Bok 12: Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår

isbn_9788253037134

Tsukuru trivst best på middelvegen. Han har ikkje spesielle evner eller spesielle lidenskapar, med unntak av ein – å teikne togstasjonar. På vidaregåande vart han del av eit femkløver, ein gjeng som søkte seg til kvarandre utan å eigentleg ha så mykje til felles. I alle fall ikkje Tsukuru. Alle dei andre fire hadde fargar som namn – Blå, Svart, Hvit, Rød. Tsukuru hadde ingen farge i namnet sitt. Dei andre hadde eigenskapar som gjorde at dei sto ut frå folkemengda. Tsukuru hadde ingen. Dei andre vart buande i heimbyen. Tsukuru reiste til Tokyo for å studere. Etter ei tid fekk han ein telefon om å aldri kontakte dei igjen. Tsukuru fekk ingan forklaring.

Dei brotne venskapsbanda pregar livet hans. Han utviklar eit reelt ynskje om å døy. Han gjer ikkje noko med det, men vert overvelda av denne kjensla. Det forandrar han. Han har eit heilt greit liv, med nokre langvarige og heilt greie – om ikkje så tilfredsstillande– forhold. Ein dag forsvinn kjensla av å ville døy, men vanskane med å knytte nære band til andre forsvinn ikkje. Han møter Sara, ein reisebyråagent. Når han fortel ho om fortida og vennskapet som vart avslutta utan at han veit kvifor, seier ho at han må konfrontere fortida. Ho skal hjelpe han med å finne Svart, Hvit, Blå, og Rød. Resten av reisa må han foreta sjølv.

Boka er realistisk, slik eg har skjønt det er den meir realistisk enn mykje Murakami har skrive før. Men han rører og ved det poetiske, nokre av segmenta er draumeaktige. Dei er vakre, men eg sitt med kjensla av at dei er veldig betydningsfulle, utan at eg skjønar tydinga. Han har ein ven som forteller om ein pilegrimstur faren tok for nokre år sidan. Det er ein vakker historie, men eg skjønar ikkje heilt kvifor den vert fortalt eller kva den har å seie for historien vidare. Det speler nok mykje på mitt eige humør der og då (eg taklar sjukdom veldig dårleg, og den veldig milde vårforkjølelsen eg har klart å pådra meg har gjort meg urimeleg gretten!). Eg er heller ikkje så lett å begeistre når forfattarar skal fortelje oss noko djupt og generelt om Meininga Med Livet og Den Menneskelege Natur, om de er med på tanken. Midtpartiet vert difor ikkje det store for meg. Det skiljar seg så markant ut frå stemninga og handlinga, og sjølv om det er flott skrive, fell det utafor handlinga. Imidlertid tek det seg veldig opp på slutten av romanen, og eg sitt att med eit godt heilskapsinntrykk. Språket er nøkternt og setningane for det meste presise, noko som gjer at han faktisk kan tillate seg ei meir “fantastisk” handling utan at det vert påtatt. Ho gir meg likevel ikkje nokon spesiell lyst til å ta fatt på resten av forfattarskapet til Murakami. Er det nokon av dykk som har lese fleire bøker av han og kan sei noko om korleis den fargelause Tsukuru er, samanlikna med nokon av dei andre bøkene hans?

Haruki Murakami. Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår. Oversatt av Ika Kaminka og Magne Tørring. Pax forlag 2014. 320 sider.