Lesekroken

Uansett om ein er glad i å lese eller ikkje; når ein er på besøk hjå nokon for fyrste gong, er bokhylla ofte den fyrste plassen ein går for å snoke. Nokon har hyller proppfulle av bøker, andre har kanskje ei bok eller tre, men fine bilete, nips, og eit par vinflaskar ståande. Det er så koseleg! Sjølv har eg eigentleg ingen god leseplass. Eg bur i kollektiv utan stove, bokhyllene er eit par billige greier frå IKEA som eg kjypte fordi det var salg på dei den dagen. Leseplassen er senga. Heilt greit, ikkje så mykje å skrive heim om. Eller skrive blogg om.

Men kollektivlivet er snart historie. Til hausten vert det vaksenliv, med alt det gode og vonde det har med seg. Det gode? Sofa. Lenestol. Bok-krok. Det er ikkje så mykje som skal til for at det skal vera koseleg. Ein god stol, ein fotskammel. Om ein skal slå skikkeleg til, kanskje eit lite bord til å ha tekoppen oppå og bokstabelen under. Det gler eg meg til. Så kan dei berre snoka. Ny leilighet er framleis så langt unna at det er lov å drøyma utan å ta stilling til røynda (som jo er at det framleis kostar pengar, og ein har huseigarar å forholde seg til!). Det gjer at eg kan google prisar på kor mykje det kostar med vegg-til-vegg-bokhyller, dyre designstolar, og så vidare. Men heldigvis finst det like gode stolar i bruktbutikkar, eg kan sy, og lesekroken er ikkje ein stad for minimalisme. Likevel, det er artig å drøyme, og eg har lyst til å dela nokon av dei tinga eg sjølv drøymar om, og gjerne høyre kor de les som best.

Create-a-cozy-reading-nook-in-the-living-with-iconic-Orange-Slice-Chair

8221095

Iconic-and-sculptural-chair-fits-in-with-any-theme-you-have-going

5245a9f4dbfa3f12970020a3._w.331_h.500_s.fit_

5245a9f4697ab00ed9001fda._w.354_h.375_s.fit_
Med andre ord, eit stort sprang frå dei bok-krokane eg har hatt etter at eg flytta heimefrå. Fyrste plassen eg budde var hylla pappesker, stabla oppå kvarandre. Faktisk ganske fint! Den andre plassen vart det ei svær expedit-greie frå IKEA, full av bøker. Fargekoda. Tredje kollektivrom besto av ei lang, lang rekke på golvet. Der eg bur no, som nemnt – to ganske stygge og upraktiske IKEA-greier. Billig og greitt. Alt fungerar, men ikkje alt inspirerar, og eg gler meg til neste stad. Ikkje like fancy som dette, men god stol, ein stabel med bøker, og noko å kvile foten på. Det vert bra, det.

Korleis ser lesekroken din ut, og kor les du som best?