caspian (jepp, han som seinare skal styre skuta The Dawn Treader ut til det ytste hav) er på flukt frå den onde onkelen sin, og på veg til å ta kongekrona – og med det frigjere alle sanne og trufaste narnianarar.

Det er ei søt bok, og ei bok som eg både hugsar og ikkje hugsar – det var som å lese handlinga for fyrste gong, men samstundes var alt så kjent. Slik er det nokon gonger å lese gamle bøker, eller helse på gamle vener. Og det er jo slik med gamle vennskap: ein treng ikkje å halde kontakta dagleg for at banda skal vera sterke. Om det er meir enn nostalgi, det veit eg ikkje. C.S. Lewis sin romanserie er ikkje berre elska, den kristne symbolikken er svært tydeleg for dei som er allergiske mot slikt – noko eg ikkje er. Det er ei roleg, lita sak, men samstundes er bileta fargerike, karakterane (utanom hovudpersonane, men det får vera ein annan diskusjon) er varierte og interessante, og boka er jamt over godt skriven. Og det vert sannsynlegvis ikkje den siste Narnia-boka eg les i år. Ein dag skal eg lese Drømmen om Narnia, som eg hugsar svært godt. Handlinga hugsar eg berre i blaff, men dette er den einaste boka eg har lese fleire gonger der eg ikkje har turt å sjå på omslaget:

10d9d03d57f5f1a633e1859c3c67133d1689c2116b58e4479cd3bf60
Kjelde: bokelskere.no

Seriøst. Måtte lukke augo kvar gong eg skulle ta fram boka. Skumlaste omslaget ever.

Bok 23: Song for Eirabu: Slaget på Vigrid

Denne boka las eg i forbindelse med ei førelesing eg skulle halde på NTNU (ikkje like skrytete som det høyrest ut som, det er eit eige fag som utgjer ein obligatorisk del av mastergraden). Temaet var fantasy og norrøn mytologi i Song for Eirabu, der eg fokuserte på skaping og lagnad (og psykoanalyse, men det skal eg spare dykk for). Samanhengen mellom Song for Eirabu og Voluspá¹ er meir enn antyda, og med tanke på leseperspektivet vert mine tankar om romanen prega av dette. Handlinga tek til når volva Áma vaknar. Ho har gått gjennom fleire verder for å fortelje om fortid, notid og framtid. Voluspá vert sett på som ein dialog mellom volva og Odin, og volva i Song for Eirabu referer til den same situasjonen.

Ei i berget det blå
Blod kan ein lite på
Ei gir hovet blot
ei er drotten tru
for blod kan ein lite på

Vergene tre vil vike
Gudeborna svike
Søstrene tre vil stå
For blod kan ein lite på

Tofte-SongForEiarbu-PO_Sundstøl-Drømmenes-PODet norrøne verdsbiletet er sirkulært. Vår verd er berre ei av mange. Slik er det og i verda Eirabu. Men søstrene Berghitte og Ragna er utvalde på kvart sitt vis. Ragna vert teken i lære hjå ei blotgytje, og det syner seg at ho har stort potensiale. Blotgytja er rådgivar for kongar og høvdingar, og kan bli ei stor kjelde til makt. Ragna tenkjer ikkje så mykje på dette, men er fascinert over ei verd ho ikkje kjenner. Berghitte, på si side, vert gitt vekk i gåve. Ho skal gifte seg med kongen i det krigande landet, og slik kan kanskje freden sikrast. Men Berghitte får høyre myta om ei tidlegare keisarinne – ei med stor makt, som haldt på å forårsaka verda sin undergong. Ho identifiserar seg sterkt med Eletiel, og makta fristar henne langt meir enn Ragna. Systrene vert skilde frå kvarandre, og startar på kvar si historie. Men det er to moment: spådommen (som er skjult for systrene) varslar at dei kan redda verda om dei står samla. Og ikkje minst – soga varslar om tre systrer, ikkje berre to. Kven er ho siste, og kor er ho?

Romanen har altså ein tekstintern mytologi, som spelar på historiar som berre høyrer til i Eirabu, men gjenklangen til norrøn mytologi er svært sterk. Boka sin tittel, Slaget på Vigrid, spelar på det slaget me kjenner frå Voluspá – det er det siste, store slaget mellom gudar og jotner før ragnarok. Det er klare parallellar mellom Song for Eirabu og Voluspá, men medan Voluspá skildrar verda frå gudane si side, er det det menneskelege perspektivet me finn i Song for Eirabu. Eg tykte i utgongspunktet at den nære linken til Voluspá var ein veikskap – ville ikkje det gjera handlinga for forutsigbar? Eg trur nok eg fokuserte litt for mykje på det aspektet sjølv, ikkje minst fordi det syner seg at alt ikkje er allmennkunnskap – då eg var lita hadde me alle Valhall-teikneseriane heime. Og det er uansett absolutt ikkje naudsynt å kunne noko særleg om norrøn mytologi for å ha utbytte og glede av romanen, den står heilt fint på sine eigne bein.

