Bøker og skrapelodd

Eit sjarmerande personlegdomstrekk: Eg er glad i å gi vekk gåver, og eg er glad i å koma på gåveidéar. Av og til er eg til og med ganske god på dette.

Eit usjarmerande personlegdomstrekk: Eg gir aldri vekk Flaxlodd. For å vera heilt ærleg: Eg unnar ingen å vinna millionen like mykje som eg unnar meg sjølv det. Eg gler meg med andre, men hadde kanskje gledd meg litt mindre viss loddet kunne ha vore mitt. Eg har forsona meg med dette, sjølv om det er overraskande vanskeleg å sjå det i skrift. Eg gir som sagt ikkje vekk Flaxlodd, men trur eg er eit ok menneske likevel. Dette treng eg tilbakemelding på. Altså ikkje om kvaliteten på meg som menneske, men om dette er eit gjenomsnittleg forhold til å gi vekk bøker. Eg har nemleg diverre oppdaga eit nytt, mindre sympatisk trekk med meg sjølv.

Eg skulle i bursdag i går, og bursdagsbarnet er ein leseglad mann (no 31) som toler ei utfordring. Det å velga ut bøker til ein person er seriøse greier. Det vert basert på så mange meiningar om kven mottakaren er som person at det nesten grensar til intimt. Det går andre vegen og: Det er ein grunn til at folk stort sett går til bokhyllene i nye leiligheitar. Det er avslørande. «Dette traff noko i meg, og eg trur det vil treffa noko i deg òg». Uansett, eg hadde peila meg ut ei fin gavebok: Interessant, låg sjanse for at mottakaren har lese boka, lett og nøytral i språket, ein tematikk som slår deg (meg) i bakken. Perfekt. Den næraste bokhandelen min er meir ok enn fantastisk, og ein stor veikskap er at dei ikkje konsulterer meg når dei kjøper inn bøker. Det er altså ikkje ei utviding av mitt personlege bibliotek. Dei hadde ikkje boka, og eg måtte sjå meg om etter noko anna. Og her vart eg konfrontert med meg sjølv.

9788203360220.pngI lyrikksamlinga (mellom «100 dikt om kjærlighet», «vennskap», «til bestemor» og så vidare…) fann eg Alt brenner, den nyaste til Helge Torvund. Denne har eg ikkje lese sjølv. Eg er veldig glad i jærdiktarane, og sjølv om eg tidlegare har grave meg ned i heimlengt ført i pennen av Tor Obrestad er det ikkje på grunn av patriotisme. Det er det store i kvardagen som kjem fram. For dei av dykk som er så heldige at de har abonnement på Jærbladet (hehe) kan de lesa eit par prøvar her. Det er jo interessant å sjå om mann (30) – det vil seie mann (no 31) – set pris på linjer som Eg er bare lyden av regnet ei stund/ Så er eg ved kaffikverna i det gamle Handelslaget. Det gjer eg. Eg har faktisk ikkje Torvund i bokhylla (det er nok ikkje plass til heile Helge, men eg kunne nok ha dytta inn ei diktsamling eller fem). I utgangspunktet er det jo veldig flott å gje vekk noko ein har lyst på sjølv, men det vert problematisk når eg faktisk har veldig lyst på det sjølv!

I lyrikkhyllene i vanlege bokhandlar er det stort sett berre plikteksemplar, i alle fall av samlingar utanom sjangaren «verdens beste mamma». Slik var det og med denne. Ein ting er å gje vekk bøker du allereie eig sjølv, noko heilt anna er å gi vekk uutforska mark. Det hender sjølvsagt at eg gjer det, men det er som å gi vekk eit Flaxlodd. Draumen om ein million.

Akkurat denne millionen går det an å få tak i på biblioteket, så eg tok sjansen. Eg var eit litt betre menneske enn det eg ofte er. Men eg treng å høyre fleire meiningar:

Korleis ser du på det å gi andre bøker? Er det betre å få enn å gi? 

(Berre så det er sagt: Viss du får bøker du ikkje er interessert i er det lov å sjå på det som eit gåvekort, sjølv om gåva kjem frå ein over snittet sentimental og egoistisk nerd).

