Harry Potter and the Cursed Child

Harry_Potter_and_the_Cursed_Child_Special_Rehearsal_Edition_Book_CoverEg har på ingen måte tenkt å gjera dette til ei fan-side for Harry Potter, men heilt utan at det var meininga klaffa den 32235252. lesinga av serien perfekt med Harry Potter and the Cursed Child, manuset til eit nytt stykke basert på den kjende verda. Manuset er godkjend av J.K. Rowling, men skrive av Jack Thorn. Den som er ute etter ei 8. Harry Potter-bok kjem til å bli skuffa. Det er meir eller mindre fan fiction, ein spin-off skriven av andre, og manusforma gjer at mykje av den direkte tilgangen til karakterane forsvinn. I tillegg vil du få eit nytt bilete av fleire karakterar, særskilt Harry og Draco, på godt og vondt. Harry Potter har ei heilt anna rolle i dette stykket enn i bokserien, og den er ikkje alltid like sympatisk. Dette er Albus Severus Potter si bok. Viss du derimot legg frå deg desse tankane, då kan det hende at du får nokre gode timar med boka. Det gjorde eg.

… there is never a perfect answer in this messy, emotional world. Perfection is beyond the reach of humankind, beyond the reach of magic. In every shining moment of happiness is that drop of poison: the knowledge that pain will come again. Be honest to those you love, show your pain. To suffer is as human as to breathe.

Harry er vaksen no, gift med Ginny og far til to gutar. Han er sliten, og strevar med farsrolla, særskilt når det gjeld Albus Severus. Far og son skjønar ikkje kvarandre, og det er tungt for Albus å vera sonen til far sin. Han ser slett ikkje på Hogwarts som det himmelriket det var for Harry. Han er einsam, og han har berre ein ven – saman med Scorpius Malfoy prøvar dei å finna plassen sin på Hogwarts og i Slytherin. Albus slit som sagt med familiearven, medan Scorpius stadig vert konfrontert med eit rykte om at det slett ikkje er Draco som er faren, men sjølvaste Voldemort. Stikkordet i boka er altså «daddy issues». Gutane finn ut korleis dei kan få verda på rett kjøl igjen: Dei kan redda Cedric Diggory. Dei reiser tilbake i tid, men finn ut at ringverknadane av å endra historien av og til gjer dette til det verste alternativet.

 

Manuset er av og til tungt å lesa. Eg trur dei var litt kjappe på labben med publiseringa. Eg har tru på at det kjem på plass på scenen, men no sit ikkje eg i ein sal i London, men i ein lenestol i Trondheim. Det kjem veldig tydeleg fram at det ikkje er Rowling som har skrive manuset, men nokre gonger er det akkurat som om manusforfattaren prøver å late som om det er Rowling sin stemme. Det kunne han like greitt ha latt vere med, for han skriv like godt som seg sjølv. Eg trur manuset er ganske tru til skodespelarane sine innspel, men det tyder ikkje at manuset ikkje kunne ha vore meir bearbeida, av omsyn til oss lenestolslitarar.

Det går fort, og det er vanskeleg å ikkje verta riven med av tempoet, sjølv om plot twisten presterer å vera både forutsigbar og lite truverdig til same tid. Tempoet er godt, og historia er mørk og rå. Det er vanskeleg å ikkje verta gripen av forteljinga om ein liten gut med ein distansert far , ein gut som går til ekstreme lengder for å få aksept hjå faren, og den passive faren som ikkje veit korleis han skal nå fram til sonen sin. Gjennom (dei noko kleine) replikkane får ein fram korleis me overser kvarandre, alt i beste meining.

 

Vildanden

vildandenEi myte om villanda: ei villand som veit at ho skal døy vil umerkeleg stiga ned i havbotnen, bita seg fast i tangen og venta på det som kjem – stille og ikkje til bry. Det er mykje som gøymer seg på loftet til Hjalmar Ekdal, mellom anna ei and. Dyret vart skadeskoten av grosserer Werle, men hunden hans plukka opp anda. Werle senior lot anda leva vidare hjå Ekdals, der vesle Hedvig kjælar med henne.

Grosserer Werle har hatt stor innverknad på familien, men har latt sin eigen gå for lut og kaldt vatn. Blodsbanda er såre, både hjå familien Ekdal og familien Werle.

 

HJALMAR (ler). Ha-ha, hvis du ikke var Gregers Werle, hva ville du så være for noe?
GREGERS. Kunne jeg velge, så ville jeg aller helst være en flink hund.
GINA. En hund!
HEDVIG (uvilkårlig). Å nei da!
GREGERS. Ja, en riktig urimelig flink hund; en slik en, som går til bunns efter villender når de dukker under og biter seg fast i tang og tare nede i mudderet.
(…)
Gregers og Hjalmar går gjennem gangdøren.)
GINA (ser hen for seg, med sytøyet i fanget). Var det ikke en underlig snakk at han gjerne ville være en hund?
HEDVIG. Jeg skal si deg en ting, mor – jeg tror at han mente noe annet med det.
GINA. Hva skulle det være for noe?
HEDVIG. Nei, jeg vet ikke; men det var liksom han mente noe annet enn det han sa – hele tiden.

I etterordet skriv Helene Uri at å lesa Ibsen er som å leggja ein kabal og sjå at kabalen går opp. Det kan godt henda at Ibsen visste at myta om sjøfuglen var nett dèt, men det viktigaste er at Gregers Werle trudde på denne fuglen som tappert skåner verda for smerta si. Hjå Eklunds bur det ei skadeskoten villand på loftet, men Gregers ser ein liknande skapning i vesle, svaksynte Hedvig. Gregers sitt ynskje om å vera «ein riktig flink hund» går djupare tilbake. Han har sendt seg sjølv i eksil for å syta for faren sitt firma, og gått ned dører for å få fram «den ideale fordringen». Werle ser ut til å tru at alt kan løysast, og at sanninga er vegen.

