Lydbøker: same same, but different?

Åtvaring: dette innlegget er ikkje ei bokmelding, men eg har mjukna opp innlegget med festlige reaction gifs (Sig.amn.). Eg lurar eigentleg på om de i det heile tatt lytter på lydbøker, og om det er nokon skilnad på kva de les etter kva medium de les i. 

Då eg var lita dumpa det med jamne mellomrom kassettar i postkassa. Eg hadde ein morfar på Austlandet, og han tok opp alle episodane av Barnetimen, og satte dei saman for oss, ofte med ein egendesigna trudelutt i byrjinga og på slutten. Ekstra stor stas var det når det var Anne Cath. Vestly eller Alf Prøysen på teipen. Som vaksen tykkjer eg framleis at det er veldig koseleg å høyre på ei kjekk bok medan eg gjer noko monotont eller keisamt. I det heile tatt er eg såpass vant til å høyre på lydbøker og radio/podcastar, at eg ikkje har satt opp eit stort skilje mellom lesing som, vel, lesing, og som lytting.

Eg dumpa nett innom ein artikkel med tittelen Your Brain On Audio Books: Distracted, Forgetful, And Bored:

The very freedom granted by audio books—inviting the eyes to wander, and then the mind—may make them less intellectually interchangeable with printed ones than some readers would like.

Og eg berre:

tumblr_lzcsxsvYwh1qlvwnco1_400

“Less intellectually interchangeable”? SEFF IKKJE, tenkte eg. Eg har jo kost meg så mykje med lydbøker, og i periodar der eg ikkje har hatt ork til å lese så mange papirbøker. Men så måtte eg faktisk tenkje litt over kva eg faktisk gjer når eg les lydbøker, og kva slags bøker eg velg å lese i det formatet. For det er faktisk ikkje likt!

Nettstaden visar til ei undersøkjing frå psykologisk institutt ved Universitetet i Waterloo (Canada). Den er litt meir nyansert enn det kan sjå ut til, men utgongspunktet er at når ein t.d. les høgt for seg sjølv er det fleire sansar som det vert “lagt beslag på” enn om ein berre skal lytte. Den store fordelen (og tydelegvis baksida) ved lydbøker er jo akkurat det at det frigjer hender og auge, slik at ein kan gjere andre ting.

Forsøket gjekk ut på å teste kor distraherte folk vart i ulike lesesituasjonar, og kor mykje dei fekk med seg av det dei las. Deltakarane 1) las høgt for seg sjølv, 2) vart lest høgt for, og 3) las eit avsnitt for seg sjølv. Det siste er sjølvsagt det dei fleste av oss forbind med det å lese. Fokuset låg på kor distraherte folk vart medan dei haldt på med dei ulike leseaktivitetane. Dei vart minst distraherte om dei las høgt for seg sjølv, og mest distraherte om dei lytta til at andre las. I tillegg kunne dei gjengi  minst av stoffet i del 2 av forsøket, og viste og minst interesse for det stoffet. Dette virkar sjølvsagt inn på lesarutbyttet. Artikkelelen forsøket resulterte i heiter The way we encounter reading material influences how frequently we mind wander. Nettopp fordi lydbøkene frigjer hendene og augene til å gjere heilt andre ting, gjer det at me kan miste fokus på det me held på med. Dette har stor relevans når ein skal ta pedagogiske val, anten som lærar eller i eige studiearbeid, men har det så mykje å sei når det gjeld lesing for lyst? Det indre dilemmaet mitt går kanskje mest på å finne ut kvifor eg eigentleg les. Er opplevinga i seg sjølv fullgod? Skal ein læra noko av alt ein gjer? Må ein hugse alle detaljar for å få noko ut av lesing? Forsøket er mest relevant for når ein skal lære noko. Samstundes er det veldig mange som meiner at ein skal læra noko av det ein les, uansett kva det no er.

Eg studerar litteratur, og etter lange dagar er ikkje det å sette seg ned med ei tung og god bok førstepri. Det går difor mykje i lettbeint litteratur. I nokre periodar meir enn andre. Eg les rett nok meir variert no enn det eg gjorde for nokre år sidan, og har tenkt å fortsetje med det (merk at med variert, utelukkar eg ikkje lettlest litteratur). Men når det gjeld lydbøker, er eg ikkje så variert. Undersøkinga viste at forsøkspersonane ikkje “hang med” i like stor grad nå dei vart lese for. Tendensen til å sone ut er nok høgare når det gjeld lydbøker. Eg gjer difor trygge val: anten så går eg for lettbeint litteratur, eller bøker eg har lese så mange gonger at det ikkje gjer noko om eg dett ut (eg ser på deg, Harry Potter). Og det er ikkje til å sjå vekk i frå at nokre litterære virkemiddel rett og slett blir litt kunstige og/eller kleine når andre les dei– heilt uavhengig av kor godt eg tykkjer dei fungerar når eg les romanane sjølv.

Summa summarum – uansett medium, det viktigaste er sjølvsagt at:

icfctzyx342hs
Men kva erfaringar har de gjort dykk med lydbøker? Førar formatet til at de gjer andre val når de les lydbøker? Kva situasjonar les de lydbøker i? Og ikkje minst– har de tips til gode lydbøker?