Halvtårsdag

Bloggen vart starta 4. januar 2015, og var det einaste nyttårsløftet eg har helde. Mykje fordi det er eit av veldig få eg i det heile har sett meg. Eg har ikkje spesielt tru på nyttårsløfte. Viss ein vil noko, kan ein like gjerne gjera det ein vanleg dag. Eg har dessutan ikkje evna til å halde på merksemda lenge nok til å gjennomføra særleg mykje over tid. I 2015 var det krise. Det hadde gått fleire år sidan eg hadde teke meg tid til å lesa berre for kjekt, å lesa ei bok utan å ville noko (eller måtte noko) med ho. Eg var nesten ferdig klekka litteraturvitar, og hadde gløymt at det eigentleg er veldig, veldig flott å lesa noko tanketomt og spanande. Så då byrja eg. I fjor skreiv eg eit lite innlegg på bloggen sin halvtårsdag, og tenkte å gjera det same i år. Ikkje så spanande for dykk, men interessant for meg. Og det er min blogg. Og den lev framleis (dog litt passivt), så ein blom for det:

IMG_1300

Ambisjonane i år er lågare enn i fjor. Eg skal lesa 35 bøker. Me er no litt over halvvegs, og leselista lovar godt. Eg har lese utan mål og meining, men med lyst.

Eg har lese mest: på Trønderbanen, under helgevasken, under oppvasken. Eg har ein uvane med å få nye hobbyar, og det er vanskeleg å sy og lesa «gode» lydbøker samstundes. Eg les mykje bøker med enklare handling, gjerne bøker eg har lese før.

I 2016 har eg lese: 
4 bøker i januar (1 chick flick, 3 ungdomsromanar, alt amerikansk)
3 bøker i februar (3 Sweet Valley High-bøker, til eit prosjekt eg starta på for så å gå lei av)
5 bøker i mars (Påske: 4 krimbøker i same serie, 1 ungdomsbok)
2 bøker i april (1 lydbok, 1 skodespel)
3 bøker i mai (1 ungdomsbok, 1 skodespel, 1 essaysamling)
5 bøker i juni (Alle ungdomsbøker, 4 på lydbok. Stikkord: oppussing)
5 bøker i juli (3 ungdomsbøker, 2 på lydbok, 1 krim, 1 chick lit)

Totalt: 27. Kvantitetsmessig bra, kvalitetsmessig litt mindre. Dei artigaste bøkene eg har halde på med har faktisk vore gamle koke- og hustellsbøker. Det har vore litt vanskeleg å fletta desse inn i gode blogginnlegg, kan du sei, og dei har ikkje hamna på leselista fordi det rett og slett ser litt rart ut, men som ein liten ettertanke: Er det ikkje utruleg spanande kor mykje slike bøker fortel om den norske kulturen, og kor fort me endra syn på verdien av kosthald og mat? Og kor mykje av ansvaret som låg på husmora? Og eg innser at dette er langt meir interessant for meg enn for resten av verda. Pluss at det var veldig vanskeleg å skriva om.

Mai var ein intellektuell høydare for min del. Resten har ikkje vore så mykje å skryta av i så måte. Skuldar dette på meir enn nok tankeaktivitet i yrkeslivet. Dette bryr eg meg ikkje så hardt om, men har fleire meh-bøker (til dømes Kristina Ohlsson sine krimbøker) som eg eigentleg ikkje hadde trengt å bruka tida mi på. Eg er (tydelegvis) ikkje på jakt etter den litt ulne litterære kvaliteten i alt eg les, men eg har tru på at ein skal lesa litt variert. Eg strevjar ikkje med å få tida til å gå, og sjølv om eg nokre gonger treng noko som er lett å følgja med på treng ikkje det å vera

Viss ein set årets lesetal opp mot fjorårets ser det slik ut:

graf1

Jamnare lesetempo, men eit meir einsidig utval. Det heile er heilt tilfeldig, men det kjekke med desse innlegga er at eg får betre oversikt over eigne lesevanar. Eg har fleire klassikarar på vent (Amtmannens døtre, Mennesket og maktene, Mysterier), og fekk mange interessante bøker til bursdagen. Det har berre ikkje blitt heilt slik. Eg les ein del på jobb, men har sjeldan overskot til å lesa heile bøker. Sjølv om det er godt at minst éin i klasserommet vert inspirert til vidare lesing, er det jo litt synd at det er læraren det er snakk om. Mål: Fleire skodespel framover. Eg held på med Lysistrata og Peer Gynt.