Likte eg boka? Heilt ærleg? Nei. Men det er ikkje romanen sin feil, heller sjangaren. Det er ein vaksen fantasyroman, med komplisert handling og til tider eit litt tungt språk (ja, eg kasta den steinen). Mange vil nok meine at språket kler stemninga i romanen, og ut frå det eg skjønar har det vore eit medvite val frå forfattaren si side. Universet velutvikla, og eg trur at skepsisen rett og slett ligg i at eg ikkje er så begeistra for sjangaren. Det er eit svært gjennomført arbeid. Arbeidet er autentisk, og eigentleg langt meir originalt enn det eg har likt å innrømme. Det psykoanalytiske blikket som eg brukte i førelesinga krev – eventuelt “gir ein lov til” – nemleg at ein skal vera litt meir kranglevoren enn det eg plar å vera her. Den tekstinerne mytologien reddar mykje av dette for min del – Eirabu vert ei sjølvstendig verd, til tross for alle parallellane til den norrøne mytologien. Det er og befriande å sjå fantasy frå vår eigen mytologi, noko som vert meir og meir tydeleg i bokmarknaden (Hulder, Ravneringene, etc.), og det tykkjer eg er veldig gledeleg! Meir til det, takk!

Forfattaren, Kristine Tofte, har sjølv skrive om romanen her, og skriveprosessen her. Veldig kjekt med ein forfattar som er tydeleg til stades på nett, det har vore veldig interessant å lesa refleksjonane hennar.

Knirk har skrive eit svært interessant og godt innlegg om romanen her.


¹ Voluspá er eit av eddadikta, og kanskje den mest autentiske kjelda me har til det norrøne verdsbiletet. Ganske kult!

Bok 20: Nyckeln

29685107_O_2

Nyckeln er den tredje og siste boka i Engelsforstrilogien. Åhei, for ei bok. Det er veldig vanskeleg å skrive noko om handlinga, då mykje kjem til å avsløre det som har skjedd i dei to førre. Det er difor mogleg at teksten blir litt gåtefull. Summen av alt er at dette var veldig, veldig god lesnad.

Eg må tilstå at eg likte dei to førre litt betre, av den enkle grunn at eg satte pris på miljøet rundt dei Utvalde. Og det er det ikkje plass til her. Boka er på heile 812 sider, og handlinga er svært fortetta. Fokuset ligg på korleis det heile skal ende, og kva dei Utvalde skal gjera for å få det til. Det er mange spørsmål her: korleis kan ein fordele makt? Kan eitt menneske redde verda på eigen hand? Om ikkje, korleis kan ein sirkel som ikkje er heil oppnå dette? Kan venskap spele ei rolle? Tida er knapp, og Engelsfors ser ut til å gå av grunne, eitt element av gongen.:

Mörka moln har tornat upp sig bortom den fyrkantiga tegelbyggnaden, och nu kryper de upp över horisonten i alla väderstreck, sväller ut över himlen. Det är inga moln. Svart rök väller ljudljöst in över Engelsfors. Dess tentakler slingrar sig in mellan höghusen, in i villornas trädgårdar, sväljer alla byggnader, slukar hela stan. Solen bleknar och krymper till en avlägsen stjärna, en stjärna som till slut slocknar. Och Minoo vet inte om hun slungas ut i rymden eller faller.

Det finst stadar i verda som er ekstra magiske. Engelsfors er ein slik stad. Grensa mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn her. Demonane hatar kaos, og kjem til å gjera alt dei kan for å utrydde vår rotete og uregelmessige verd. Den siste portalen mellom dei to verdene finst her, i Engelsfors, og det same gjeld nøkkelen. Ein nøkkel kan både opne og stengje, og det er opp til dei Utvalde å finne ut kva som er rett, og korleis dei skal gå fram:

Den Utvaldas krafter är Nyckeln till portalen. Nyckeln som kan låsa den för gott, eller öppna den. Alla sex element behövs, alltså är Nyckeln inte hel. Den har inte varit det sedan Elias dog. Hur ska de då kunna låsa portalen? Och hur skulle en demonvälsignad kunna öppna den? Är det inte kört för alla?

Sirkelen er ikkje heil. Men kor hamner ein eigentleg når ein dør? Er døden eit endeleg punktum, eller vil det gå an å få kontakt med dei andre, og gjere Sirkelen heil? Er det på tide å erkjenne at ein ufullstendig Sirkel er makteslaus i ei tid der magien er overveldande sterk, og spele på Rådet si side?

