Uglen

9788241911941Ei jente vert funnen i skogen. Ho ligg utsvolta på ei seng av uglefjører, og alt tyder på ei ofring. Kvifor ligg ho der, naken og åleine? Kvifor har blåmerke på knea og hendene? Kva er det med den blonde parykken? Frode Sander Øien (alias Samuel Bjørk) viser oss korleis åregamal vondskap kan spela seg ut. Holger Munch og Mia Krüger er to forkvakla polititilsette (her er det naturleg å setje kraftige spørsmålsteikn, men meir om det seinare) som på kvart sitt vis freistar å nærma seg kvarandre og løysninga på eit nytt, makabert funn. Dette er bok nummer to i serien om Munch og Krüger, men bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre.

Uglen er grotesk. Der ligg styrken. Forfattaren har skrive fram eit sjukt univers som òg er truverdig, og det gjer det heile meir ubehageleg – noko som igjen gjer det til god krim. Det er ei av dei bøkene der ein sit med ei kjensle av av at det er for sjukt til at det er mogleg å lesa, men så kan ein berre ikkje la vera. Munch og Krüger er interessante, men eindimensjonale. Dei er feilbarlege, men dei vert kun dette, på ein måte som gjer det naturleg å grunna litt over stillingsvernet til offentleg tilsette (helsing offentleg tilsett). Holger Munch sine private problem førar til ei horribel dømekraft, og Krüger går frå å vera ein slags Lisbeth Salander til å rakna heilt. Dei prøver så godt dei kan å stable kvarandre på beina, og på eit vis går det framover. Tematikken i boka er så sjuk og mørk at det er umogleg å ikkje verta trekt inn i handlinga.

Eg sit igjen med mykje av den same kjensla som eg hadde då eg las Det henger en engel alene i skogen: Boka er grotesk, spanande, og vel verdt tida – men det treng ikkje å seie at boka er så veldig god. Språkleg sett er ho noko gjentakande, og eg trur mykje av dette kunne ha vorte spara viss forlaget hadde lese over manuset ein gong eller to til – å referere til Holger Munch som “den tykkfalne etterforskeren” er effektivt og greitt, men vert litt gørr når det kjem for andre gong på to-tre sider. Ein går òg fort lei av måten personane kvernar over liva sine på, og forsøka på å gje karakterane “særpreg” er og så-som-så: Mia jobbar til dømes best på Lorrys. Der drikk ho øl (men ALDRI utan ein jägermeister) og tenkeskriv seg fram til offeret sine inste tankar. Og dette gjer ho ofte. Veldig ofte. Handlingsrommet hennar er femkanta: Justisen – Lorrys – Leiligheita i Theresesgate – Politihuset – Hurum. Ein treng ikkje eit veldig høgt lesetempo før enkelte ting vert gamle. Det er vanskeleg å føla med Mia Kruger denne gongen, ho virkar “too far gone”. Holger Munch er meir menneskeleg, men det er likevel måte på kor mykje privat grums ein kan trekkja inn i etterforskinga. Dette er ikkje karakterar ein eigentleg får så mykje empati med.

I den førre boka var det særskilt ein ting eg irriterte meg over: Øien skriv med eit rikt auge for detaljar. Dette er bra. Problemet er at eg sit igjen med ei kjensle av at forfattaren har lagt ut ein del brødsmular for å sikra lesaren (og seg sjølv) om at det kjem ein oppfølgjar. Slik er det her og. Ein del “spor” vert kasta ut litt i hytt og vêr, og du har ei kjensle av at forfattaren legg ut godbitar til seinare bruk. Når det er sagt: Det vonar eg verkeleg at han gjer, for boka er grusomt spanande!

Anita og Geir har allereie skrive om Uglen.

Kristina Ohlson: Fire kriminalromanar på fire dagar

I mars sto eg på Værnes, klar for å ta eit oppgjer med meg sjølv og eigne rutiner, før eg fann ut at ein godt kan kalla “vane” “tradisjon”, og i mangel på kyrkjegåing kunne eg denne påska, som sist, markera høgtida med ein god krim. Dette les eg ikkje så veldig ofte, men eg er svak for Camilla Läckberg. Lejontämjaren minna mistenkeleg om ein slutt, og eg trur ikkje at eg treng å halda pusten i påvente av ein ny oppfølgjar. Då eg spurte butikkdama om ei tilråing, sa ho at a) Kristina Ohlsson liknar på Läckberg, og b) sjølv meinte ho at Ohlsson var betre. Eg står att med eit “tja” til begge, men lesinga var god. Såpass god at eg måtte ut på to hasteturar for å kjøpa fleire bøker før butikkane stengde. Når det gjeld punkt b) kan eg berre sei at medan Ohlsson vinn på spanande handlng, manglar ho interessante hovudkarakterar. Eg føretrekk Erika og Patrik sitt kvardagsliv framanfor Fredrika og Alex Reicht sine keitete forsøk på å takla Livet, Kjærleiken og Døden.