Fleire av ungdomsromanane har vore gode bøker reint underhaldningsmessig (Til dømes Get Even, Get Dirty, og Scarlett Epstein Hates It Here), men det har vore eit manko på bøker som set tankane i gang. Her er det nokre klare unntak: Et dukkehjem, Vildanden, Kjønn og ukjønn). Det einaste eg i grunnen er skuffa over er manglande innlegg her på bloggen. Det å skriva om bøkene har hamna i «skal berre»-bunken, og det er eg ikkje så happy over. Narsisissten i meg har av fleire grunnar hatt stor glede av bloggen, og eg må sei at eg saknar det litt.

Innlegg på vent: Innlegg om Magnus Chase and the Sword of Summer (Rick Riordan), Sammen til det siste (Anna McPartlin), samt samtlege Harry Potter-bøker (les meg gjennom desse i tilfeldig rekkefølgje, er på bok 1 no – som denne gongen vart den siste). Får spe på litt meir etter kvart. Oppsummert: Eit halvår med reint lystbetont lesing, men med nokre nedturar når det kjem til kvalitet.

Detox

Eg har vore utan internett i 12 dagar. Det er merkeleg frigjerande. Det er umogleg å sjekke mail, it’s learning, og å halde seg oppdatert på bloggar og The Dark Web (Kvinneguiden). Eg har lese 3,5 bøker, sett folk, strikka ein genser, slappa av, og henta siste rest av flyttelasset:

  

Dette er ein av vindaugskarmane. To rekker og to etasjar. Om nettet held seg vekke i ei veke eller to til, skal ein ikkje sjå vekk ifrå at eg kjem meg på IKEA. Sjølv om korkje nabopubben eller  nabosaaben er spesielt vakre, byrjar behovet for bokhylle å gjera seg meldande. Sjåast!

Bloggbursdag og oppsummering

Eit år har gått. Bloggen har bursdag! Og eg har for fyrste gong fullført eit nyttårsforsett. Det er eigentleg fyrste gong eg har laga eit forsett! Sjukt! Eg skulle lesa 40 bøker. Eg ser at ein del les over 100 bøker i året, men for ein vanleg dødeleg tenkte eg at det var på tålegrensa til det eg ville klare å kombinere med andre ting (som å sjå reality-TV). Eg hadde ikkje særleg tru på eigen gjennomføringsevne, så eg lagte ein blogg for å forplikte meg sjølv til «oppdraget». Stort meir nerdete kan det ikkje bli.

Eg har eit aldri så lite mindreverdskompleks, for mengda er veldig liten sett opp mot dei mengdene andre bokbloggarar jafsar seg gjennom, men… Dette er mitt show. Det er uansett på tide å vera litt stolt over seg sjølv. Eg las veldig mykje som lita, men det var ikkje i går. Eg trudde likevel at lesegleda låg på lur ein eller annan stad. Eg gjekk difor på med god tru, og «once an addict, always an addict,» som dei seier på nynorsk – her er resultatet:

Januar

Februar

Mars

April

 

Juni

Juli

August

 

Oktober

 

Desember

Eg skreiv ei midtvegsevaluering i juli. Eg har slutta å halde orden over sidetal og publikasjonsår for lenge sidan, men me er oppe i ein god del tusen sider, og nokre døgn med lydbøker. Bokhylla har vorte kraftig slanka på grunn av flytting(ar), men gamle titlar har vorte erstatta med nye, og eg har lese dei aller fleste titlane.

Eg har teke universitetsutdanninga i bruk ved å gjera djuptgåande litterær forsking i hårfrisyrar.  Eg har skulka skulen (der eg gjekk, ikkje der eg arbeider, hei rektor) og sosiale forpliktingar fordi bøkene var såååå spanande. Eg har vore bokfyllesjuk i fleire dagar. Eg har dratt god nytte av bokbloggverda (som eg ikkje visste fanst), og fått mange tips om nye og gamle bøker. Eg har oppdaga skattar i hylla.

Sett vekk frå gjenlesingar (der var det ein del, men dei gadd eg ikkje blogge om) landa eg på 42 bøker.  For å feire legg eg ved eit illustrasjonsbilete frå førre gong eg pynta meg (juli):

IMG_20150704_142219
Hipp hurra!

42.

