Bok 8: Vinterindianere

InnbundetVinterindianere. Anne Gjeitanger. Forlaget Oktober, 2015. 95 sider.

Det er det året Anne går frå å vera seks til sju, året går frå sommar til vinter og så til sommar igjen, og ho går frå å vera sommarindianer til vinterindianer, og så til å vera åleine-indianer. Romanen framstår som eit knippe med minner, samla litt vilkårleg saman til ein stor eining. Det er forteljinga om eit år.

Anna si verd er lita. Det er ho, mamma, pappa, farmor, farfar, mormor, morfar. Og lillebror. Lillebroren er Anne sin beste venn, med brune knær. Forteljinga har ei idyllisk ramme, men med noko som lurar i skuggen:

Jeg prøver å kjenne etter hva jeg har gjort, om det kunne vært slemt mot noen.

Det er sol, sommar, og sekstital. Beskrivingane er nostalgiske og truverdige. Sommaren er slik alle vaksne hugsar somrane sine. Det er hytteidyll, med malande setningar, og ein god rytme. Men idyllen er berre utanpå. Bak all sekstitallsnostalgien er det eit tyngande mørkre. Anna har uskulden til ein seksåring, men prega av ein angst som vert nærast klaustrofobisk. Ho er alltid redd for å gjera feil, og ikkje alltid sikker på kva som har skjedd og kva som ikkje har skjedd:

En gang har jeg fått skylden for å ha kastet stein også, på hun som bor øverst i veien og heter det samme som meg. Det er den eneste gangen jeg har fått husarrest, og bare i hagen, men der måtte jeg til gjengjeld være i tre dager, og der satt jeg i trappen utenfor kjøkkendøren og snakket med broren min om at det var urettferdig, helt til mamma og pappa kom og sa at de hadde tatt feil, at storesøsteren til Anne hadde sett hva som skjedde, og hadde kommet og sagt at jeg ikke brude få husarrest. Jeg tror kanskje det var Anne selv som ba henne, for hun hadde det jo heller ikke noe gøy hvis jeg måtte være inni hagen vår hele tiden. Og å kaste stein er det verste man kan gjøre, så det kan jeg ikke tro at jeg har gjort. Men den hvite ballen til Anne med huller i som er så hard som en stein. Jeg synes jeg ser den for meg ennå. Den kan jeg kanskje ha kastet. Men da var det vel fordi hun kastet den først? At vi lekte noe?

Anne er typen som spelar frå Blå Schaum, som ho kan utanat, i staden for det vanskelege Bach-stykket ho eigentleg skulle framføre. Ho er den som gløymer at ho skal framføre noko på klassefest. Ho er prega av å halde tilbake, ho er redd for å gjera feil, og nøyer seg som regel med å betrakte.

Jeg vil ofte at det skal bli sent på dagen, at det skal være kveld, for da er alle der, og alle spiser kvelds, og alle hører mamma lese, og da er det nok at jeg er der, da behøver jeg ikke si noe og ikke angre på noe.

Boka har 66 små kapitlar fordelt på 95 små sider, og det fungerar godt. Setningane er lange, men boka er stramt komponert, og eg tykkjer personleg om måten ho bryt teksten på. Det kan vera ein del gjentakingar, men det er eit grep eg personleg har sansen for. Romanen er skriven i presensform, og det kan vera litt forvirrande. Eg vert ikkje heilt sikker på om eg-et faktisk er seks år, eller om det vert fortalt i ettertid. Om det siste er tilfellet, er betraktningane overraskande barnslege, om dei vert fortalt medan eg-et er seks-sju år, vert tankane litt store for eit lite barn. Presens-forma gjer det heile veldig levande. Og kanskje er det eg som undervurderar barn, og kanskje betyr det eigentleg ikkje noko i det heile tatt. For komposisjonen i romanen er sabla god. Den minnar meg mest om ei minnebok, og opnar for at Anne kan sjå verda akkurat slik ho gjer. Dette er ei bok det tek veldig kort tid å lese, men ganske lang tid å fordøye.

(Denne boka fekk eg (etter eige ynskje) som leseeksemplar frå Oktober forlag.)

Bok 4: Snøstorm og mandelduft

Snoestorm-og-mandelduft_productimageSnøstorm og mandelduft. Camilla Läckberg 2010.

Lesesituasjon: Ekstremvêret rår på Jæren, der eg er på julejobbeferie. Me har vorte åtvara mot å gå ut, og lysa flakkar. Då er det einaste logiske å tenne nokre kubbeljos, hive litt badesalt i badekaret, og leggje seg til bløyt. Det er kanskje det mest jentete eg har gjort så langt. Fann ei tilfeldig bok i familien si bokhylle. Eg les ikkje veldig mykje krim, men har lese alle Fjällbacka-romanane til Läckberg. Denne har eg ikkje brydd meg noko særleg med, men krim høyrtes ut som eit klokt val når ein fyrst skulle liggja i halvmørkret og høyre på uvêret. Passande nok er uvêret sentralt i denne kortromanen.

Politimannen Martin Molin har noko motvillig takka ja til ein førjulstur med kjærasten sin familie. Dei skal til ein herregard på ei øde øy. Det er snøstorm, og dei mistar kontakt med fastlandet. De ser kor dette går: allereie på s. 19 trugar den rullestollenka patriarken med å gjera heile gjengen arvelaus, før han i neste minutt døyr på storslått vis midt i matfatet. Dei står værfaste på øya, bestefar Ruben ligg bokstaveleg talt på kjøla, og det er opp til Martin å finne ut kven som har gjort det. Gyldendal kallar kortromanen eit “lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd”. Meir klassisk “whodunnit” vert det i alle fall ikkje.

Lengda krevjar ein stram komposisjon, og der lykkast Läckberg delvis. Romanen er på 170 sider, vart lesen ut på nokre få timar i badekaret. Inntrykket gir seg i takt med rosintærne. Den fyrste halvdelen er ganske keisam, med litt halvhjarta introduksjonar av slekta Liljecrona – ein stort sett usympatisk gjeng. Men det tek seg opp når introduksjonane er rydda ut or vegen, og forfattaren og Martin kjem nærare sjølve mysteriet. Det er rett nok naudsynt å bruke tid på å forklare motiva til dei ulike personane, men av di boka er såpass kort, vert det stivt. Noko som kan vere ein fordel med måten persongalleriet vert lagt opp på, er at det vert artigare å gjette på kven som har gjort det. Det er dårleg gjort å fortelje om slutten på ein kriminalroman, så det skal eg ikkje gjere, men bitane fell på plass, og slutten er ganske interessant.

Eg har som nemnt lese ein del Läckberg, og tykkjer jamnt over at ho er god. Bøkene om Patrick og Ericka er bygd opp på ein interessant og fengjande måte. Tyskerungen, Englemakersken, og Fyrvokteren er favorittar – og sjølv om du godt kan lese Fjällbacka-romanane kronologisk, fungerar dei godt frittståande. Mandelduft og snøstorm var ingen stor höydare. Ikkje les om du skal møte svigers for fyrste gong på hyttetur. Men om du berre skal på hyttetur med deg sjølv og treng ein lettlesen krim, er dette eit like godt val som mykje anna.