Bok 35: Sweet Forgiveness

biv8-square-400

Den siste tida har vore prega av eit heftig (men godt!) møte med vaksen- og arbeidslivet, og ettermiddagane har stort sett anten innehaldt eit febrilsk forsøk på å halde oppe eit sosialt liv, eller sikling framføre Netflix. Eg hadde tenkt at eg skulle få lesa på toget, men det ser ut til at eg ikkje vaknar sånn “offisielt” før toget er framme uansett. Lite overskot til lesing, sjølv om eg har fått nokon fantastiske bøker i posten. Sånn går dagan! Eg kjem nok inn i rytmen snart, både når det gjeld lesing, blogg og arbeid. Men det går fint å få med seg forteljingar, uansett kor travelt ein har det. Når ein for eksempel må vaske leiligheita si sjølv, og oppdagar at det er noko ein faktisk bør gjera jamnt.

For ei tid sidan las eg ei chick lit-bok som eg var frykteleg begeistra for. The Life List av Lori Nelson Spielman har alt det som kjenneteikner sjangaren på sitt beste (eller verste, alt etter som ein ser det): ei interessant forteljing, ei rørande framdrift, pakka inn i ei lett og underhaldande ramme. I tillegg var ho gripande og trist på alle dei rette stadene. Eg skal ikkje lyga: Eg grein til og med ein liten skvett. Eksemplarisk! Eg var difor nysgjerrig på dei andre bøkene hennar, og lasta ned den ganske nye Sweet Forgiveness. Ikkje så begeistra for denne.

Me er i New Orleans, der Hannah er ein framgongsrik talk show-vert, ho dater byens ordførar, ho har flotte klede, ein ny jobb er i sikte, og livet er eigentleg ganske perfekt. Nesten. Hannah har ikkje snakka med mor si på fleire år. Då ho var tenåring kom faren og henta henne, vekk frå mora som såg vekk når stefaren burde ha gjort det. Ho hugsar framleis den eine kvelden, ein kveld ho låg og sov og stefaren kom for å bera ho i seng. Ei hand som kom dit faderlege hender ikkje skal vera. Kjærasten rår henne til å tenke på imaget, og ho pakkar historia si vekk. Ingen treng å vite om skamma hennar. Heilt til tilgiving vert årets største ord.

Nokon har kome opp med eit konsept som gjer at ein enkelt kan be om orsak for store ting. Du kan sende eit lite brev og ein stein (tilgivelsesstein) til nokon du har gjort urett. Om mottakaren aksepterar orsakinga, skal han eller ho sende sin vesle stein til nokon han eller ho har gjort galt mot. Heng de med? Ringverknadane er store, og desse steinane vert ein del av ein nasjonal bølge. Hannah sitt talk show må definitivt dekka denne stormen av varme kjensler! Men Hannah treng å sende ein stein sjølv – eller kanskje ho treng å få ein.

Minnet om mora gir ikkje slepp. Hannah skjønar ikkje kvifor mora valte å stole på stefaren, korleis mora berre kunne la ho gå. Men det er kanskje på tide å tilgi likevel? Det er kanskje på tide å be om orsaking? Og det minnet ho har, har ho tolka sanninga rett? Kanskje det berre var eit uhell, noko ho som tenåring la alt for mykje i? Ho må finne mor si. Forteljinga handlar om mange typar kjærleik, om binding av brotne band, og potensialet er der. Men Spielman når ikkje heilt fram. Det er kanskje ekstra skuffande i og med at forfattaren tør å ta opp eit så tabubelagt emne. For det fyrste: overgrep mot tenåringar. For det andre: det å vakse opp med ei uvisse om kva som faktisk skjedde. Lesaren får heller ikkje nyss i kva som faktisk skjedde før i den siste timen.