Denne serien er vel det mest spanande eg har lest i år, og eg vil fraråde å starte på denne om du har eit anna prosjekt som krev fokus. Dette gjekk på kostnad av nattesøvn, og meir prekært: viktige episodar av reality-fjernsyn. Men eg sitt igjen med ei komplett oppleving. Sirkelen byrjer med jenter som spelar så ulike rollar i det sosiale systemet at dei nesten vert sjablongar. Gradvis opnar dei meir og meir, og det at alle er forteljarar gir lesaren stor sympati for dei. Dei nærmar seg kvarandre meir og meir, men grunna personlegdomsskilnadar og andre omstende, vert forholda deira stadig sett på prøve. Noko av det mest fascinerande er at ein sirkel beståande av berre jenter (eg tillet meg å avsløre dette, då Elias dør på typ side 4 i den første boka) er så fritt frå “jenteroller” (personleg kjepphest). Kjønn er sekundært. Dei er heile, fleirdimensjonale menneske. Og karakterutviklingane er så gripande! Tempoet er svært høgt, og dei personlege dilemma har ein annan natur enn i dei første bøkene. Jentene held på å bli vaksne, men før dei kan tenkje på alt det dette betyr, må dei redde verda frå den sikre apokalypsa.

Nyckeln. Mats Strandberg og Sara Bergmark Elfgren. 2013. 812 sider.

Eg har skrive om den fyrste boka, Cirkeln, her, og bok nummer to, Eld, her.

Bok 18: Eld

tumblr_lzox6jJKox1r0lan6o1_1280Eld er andre bok i Engelsfors-trilogien. Den fyrste, Cirkeln, har eg skrive om her. Eg hadde ikkje tenkt å lese denne med ein gong, litt fordi eg ikkje har tid, litt fordi eg kanskje skal halde ei eksamensforelesning om Cirkeln om nokre månader, og ikkje hadde tenkt å “besudle” analysen med informasjon som sitt utafor den fyrste boka. Men så klarte eg ikkje å la vera. Eld var faktisk så spanande at eg ikkje trur at eg har noko anna val enn å bestille heim tredje bok (Nøkkelen) seinare. Noko eg absolutt ikkje har tid til. Men så kjekk er denne trilogien faktisk. Eg driv og analyserar Divergent for tida. Ei av dei mest begredelige bøkene eg har lese på nokre år, og la oss berre sei at den ikkje vert mindre irriterande å bruke eit år på å analysere den. Så eg vert så glad og gira når det dukkar opp god ungdomsfantasy med interessante, aktive og fleirdimensjonale jenter.

Det heile er pakka inn i Engelsfors, ein oppdikta (trur eg?) stad som skrik bygdedyr og deprimerande ungdomstid. Jävla fuckings kuk-Engelsfors. Ida, Linnéa, Vanessa, Minoo og Ann-Karin er Dei Utvalde. Saman dannar dei ein heksesirkel. Dei veit ikkje kva det vil seie å vera Utvald, dei kjennar ikkje kreftane sine fullt ut, og dei likar eigentleg ikkje kvarandre sånn kjempegodt heller. I tillegg har dei Rådet over seg, dei vert granska for regelbrot, og må trø med varsemd – midt oppi det som truleg er apokalypsen. Engelsfors er nemleg ein slags Hellmouth, eit punkt på jorda der forbindinga mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn. Og oppi det heile kjenner Linnéa kjensler for Vanessa som ho veit at ho definitivt ikkje burde ha, Ida sin perfekte fasade held på å sprekke, det er noko rart mellom Minoo sine foreldre, og Ann-Karin må betale for det ho gjorde i førre bok.

Jag har varit med nån annan. Hon väntar på tårarna men inga kommer. Hon kännar sig som den där uttorkade ryska sjön som de läste om i geografin, den som en gång var en av världens största sjöar, men nu bara är en liten pöl i öknen. En jävla pöl i den ryska öknen. Det är så hon känner sig.

Og han nye guten?

En nyinnflyttad elev på Engelsfors gymnasium är sällsynt i sig. En nyinflyttad elev som Viktor går emot alla naturlagar. Han hör inte hemma här. Det är som om någon planterat en exotisk orkidè i Engelsfors granskogar.

Det er ikkje lett å gå på vidaregåande, men det er enno mindre lett når det plutseleg berre er desse som kan stoppe verdas undergang. I tillegg er det ei ny røyrsle som grip Engelfors: Positiva Engelsfors! (Ja, med utropsteikn. PE er glade i utropsteikn.) I seg sjølv ganske kleint. Men det som i byrjinga berre høyrest ut som ein gjeng som har lese The Secret eit par gonger for mykje, visar seg å vera altoppslukande. Plutseleg har halve Engelsfors vorte ein del av ei sekt. Det er lett å vera med. Det visar seg at det er frykteleg vanskeleg å stå utanfor.