Det er, som me alle veit, eit heilag tal, og no som eg har svaret på alt er det vel berre å lesa litt meir for å sjå om eg finn nokre glupe spørsmål. Spør gjerne om du ikkje tok referansen, for då har eg eit godt lesetips til deg…

Eg har hatt eit fantastisk år med store endringar. Det skal eg slutt slutte å mase om, men for å skryte litt har eg «fått» (+ mange hermeteikn til, for DEN var ikkje gratis) mastergraden, kjøpt leiligheit (pitteliten og veldig koseleg. Speglar eigaren, sjølvsagt), og starta i jobb som lektor… Det har vore kaotisk og spanande og krevjande, og litteraturutvalet har kanskje spegla dette – det har blitt mykje lett litteratur. Men det gjer ingenting! Målet var å vekke lesargleda, og det har eg klart. Så får livet subbe i veg medan eg finn fram ei høveleg bok.

Eg las meir variert før eg byrja i jobb enn det eg gjorde som student. Eg hadde tenkt å skrive at «det kan eg fiksa på i år», men det veit eg ikkje om eg vil. For kven er det eg skriv for?  Eg skriv jo litt for dykk. Eg set veldig stor pris på dei av dykk som kjem innom bloggen, og vert veldig glad for dei kommentarane som kjem. Kjempekjekt! Men når det kjem til lesinga er den likevel mest for meg sjølv. Ein skal ta seg tid og rom til tomme kaloriar, og så kan ein supplere dietten med litt meir fancy krydder. Det viktigaste er likevel å fortsetja å utforske dette nydelege hallusinogenet. Om du har lånekort er vel bøker det einaste rusmiddelet som er både lovleg og gratis.

Ein fordel med blogginga er at det vert lett å analysere sitt eige lesemønster, og eg ser at eg truleg ikkje kjem til å ha tid til leseraptusar som i februar. Eg har lagt ein del lesetid på hylla til fordel for elevtekstar, og slik kjem det vel (vonleg) til å halde fram i all overskodeleg framtid. 35 er difor det nye målet. Det skal eg få til. No skal eg slette masemailar frå det gamle treningsstudioet (meldte meg ut i 2014), for eg har jo eit nyttårsforsett allereie!

Her er eg

Eg er framleis i live.

Eg har kjøpt eigen bustad, og har difor flytta for andre gong på tre månadar. Stor stas. I påvente av draumebokhylla (ein draum for meg, ikkje lommeboka) står bøkene i diverse vindaugskarmar og koffertar. Livet mitt tek med andre ord store og spanande svingar om dagen, og for å velje ut eit drastisk punkt: Eg har fått meg fjernsyn. For fyrste gong sidan… Vel, eg har faktisk ikkje hatt eige fjernsyn før. Og det er ikkje fordi eg ikkje er glad i sjå på TV – eg elskar det.

Det seier seg sjølv at produktiviteten går ut vindauget når a) fjernsyn og b) full jobb (usikker på rekkefølgjen). Om det ikkje hadde vore for at fjernsynet har ein funksjon som gjer at det skrur seg av av seg sjølv etter fire timer med inaktivitet er det truleg at eg aldri hadde kome meg ut huset. Livet leikar, og eg har vorte oppteken av fargeprøvar og støvsugartypar. Men lesinga… Der har eg dårleg samvite. Men no, NO skal eg lesa. For eg fekk så frykteleg lyst til å lesa ei bok i ein serie… Etter å ha sett den fyrste forteljinga på TV.

Så enkel er eg.

Men no ligg Kindlen og ladar seg (fysiske bøker har eit STORT fortrinn, og det er at dei aldri går tom for batteri! I alle fall ikkje før eg gjer det!), og snart skal eg ta fatt på The Return of Prince Caspian (som eigentleg er den andre eller tredje boka i serien, alt etter korleis ein reknar – etter Løven, heksa og klesskapet, før Reisen til det ytterste hav).

Eg er her, altså.

Ville berre sei frå.