Hannah sitt indre dilemma – skjedde det faktisk, eller skjedde det ikkje? Og om det ikkje skjedde, korleis skal ho kunne møte alle dei liva ho har øydelagt medan ho tvihaldt på ei sanning som kanskje ikkje finst? – er svært gripande. Men Hannah er passiv, og handlinga er flat heilt opp mot slutten. Då vert det til gjengjeld ei ganske god historie, men ikkje god nok til å vare i 10 timar. Eg keia meg undervegs. Karakterane vart for eindimensjonale til å passe til temaet, og boka ber preg av for høge ambisjonar.

Men eg fekk no i det minste vaska badet.

Lori Nelson Spielman (2015). Sweet Forgiveness.9 t, 50 min. Audible.

Bok 33: Tordivelen flyr i skumringen

9788242138293_2I serien Signe-gjer-keisame-ting: ein todagars køyretur frå Bryne til Trondheim. Det kan vera vanskeleg å finna ei bok som passar for både sjåfør og passasjer, som er lett å følge med på, og som er passe lang. Løysinga vart ein klassikar frå barndomen: Tordivelen flyr i skumringen. Eg trur faktisk at eg berre har lese Gripe sine romanar som lydbøker. Sist runde må ha vore lenge sidan, for eg hugsar mykje plundring med kasettband. Overgangen frå då til no er stor, for denne gongen vart det blåtannoverføring frå mobiltelefonen. Forteljinga fungerte like godt, med eit atterhald som eg skal kome tilbake til.

Jonas, Annika og David skal vatne blomar på herregarden. Det er spesielt ein blom dei må passe på. Blomen sin velferd er uforklarleg, og når den kviknar til strekk den seg ikkje mot sola – den pekar veg til moglege løysningar. Dei finn ei bunke med brev frå 1700-talet, og vert vikla inn i jakta på ein egyptisk tvillingstatue. Jonas møter saka med journalistisk nysgjerrigheit, David med akademisk interesse, og Annika med frustrasjon over at ingen tek inn over seg at statuen handlar om ei menneskeleg tragedie. Ei gamal dame byrjar å ringe David, og saman spelar dei et lenger parti med sjakk. Kven er ho? Kor kjem musikken frå? Forteljinga er mangefassetert, og vel gjennomført. Det er mange vendepunkt, og lyttaren sitt heile tida med ei kjensle av at løysinga er openbar – heilt til det skjer noko som endrar spelereglane. Tordivelen viser stadig veg.

‘Alt levende hører sammen.’ De ord sa han ofte til mig. Han visste at de døde også lever.

Tordivelen flyr i skumringen passar best til større born, og eg er usikker på om den har tolt tidas tann. Den baserer seg mykje på teknologi frå dåtida, og dagens kids vil nok stusse når dei kjem over meldingar om at ein ikkje må sløse med lydband, komplikasjonar med trykk av aviser, og så vidare. Det er sjølvsagt vanskeleg for meg å spekulera i om eit barn vil hefta seg nok med desse elementa til at det faktisk gjer noko, men eg vil tru at desse delane vil framstå som rare, i beste fall eksotiske. Som vaksen innehaldt historia ikkje like mange grøss, men mykje undring. Forteljinga engasjerte begge globetrottarane, og vart eit godt avbrekk frå det som viste seg å vera eit skalkeskjul for stavkyrkjesafari.

Eg gjekk med vilje ikkje for høyrespelversjonen, fordi ein kvar kan bli skremt frå vetet når dei døde tek kontakt. Det skal nemnast at NRK sin versjon vann pris som tidenes beste høyrespel, så ein litt modigare person enn meg kan godt velje denne. Ane Dahl Torp gjer ein god jobb som opplesar. Ho les med ei nøytral og oversiktleg innleving, og gjer historia svært levande.

Det einaste aberet med lyttaropplevinga går faktisk på Lydbokforlaget sin app, som er frykteleg lite brukarvenleg og vrang å ha med å gjera. Det går til dømes ikkje an å styre appen frå hovudskjermen, og den tek ikkje pause når eg får ein telefon. Den eg snakka med fekk god innføring i blomane på Selandergarden. Eg har android-telefon, så det er mogleg at ios-versjonen er betre.