Eg las boka i eit strekk, berre avbroten av sove- og vaffelpausar (hardt liv). Den er mykje meir thriller-driven enn den fyrste boka, men det går aldri ut over truverdigheita. Eg trur verkeleg på desse jentene her, og er med på alt. Av og til er boka veldig morosam (Apokalypsen är en bagatell i jämförelse. Volleyboll är det absolut värsta en människa kan utsättas för.), nokre gonger er det vare historiar og lagnadar som kjem fram. Men den er alltid veldig, veldig spanande. Historien driv seg sjølv, i så stor grad at eg måtte avlyse heile laurdagskvelden og gløymte middagen.

Eit kjapt googlesøk bekrefta at eg ikkje er aleine om å ha blitt fanga i denne verda. Les gjerne meir på Bokhora, Siljes skriblerier, Flukten fra virkeligheten.

Eld (2012). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 663 sider.

Tilleggsopplysing: Cirkeln kom nett ut som film. Og den har eg, som aldri går på kino, veldig lyst til å sjå. Ryktene seier at den ikkje har vorte vurdert for kino sidan det er ein *svensk* ungdomsfilm. Og det tykkjer eg er eit svært dårleg val, ut frå traileren.


Bok 16: Cirkeln

Cirkeln

Ein elev tek livet av seg på eit vekkgøymt skuletoalett. Seks jenter drøymer den same draumen. Den kvelden månen vert stor og unaturleg raud, går alle i søvne til dei vaknar saman i parken. Ingan hugsar korleis dei kom seg dit, ingen veit kva dei gjer saman, men dei har alle røyklukt i håret.

Dei kjennar kvarandre frå før, men dei har ingenting til felles. Det kroniske mobbeofferet, den populære jenta, skuleljoset, festjenta, ho alt for flinke. Ingen ynksjer å dele meir tid med kvarandre enn det som er strengt naudsynt. Det dei finn ut forandrar alt: dei er hekser. Ikkje på den artige sjå-kva-eg-kan-gjera-måten, men på den skumle me-må-redda-verda-men-me-veit-ikkje-korleis-eller-frå-kva-måten. Det er utruleg frustrerande å vera heks utan å få så mykje som ein tryllestav, når dei einaste ein kan stole på er folk ein ikkje kan utstå, og når ein i tillegg til å redde verda skal leve sine eigne liv, og takla dei utfordringane det bær med seg. Som å vera håplaust forelska i læraren. Å berre ville vera usynleg. Å ha ein far som sitt full i parken.. Eg klarar ikkje å skrive så mange lure ord om handlinga, då dette er ei av få bøker der eg vegrar meg for å gi ut «spoilers». Men det er fornøyeleg lesing. Du må riktig nok akseptere ein del ting på vegen: det finst kreftar i verda som me ikkje kan rå over. Og det er ikkje alle som burde vera venene dine som er det – men nokon gonger er dei du aller minst vil ha noko til felles med, dei einaste du kan stole på. 

«Engelsfors är en speciell plats», säger rektorn. «Här är närmare till andra … jag antar at man kan kalla det dimensioner. Vi vet inte varför, men hinnan mellan olika verkligheter är tunnare här. Profetien talar om en Utvald, som kommer att väckas för at skydda världen när en främmande ondska försökar ta sig igenom hinnan, in i vår verklighet.

Romanen er ganske tettpakka. Det er så mykje handling, men forfattarane skriv så levande at ein heng med i kvar side. I tillegg tykkjer eg personleg at boka har ein høg litterær kvalitet – forfattarane klarar både å skape truverdige og ærlige tenåringskarakterar, og å måle levande bilete. Jentetypane kan virke som klisjear, men dei sluttar å vera det når ein får lov til å følgje verda deira frå innsida. Som andre har peika på, er parallellane klare til Buffy, då skulen utgjer ein slags Hellmouth. Men romanen er velsigna fri for vampyrar og varulvar. Til tider var eg litt usikkar på kva slags sjanger eg eigentleg las – er dette ein fantasyroman, krim, spaningshistorie, eller ei realistisk skildring av ulike tenåringsliv? På Bokelskere står det at romanen er «Twilight møter Fucking Åmål». Eg vil seie meir Fucking Åmål enn Twilight.  Det er litt av alt, og det beste er at romanen og skildringane er skarpe, usentimentale og realistiske. 

Eg las Cirkeln i forbinding med ei prøveforelesing eg skal halde i juni, der pensum strekk seg frå Voluspå til Vindeltorn. Eit relativt utvida fantasyomgrep der, altså. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta med skulerelatert i litteratur i denne bloggen, men romanen var rett og slett så fengande at eg ikkje klarar å la vera.

Cirkeln (2011). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 515 sider.