Bok 1. Askepott

Ei lita jente forsvinn frå eit tog. Ein annan stad sit ei livredd kvinne som veit kva som har skjedd. Medan fleire born forsvinn sporlaust, freistar Fredrika Bergman å finna seg til rette som kvinneleg akademikar i eit mannsdominert politikorps. Boka er noko treig i starten, men når tempoet tek seg opp er det vanskeleg å leggje boka frå seg.

Bok 2. Tusenfryd

Medan ein einsleg flyktning finn ut kva hans del av den avtalen som vart gjort med menneskesmuglarar eigentleg går ut på, drep ein prest seg sjølv og kona. Bergman og Alex Recht kjem over eit internasjonalt smuglarnettverk, og avdekkar eit system langt større enn seg sjølv. Klokka tikkar.

 

Bok 3. Englevaktene

Eit lik vert funne. Det er fleire år sidan den unge litteraturstudenten vart drepen, partert og dumpa i ei grunn grav. Rebecca Trolle skreiv eigentleg ei akademisk oppgåve om ein kontroversiell forfattar, men det syner seg at ho hadde ei lita etterforsking på si’. Òg i denne boka veit nokon kva som har skjedd. Problemet er at ho ikkje har snakka på fleire år. Dette var den boka eg likte best.

 

Bok 4. Paradisoffer

Få timar etter at flyet letta frå Arlanda finn flyvertinna eit trusselbrev. Boeing-flyet sirklar i lufta medan det svenske politiet og regjeringa finn ut korleis dei kan få passasjerane trygt ned utan å etterkoma krava. I denne boka mista eg interessa. I tillegg vert ein ny etterforskar introdusert, og ho klarar eg rett og slett ikkje. Ohlsson prøver å få fram ein fleirdimensjonalitet, men sjølv om liva til personane tek nye vendingar, utviklar dei seg ikkje. Dei vert ståande att som store born. Det er kanskje ikkje så langt frå røynda, men særskilt spanande å lesa om er det ikkje.

Sjølv om eg, som medlem av Netflix-generasjonen, helst les ein serie i eit strekk, ville eg nok ikkje gjort det med denne ein gong til. Manglane i serien vert tydelegare når ein les utan pause. Det er likevel lett å falle for freistinga då bøkene, trass alt, er ganske spanande. Plotta  er kompliserte (om enn noko utslitte, med unnatak av Englevaktene), og vert elegant nausta opp.

Bok 9: Lejontämjaren

Ein ryttar på tur ein vinterdag. Ut frå skogen kjem ei jente. Akkurat då ryttaren forstår at ho blør, at ho ikkje har auge, vert ho påkøyrt av ein bil. Ho døyr på sjukehuset. Det visar seg at det er Victoria, som har vore sakna i tre månadar. Det visar seg og at nokon har fjerna augene hennar. Og tunga. Og dryppa syre i øyrene.

Tänk efter: Victoria fråntogs syn, hörsel och smak, hon var som instängd i ett mörkt, tyst rum utan möjlighet att kommunicera. I princip skapade gärningsmannen en levande docka.

Og det er ikkje berre Victoria som er vekke. Det har forsvunne fleire jenter i same alder i området rundt Fjällbäcka. Politiet vert sjølvsagt kopla inn, og Patrik Hedström prøvar å finne ut om det er nokon link mellom Victoria og dei andre jentene. Kona til Hedström, Erica, held på si side på med ei ny bok om eit tidlegare mord i Fjällbäcka. Ho intervjuar Laila, som tok livet av mannen sin for 40 år sidan. Mannen var tidlegare sirkusartist, løvetemjar. Då politiet fann mannen død, fann dei og paret si vesle jente lenka fast i kjellaren.

Det er vanskeleg å skrive noko smart om ei krimbok utan å avsløre heile handlinga, så eg nøyar meg med dette: skildringane og hendinga i boka er brutale, nokre av momenta til og med sjokkerande, men det høyrer med til ei god krimbok. Det er ei fascinerande skildring av menneskeleg ondskap i ulike formar, og eit spørsmål om kor ondskapen kjem frå. Er ondskap noko ein er føydd med?

Läckberg har funne sin formel, og den fungerar. For meg. Eg har lese alle bøkene i serien, og det medførar at eg veit korleis dei kjem til å sjå ut: det er ei veksling mellom Patrik og Erica, og glimt frå fortida. Gjennom desse glimta nærmar me oss løysninga i takt med Patrik og Erica. Det er ein sånn sjangar som ein anten likar eller ikkje. For nokon vert det retrospektive litt repetitivt, men eg tykkjer at det er ein del av sjarmen. For min del er det fornøyeleg. Det er ei lettlesen og underhaldande krimbok, der lesaren er i takt med handlinga, og det går an å gjette seg fram til kva som eigentleg har hendt – utan at det vert forutsigbart. Men litt skortar, spesielt når det gjeld personane i Fjällbäcka-galleriet. Dei har hatt ei stor utvikling sidan fyrste bok, og det har vore veldig kjekt å følgje liva til Patrik og Erica, Anna og Dan, og til og med Mellberg. Til og med Kristina, som kanskje er den mest irriterande svigermora det er mogleg å ha. Men den sida av historien er litt halvhjarta denne gongen, og forfattaren kastar ut ein del ting som ikkje er heilt tilfredsstillande. Som då Kristina, mor til Patrik, plutseleg kjem trekkjande med ein ny kjærast som står klar med drill i handa for å fikse alt det dei ikkje får gjort, og alle er sjokkerte og irriterte, men så gløymer dei at dei er det.