Maria Gripe (1979). Tordivelen flyr i skumringen. 10 timar og 17 minutt.

Bok 32: Beauty Queens

“Because ‘You’re perfect just the way you are,’ is what your guidance counselor says. And she’s an alcoholic.”

beautyqueens

Miss Teen Dream er årets happening. Det er ein nasjonal venleikskonkurranse der jenter frå alle dei amerikanske statane kjempar om den gjeve tittelen. Miss Teen Dream er alt ei jente skal vera: vakker, harmonisk, ukontroversiell, tradisjonell og trygg. Så kjem tragedia: Årets Miss Teen Dreamers vert ramma av eit flykrasj, og hamnar på ei tilsynelatande øde øy. Saman må konkurrentane finna ein utveg, og på vegen finn dei ut mykje om seg sjølv. Men fekk de med dykk nøkkelordet “tilsynelatande”? Øya er ikkje heilt øde. Jentene har hamna midt i planlegginga av eit statskupp.

Me møter ei brokete samling jenter: her har de ho som meldte seg på for å driva under cover-journalistikk for skuleavisa, eit transseksuelt boy band-medlem, ein kristen poledancer, ein hard core texanar, og så vidare. Det er skikkeleg artig. Dei går gjennom ei slags utvikling, men viktigast av alt er det som skjer når ein ikkje lenger er konkurrentar, men overlevarar.

Det einaste aberet med lydformatet er at det er vanskeleg å kamuflera dei dårlege og kleine sex-scenane (ja, det vert det, ut med det heteronormative samfunnet etc. etc.), ekstra kleint når ein ferierar i barndomsheimen. Til dømes er ein deltakar eigentleg ein slags varulv; eit vesen som vert driven av ein vill seksualitet som ho har halde skjult så lenge. No som den vernande amuletten forsvann i flykrasjet slepp kreftene fri. Krefter ho alltid har halde skjult, på kostnad av seg sjølv. Men dette er ein roman der jentene tidleg vert samde om at det ikkje er lov å be om orsaking: ein skal stå for og i det ein gjer. Gjennomgåande kan ein seie at her finst det ikkje noko skjult bodskap: den feministiske tråden ligg klart ute i dagen. Mest av alt er det berre morosamt.

Beauty Queens er ein satirisk ungodmsroman. Den er uhøgtideleg og underhaldande. Humoren er overtydeleg, sarkastisk og overberande, og dette gjer seg svært godt. Innafor ei fluffy fjortisramme ligg det mange lag av satire, godt hjulpe av ei mengd fotnotar som gjer seg spesielt godt i lydbokformat. The Corporation kjem med oppklarande kommentarar undervegs, samt kommentarar om kvifor ei hending er passande eller ikkje:

“The Corporation would like to apologize for the preceding pages. Of course, it’s not all right for girls to behave this way. Sexuality is not meant to be this way – an honest, consensual expression in which a girl might take an active role when she feels good and ready and not one minute before. No. Sexual desire is meant to sell soap. And cars. And beer. And religion.”

Haruhi tipsa om romanen etter at eg las ei ganske dårleg lydbok. Eg veit om to søte jenter som har kome til verda, og har nyleg fått meg symaskin. Og når eg gjer ting eg ikkje kan, er det fint å ha ei lydbok som kan overdøyva ubekvemsorda. Timane gjekk fort foran Pfaffen, i selskap med Tiara, Shanti, Edina, Petra, og dei andre. Og, sidan du sikkert er nysgjerrig eg vil skryte, her er resultatet: Reversible forklede, design by mor.

Photo_2015-08-03_04-13-13_PM

IMG_20150803_161753

Audible-utgåva er på 14 timar og 37 minutt. Eg trur faktisk at eg føretrekk lydbokformatet til denne festen her, for måten narrativet vert brote med er rett og slett veldig underhaldande på lyd. Det understrekar det kommersielle og glatte laget i forteljinga.

Og hugs-

It’s always darkest before the ultimate sparkle.

