Bok 15: Medea

717yO3RMjqL

Skodespelet tek utgongspunkt i det som har skjedd etter at den greske helten Jason kom heim med det gylne skinnet. Det er difor nyttig å ta ein kjapp gjennomgong av det som skjedde før. Jason er ein velkjend gresk helt, og ettermælet hans lev i beste velgåande i populærkulturen. Mellom anna tek Rick Riordan sin ungdomsserie Gudene fra Olympos mykje av handlinga frå mellom anna Jason sine prøvelsar. Jason må ut på ei reise for å få fatt i det gylne skinn. Berre slik kunne han få tilgang til den trona han hadde krav på. Han legg ut på skipet Argos, og saman med argonautane kjem han fram til Kolchis, der skinnet ligg. Kongen av Kolchis (Medea sin far) skal gi han skinnet dersom han kjem gjennom tre ulike prøvar. Dei ser ut til å vera umoglige. Med dette grip Afrodite inn. Ho går gjennom Eros, slik at Medea vert djupt forelska i Jason. Medea er ei kyndig heks, som får han gjennom prøvane. Med dette tek ho livet av sin eigen far. Saman røymer dei så til Korint, og får born saman. Her kunne det ha slutta, men det gjer det sjølvsagt ikkje, for Medea er ei god, gamaldags gresk tragedie: Jason forlet Medea for å gifta seg med dottera til kongen av Korinth. Slik vil han styrkje den politiske makta si. Og det er her skodespelet byrjar, in medias res.

Medea er i djup sorg. Amma står utanfor huset og srik si naud. Ho er redd for kva Medea vil finne på. Ho er redd for at Medea skal ta livet av borna sine, som ho ikkje ser på med noko anna enn hat. Ho veit at kongen av Korint vil drive Medea og borna ut av landet. Og det tyder berre ein ting– Medea forrådde far sin, og kjem til å døy. Då kongen kjem med dette bodskapet, tryglar Medea han om å la henne få bli. Ho får éin dag ekstra i Korint. Medea veit at ho må bruke denne dagen godt.

NB – frå her kjem det nokre spoilers- men eg trur ikkje at det skal stå i vegen for lesaropplevinga. Dette er vel ei historie mange kjennar til frå før. 

Sjølv ikkje når Jason sjølv fortel at han giftar seg med kongen si dotter av politiske grunnar, for å beskytte borna deira, går ho frå planen. Jason har såra henne for djupt, og gjort ho til latter. Prinsessa, kongen, Jason, til og med borna, må døy for det som har skjedd. Medea er framleis ei dyktig heks, og ho finn eit diadem og ein vakker kjole som ho skal skjenke prinsessa i bryllaupsgåve. Ho dynkar gåvene i gift, og sendar dei med borna. Ho kyssar så hendene deira før ho drep dei med kniv. Like etter kjem Jason i sorg. Når Jason kjem i sorg, lar ho han ikkje få sjå lika. Dei skal ikkje gravleggjast slik at Jason kan få sjå gravane. Ho flyg (bokstaveleg talt) til Athen, der ho har ei trygg hamn hjå kongen.

Meir interessant enn det openbart tragiske ved denne… tragedien… er kvinnetematikken. Slik eg les stykket, handlar det om å vera ei kvinne i ei manneverd, og det er ikkje ei revolusjonerande lesing:

A man, when he’s tired of
the company in his home,
Goes out of the house and
puts an end to his boredom
And turns to a friend or
companion of his own age.
But we are forced to keep
our eyes on one alone.
What they say of us is that
we have a peaceful time
Living at home, while they
do the fighting in war.
How wrong they are! I would
very much rather stand
Three times in the front
of battle than bear one child.

Medea er fanga i eit liv ho på ingen måte ønsker. Kjærleiken er ikkje sann, men berre eit resultat av Afrodite si forheksing. Men sjølv om kjærleiken ikkje er sann, er den bunnlause sorgen det. Og de kjennar vel til uttrykket «hell hath no fury like a woman scorned»?

Dette er ei kvinne som har blitt forlatt av mannen sin, og uansett korleis Jason rasjonaliserar valget, er det berre ei løysning som står klar for Medea: dei må døy. Sjølv borna. Ho gjer ein avtale med kongen av Athen, som seier at han ikkje kan hjelpe ho på vegen, men at om ho, mot alle odds, skulle dukke opp i Athen, skal ho få ein heim hjå han. Prisen ho må betale er at han skal hjelpe han og dronninga med å få born. Eg har ikkje heilt skjønt om det skal skje via trolldom, eller om ho skal bli kongen si konkubine. Om det er det siste, skjønar eg godt kvifor dette verket har fått ein renessanse i vestleg kultur etter dei fyrste feministrøyrslene. Medea har mange problem, men dei største kjem av at ho er kvinne, og det er kanskje og nett der løysninga ligg. Ikkje i at ho er ei dyktig heks, men at ho har ei kvinne si kropp. Det er og interessant at ei av gudinnene Medea tyr til i bøn er Artemis, som har vorte ståande att som noko så paradoksalt som ei feministisk gresk gudinne. Artemis hadde lite til overs for menn, og valgte sjølv å leve i evig sølibat. Medea meinte nok at det var den einaste gudinna som fullt ut kunne forstå sorgen hennar:

Why is there no mark engraved upon men’s bodies,
By which we could know the true ones from the false ones?

Medea vart skriven av Eurupides (alt. Evrupides) i år 431 f.Kr. Eg har lese Rex Warner si omsetting for Dover Thrift Editions (1993). Språket er modernisert og lett å følgje. Diverre vart formateringa veldig rar og vanskeleg å lese på Kindlen min. På Kindle-appen går det heilt fint, men eg kjøpar jo primært kindle-bøker for å kunne lese den kindlen. I tillegg nyttar han uvanlege namn på dei gudane han nemner, men det vert fort oppklart i fotnoter, som er ganske magisk på Kindle. Det skal nemnast at eg ikkje har lese meg opp på gresk mytologi på førehand, og lesinga vart foreteken i influensarus, så det kan godt hende at nokre av tolkingane mine er feil. Eg lar dei likevel stå slik dei er, så er de velkomne til å rette opp i mine feilobservasjonar!

Om de har lyst til å lese dramaet, finst det ei anna (litt mindre modernisert, men heilt gratis) utgåve her. Det finst og norske versjonar, og ein av dei skal Hedda på Boktanker lese. Eg gler meg til tolkinga hennar! Og dykkar!

Denne lesinga er ein del av bokhyllelesing 2015.