Som nokon på Goodreads har påpeika, er det ei stund sidan sist Fjällbäcka-roman, og kombinert med at heimelivet til karakterane er ganske så harmonisk (med unntak av litt trassalder og kolikk) ser det kanskje ut til at Läckberg har mista sansen for konseptet… Dette er niande bok i Fjällbäckaserien, og om du ikkje har vore borti dei før, er det ikkje denne boka som kjem til å imponere mest. Bøkene kan godt lesast frittståande, og då vil eg heller anbefale Tyskerungen eller Fyrvokteren. Men for all del, Løvetemmeren er interessant, grusom, og spanande.

lejontamjaren-lackberg_camilla-29891115-1073716952-frntlBoka kjem ut på norsk 15. mars, i perfekt tid til påske (vil eg tru– eg er ein av dei som aldri kjem på at det er påske før butikken er stengt). Kjøp den, og du får nokre spanande timar foran deg. Men prøv gjerne å unngå å lese den akkurat når du eigentleg skal gjere ferdig datamaterialet til masteroppgåva di. For då får du ikkje gjort akkurat det. Du får heller ikkje stått opp tidleg dagen etterpå, om du endar opp som meg, og berre MÅ skrive om boka. Då vert klokka nemleg plutseleg halv tre på natta. Og det er jo eit teikn på at boka, sjølv om ho skuffa på Erica og Patrik-planet, gjorde god teneste som kriminalroman!

Lejontämjaren, Camilla Läckberg. Svensk utgåve, Bokförlaget Forum. 2014 (ebok). 351 sider.
Norsk tittel: Løvetemmeren. Gyldendal forlag.

Bok 4: Snøstorm og mandelduft

Snoestorm-og-mandelduft_productimageSnøstorm og mandelduft. Camilla Läckberg 2010.

Lesesituasjon: Ekstremvêret rår på Jæren, der eg er på julejobbeferie. Me har vorte åtvara mot å gå ut, og lysa flakkar. Då er det einaste logiske å tenne nokre kubbeljos, hive litt badesalt i badekaret, og leggje seg til bløyt. Det er kanskje det mest jentete eg har gjort så langt. Fann ei tilfeldig bok i familien si bokhylle. Eg les ikkje veldig mykje krim, men har lese alle Fjällbacka-romanane til Läckberg. Denne har eg ikkje brydd meg noko særleg med, men krim høyrtes ut som eit klokt val når ein fyrst skulle liggja i halvmørkret og høyre på uvêret. Passande nok er uvêret sentralt i denne kortromanen.

Politimannen Martin Molin har noko motvillig takka ja til ein førjulstur med kjærasten sin familie. Dei skal til ein herregard på ei øde øy. Det er snøstorm, og dei mistar kontakt med fastlandet. De ser kor dette går: allereie på s. 19 trugar den rullestollenka patriarken med å gjera heile gjengen arvelaus, før han i neste minutt døyr på storslått vis midt i matfatet. Dei står værfaste på øya, bestefar Ruben ligg bokstaveleg talt på kjøla, og det er opp til Martin å finne ut kven som har gjort det. Gyldendal kallar kortromanen eit “lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd”. Meir klassisk “whodunnit” vert det i alle fall ikkje.

Lengda krevjar ein stram komposisjon, og der lykkast Läckberg delvis. Romanen er på 170 sider, vart lesen ut på nokre få timar i badekaret. Inntrykket gir seg i takt med rosintærne. Den fyrste halvdelen er ganske keisam, med litt halvhjarta introduksjonar av slekta Liljecrona – ein stort sett usympatisk gjeng. Men det tek seg opp når introduksjonane er rydda ut or vegen, og forfattaren og Martin kjem nærare sjølve mysteriet. Det er rett nok naudsynt å bruke tid på å forklare motiva til dei ulike personane, men av di boka er såpass kort, vert det stivt. Noko som kan vere ein fordel med måten persongalleriet vert lagt opp på, er at det vert artigare å gjette på kven som har gjort det. Det er dårleg gjort å fortelje om slutten på ein kriminalroman, så det skal eg ikkje gjere, men bitane fell på plass, og slutten er ganske interessant.

Eg har som nemnt lese ein del Läckberg, og tykkjer jamnt over at ho er god. Bøkene om Patrick og Ericka er bygd opp på ein interessant og fengjande måte. Tyskerungen, Englemakersken, og Fyrvokteren er favorittar – og sjølv om du godt kan lese Fjällbacka-romanane kronologisk, fungerar dei godt frittståande. Mandelduft og snøstorm var ingen stor höydare. Ikkje les om du skal møte svigers for fyrste gong på hyttetur. Men om du berre skal på hyttetur med deg sjølv og treng ein lettlesen krim, er dette eit like godt val som mykje anna.