Libba Bray (2011). Beauty Queens. Audible-utgåva.

Bok 28: Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood

adx6-square-400Vivi, Teensy, Necie og Caro, the Ya-Ya Sisterhood, har halde saman sidan for evig. Dei har aldri høyrt på reglar, men laga sine eigne, til stor forarging og beundring. Kvartetten utgjer ei verdskraft. Mennene deira må finne seg i å vera andreprioritet, og borna (the Petite Ya-Yas) veks opp med utydelige skiljer mellom heimane.

Siddalee Walker fell usams med mor si, Vivi. Dei har alltid hatt eit problematisk forhold, men når Siddalee Walker avslørar for mykje i eit intervju i The New York Times, bryt Vivi alle band med dotter si. Siddalee røymer vekk frå liv og kjærast. Ein dag vert ho sendt ein mystisk pakke: “The Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood”. Albumet inneheld avisutklipp, bilete, og dagboknotat. Mora sine beste og mørkaste augneblinkar kjem til syne. Gjennom desse freistar Siddalee å tyde kven Vivi Walker eigentleg har vore, og kven ho eigentleg er. Romanen er eit djupdykk inn i desse minna. Ein kan sjå på det som ein samtale mellom ei mor og ei dotter som ikkje lenger snakkar saman.

There is the truth of history, and there is the truth of what a person remembers.

Som tenåring elska eg boka. Som vaksen gjer eg eigentleg ikkje det. Eg trur det hovudsakleg heng saman med at smaken min har endra seg. Dette er ein fargerik sørstatsroman, og i aller høgaste grad ein dameroman. Det er ikkje mogleg å ikkje verta fascinert av Ya-Ya-kvartetten i sin heilskap, og det er heller ikkje mogleg å ikkje leva seg inn i Vivi Walker sitt liv. Ho er vakker, sterk, og kompromisslaus i alt. Både i kjærleik og i uvennskap. Ya-Ya-søstrene har redda kvarandre, gong på gong. Du vil verta riven med.

Some women pray for their daughters to marry good husbands. I pray that my girls will find girlfriends half as loyal and true as the Ya-Yas.

Denne lydboka har eg høyrt på litt av-og-på, innimellom pakking og sykling og ting som skal gjerast. Mi mindre enn ekstatiske kjensle for boka er kanskje prega av vekslande merksemd frå mi side. Det er ei god lyttaroppleving: opplesaren er flink til å engasjere, utan at det sklir heilt over til radioteater. Sørstatsdialekta sklir nokre gonger over til det parodiske (men eigentleg ikkje, altså!), men det gir eigentleg ein heil del til stemninga. Lydboka varar i 14 timar og 39 minutt.

Rebecca Wells (1992). The Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood.

Lydbøker: same same, but different?

Åtvaring: dette innlegget er ikkje ei bokmelding, men eg har mjukna opp innlegget med festlige reaction gifs (Sig.amn.). Eg lurar eigentleg på om de i det heile tatt lytter på lydbøker, og om det er nokon skilnad på kva de les etter kva medium de les i. 

Då eg var lita dumpa det med jamne mellomrom kassettar i postkassa. Eg hadde ein morfar på Austlandet, og han tok opp alle episodane av Barnetimen, og satte dei saman for oss, ofte med ein egendesigna trudelutt i byrjinga og på slutten. Ekstra stor stas var det når det var Anne Cath. Vestly eller Alf Prøysen på teipen. Som vaksen tykkjer eg framleis at det er veldig koseleg å høyre på ei kjekk bok medan eg gjer noko monotont eller keisamt. I det heile tatt er eg såpass vant til å høyre på lydbøker og radio/podcastar, at eg ikkje har satt opp eit stort skilje mellom lesing som, vel, lesing, og som lytting.

Eg dumpa nett innom ein artikkel med tittelen Your Brain On Audio Books: Distracted, Forgetful, And Bored:

The very freedom granted by audio books—inviting the eyes to wander, and then the mind—may make them less intellectually interchangeable with printed ones than some readers would like.