Halvtårsdag og midtvegsevaluering

Eg er ikkje så veldig på nyttårsforsett. Eg pleier å tenke at om eg fyrst skal love noko, kan eg like greitt byrje når eg kjem på det. I år vart det litt annleis. Eg har lese frykteleg lite dei siste åra. Nei, det er ikkje sant, eg har lese mykje, men som litteraturstudent har utvalet vore lite lystprega, og med tida svært teoriperega. Alt veldig spanande og utfordrande, men det går ikkje heilt inn under kategorien «lystlesing». Om eg fyrst las noko, var det som reint tidsfordriv. Bokvalet var på tilsvarande nivå, noko som strengt tatt ikkje motiverte til at det skulle bli ei daglegdags greie. 4. januar fann eg ut at eg sakna å lesa berre for å lesa, og bestemte meg for at eg skulle lesa 40 bøker i 2015. Ikkje enormt mykje, men eit veldig passe ambisiøst mål for meg. Det viktigaste var å fullføra, systematisera, og få attende leselysta. Bloggen vart starta som motivasjon – då hadde eg forplikta meg sjølv skikkeleg. Det var i januar. No skriv me juli. Og bloggen har faktisk halvtårsdag!

Bloggebursdagen vert feira med stil:

IMG_20150704_141733

Kake. Jordbær. Blomar. Norsk flagg. 

IMG_20150704_142115Partyhatt. 

Nei, så gale er det ikkje. Men i går hadde eg faktisk bursdag på skikkeleg, så eg passa på å feira bloggen litt samstundes. Sjølv om eg hadde heilårsdag har jo bloggen berre halvtårsdag, og då kan ein vel kanskje berre feira halvvegs. Champagnen tok eg i går. Midtvegsevalueringa tek eg i dag (lærar!).

Eg har lese 25 bøker. Og dette klarte eg sjølv om eg måtte ta «fri» (finst ikkje nok hermeteikn til akkurat dette høvet) i nesten halvannan månad. Eg er optimistisk til å fullføra lesemålet mitt. Det er eg stolt over! Og eg har funne ut fleire ting om lesinga mi. Eg har og lært meg å laga diagram i Excel, og sidan det vert vanskeleg å spandera bloggebursdagskake over internetten, skal eg gje dykk nokre bloggebursdagskakediagram. Fordi eg kan.

Ungdom/vaksen-tilhøvet er ein god representasjon av min mentale alder:

blogg_målgruppe

Eg les mykje meir variert enn eg trudde:

blogg_sjanger

Eg trudde at eg omtrent utelukkande las ungdomsfantasy, men det må vel vera fordi eg har lese dei same ungdomsfantasyromanane VELDIG mange gonger (masteroppgåve).

Og eg har eigentleg reist ganske mykje:blogg_landEksludert lydbøkene har eg lese 6503 sider – 282,7 sider i snitt.

I fana 2015 finn de ei komplett oversikt over kva eg har lese så langt. Om eg må velje ut favorittar, går eg for:

– Cirkeln-serien: Cirkeln, Eld og Nyckeln. Svensk urban fantasy for ungdom, består Bechdel-testen med glans.
– Drep ikke en sangfugl: Det burde ikkje vera naudsynt å sei så mykje om denne. Eg gler meg fælt til Sett ut en vaktpost.
– Popular: Vintage Wisdom for the Modern Geek: Sjølv om det får meg til å kjenne meg relativt utilstrekkeleg å lesa ein sjølvbiografi skriven av ein femtenåring, er dette ei morosam og søt oppleving.
– Undis Brekke: mitt personlege helvete. Historia om den mislykka stipendiaten som vert forvist til ein høgskole på Sunnmøre, og må sjå livet sitt i revy i eit smalahåvelag motiverte meg til å sette opp mastergiret ganske heftig.
– Kaddish and Other Poems: eller generelt alt av Allen Ginsberg.

Kjekt med blogg:
Eg har fått betre oversikt over kva eg les, noko som har motivert meg til å lese litt meir variert. Tidlegare gjekk det stort sett i ekstrem enkel litteratur når eg skulle lesa på fritida, no har eg fått systematisert lesevanane og sett litt utover. Og aller viktigast: eg har lese ganske mykje! I tillegg var eg ikkje klar over fellesskapen i denne bloggenisjen – det er veldig mange dyktige og koselege norske bokbloggarar, og det har vore kjekt å få smiska seg inn på det laget. Takk, de er kule!

Eg trur at Braut med bok er levedyktig, i alle fall i seks nye månadar.

Eg klappar meg sjølv på skuldra og konkluderar med «over middels måloppnåing».

IMG_20150704_142219

Hurra for bloggen, og litt hurra for meg!