Og eg berre:

tumblr_lzcsxsvYwh1qlvwnco1_400

“Less intellectually interchangeable”? SEFF IKKJE, tenkte eg. Eg har jo kost meg så mykje med lydbøker, og i periodar der eg ikkje har hatt ork til å lese så mange papirbøker. Men så måtte eg faktisk tenkje litt over kva eg faktisk gjer når eg les lydbøker, og kva slags bøker eg velg å lese i det formatet. For det er faktisk ikkje likt!

Nettstaden visar til ei undersøkjing frå psykologisk institutt ved Universitetet i Waterloo (Canada). Den er litt meir nyansert enn det kan sjå ut til, men utgongspunktet er at når ein t.d. les høgt for seg sjølv er det fleire sansar som det vert “lagt beslag på” enn om ein berre skal lytte. Den store fordelen (og tydelegvis baksida) ved lydbøker er jo akkurat det at det frigjer hender og auge, slik at ein kan gjere andre ting.

Forsøket gjekk ut på å teste kor distraherte folk vart i ulike lesesituasjonar, og kor mykje dei fekk med seg av det dei las. Deltakarane 1) las høgt for seg sjølv, 2) vart lest høgt for, og 3) las eit avsnitt for seg sjølv. Det siste er sjølvsagt det dei fleste av oss forbind med det å lese. Fokuset låg på kor distraherte folk vart medan dei haldt på med dei ulike leseaktivitetane. Dei vart minst distraherte om dei las høgt for seg sjølv, og mest distraherte om dei lytta til at andre las. I tillegg kunne dei gjengi  minst av stoffet i del 2 av forsøket, og viste og minst interesse for det stoffet. Dette virkar sjølvsagt inn på lesarutbyttet. Artikkelelen forsøket resulterte i heiter The way we encounter reading material influences how frequently we mind wander. Nettopp fordi lydbøkene frigjer hendene og augene til å gjere heilt andre ting, gjer det at me kan miste fokus på det me held på med. Dette har stor relevans når ein skal ta pedagogiske val, anten som lærar eller i eige studiearbeid, men har det så mykje å sei når det gjeld lesing for lyst? Det indre dilemmaet mitt går kanskje mest på å finne ut kvifor eg eigentleg les. Er opplevinga i seg sjølv fullgod? Skal ein læra noko av alt ein gjer? Må ein hugse alle detaljar for å få noko ut av lesing? Forsøket er mest relevant for når ein skal lære noko. Samstundes er det veldig mange som meiner at ein skal læra noko av det ein les, uansett kva det no er.

Eg studerar litteratur, og etter lange dagar er ikkje det å sette seg ned med ei tung og god bok førstepri. Det går difor mykje i lettbeint litteratur. I nokre periodar meir enn andre. Eg les rett nok meir variert no enn det eg gjorde for nokre år sidan, og har tenkt å fortsetje med det (merk at med variert, utelukkar eg ikkje lettlest litteratur). Men når det gjeld lydbøker, er eg ikkje så variert. Undersøkinga viste at forsøkspersonane ikkje “hang med” i like stor grad nå dei vart lese for. Tendensen til å sone ut er nok høgare når det gjeld lydbøker. Eg gjer difor trygge val: anten så går eg for lettbeint litteratur, eller bøker eg har lese så mange gonger at det ikkje gjer noko om eg dett ut (eg ser på deg, Harry Potter). Og det er ikkje til å sjå vekk i frå at nokre litterære virkemiddel rett og slett blir litt kunstige og/eller kleine når andre les dei– heilt uavhengig av kor godt eg tykkjer dei fungerar når eg les romanane sjølv.

Summa summarum – uansett medium, det viktigaste er sjølvsagt at:

icfctzyx342hs
Men kva erfaringar har de gjort dykk med lydbøker? Førar formatet til at de gjer andre val når de les lydbøker? Kva situasjonar les de lydbøker i? Og ikkje minst– har de tips til gode lydbøker?