RELLING. Mens jeg husker det, herr Werle junior, – bruk ikke det utenlandske ord: idealer. Vi har jo det gode norske ord: løgne.

Det er sjølvsagt den same doktor Relling (sitatmaskinen) som meiner at «Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme». Dette er det mest helsefremjande doktoren gjer: Å la folk halde fast ved dei illusjonane som gjer livet litt lettare. Werle, på si side, gjer så godt han kan for å letta på dette sløret for at Gina og Hjalmar Ekdal kan ha eit «sant ekteskap».

Og viss du ikkje vil vita korleis dette går bør du slutta å lesa no. 

GINA. Tror du at unge Werle er riktig gal?
RELLING. Nei dessverre; han er ikke galere enn folk pleier være. Men en sykdom har han riktignok i kroppen.
GINA. Hva er det for noe som feiler ham da?
RELLING. Jo, det skal jeg si Dem, fru Ekdal. Han lider av en akutt rettskaffenhetsfeber.
GINA. Rettskaffenhetsfeber?
HEDVIG. Er det en slags sykdom, det?
RELLING. Jaha; det er en nasjonal sykdom; men den opptrer kun sporadisk.

Eg er usikker på om Werle sine handlingar er tufta på naiv godskap, eller om han har ein skjult agenda. Han er openbart svært sjalu på far sin, og ikkje minst på Hjalmar Ekdal. Medan grosserer Werle har forsømd Gregers, har han gitt Hjalmar Ekdal alle moglege sjansar. Ekdal har eit like komplisert forhold til sin eigen far, som trur han går på bjørnejakt i skogen når han eigentleg skyt kaninar på loftet. Hjalmar Ekdal er jålete, einvis og manipulerbar. Dette er en farleg kombinasjon, spesielt i ei lita loftstove der alle trippar forsiktig rundt kvarandre, vingeskotne. Det kan titt vera godt å la ting koma fram i ljoset, men i Vildanden er sanninga slett ikkje det beste. Menneska er ikkje i stand til å tola den, og minst av alt Ekdal. Han klarer ikkje å tilgi Gina, og når Hedvig ikkje er biologisk hans, kan det vera det same med heile jenta. Han vil ikkje sjå henne meir, sjølv om Relling ber ekteparet om å la barnet vera i fred. Gregers rår Hedvig til å ofre kjæledyret sitt for å visa faren kor mykje ho held av han. Hedvig går for langt, ho skal gi det kjæraste ho har – ho ofrar seg sjølv.

Det er frustrerande å lesa bøker der ingen gjer slik ein vil, der alle gjer feil, og der me veit at feila kjem til å koma. Kanskje særskilt i klassikarar, der me både veit at det kjem til å gå gale og korleis det gjer det. Til og med i døden skuffar karakterande, til dømes når mora som nett har mista dotter si ber mannen sin om å ikkje «anmasse» seg så fælt. Gregers sine siste ord mildnar heller ikkje den bitre ettersmaken. Han seier at han er glad for at held fast med «bestemmelsen» sin – å vera den trettande til bords.

Welhaven tok forresten og myta om villanden til sitt bryst (eller kanskje det var han som allmenngjorde ho?). Lars Lillo-Stenberg har ein fin coverversjon av diktet «Sjøfuglen» («En villand svømmer stille»), og den finn du på Spotify.

Utgåvene mine av «Vildanden» og «Et dukkehjem» er forresten frå ein finfin serie som vart gitt ut i samband med Ibsen-året. Serien heiter «Ibsen for et nytt århundre». Språket er lett modernisert. Elevane mine stillar seg sterkt tvilande til dette etter å ha lese Peer Gynt i same serie. Språkføringa er ganske lik originalen, men ortografien er modernisert. Bøkene er difor hakket lettare å lesa, og med spreke fargar på omslaga tek bokryggane seg godt ut i hylla.

Et dukkehjem

Viss du ikkje har fått med deg slutten på Et dukkehjem kan du slutta å lesa allereie no.

9788205336483_product_line_medium«Jeg må se å komme efter hvem der har rett, samfunnet eller jeg.»

Den vesle lerkefuglen, spillefuglen, ekornet, den skjønne tingesten – Nora spelar mange roller, og alle har ho fått frå andre: Først av far sin, så av Thorvald Helmer. I byrjinga er Nora, òg for lesaren, fjollete og hysterisk, ei overflatisk dame som berre gøymer éin ting for mannen sin: Makronspising. Det er ikkje så vanskeleg å ha løyndomar i eit ekteskap utan samliv. Nora elskar Helmer, og han forgudar henne, men dei kjenner ikkje kvarandre. Nora vil vera den yndige, muntre kona. Likevel strever ho med å fylle primæroppgåva si (å vera «smukk»):

NORA. Ja nu er jeg riktignok umåtelig lykkelig. Nu er det bare en eneste ting i verden som jeg skulle ha en sånn umåtelig lyst til.
RANK. Nå? Og hva er det?
NORA. Der er noe som jeg hadde en så umåtelig lyst til å si så Torvald hørte på det.
RANK. Og hvorfor kan De så ikke si det?
NORA. Nei, det tør jeg ikke, for det er så stygt.
FRU LINDE. Stygt?
RANK. Ja, da er det ikke rådelig. Men til oss kan De jo nok -. Hva er det De har sånn lyst til å si så Helmer hører på det?
NORA. Jeg har en sånn umåtelig lyst til å si: Død og pine.

Fjollete, javisst, men allereie her ser me kor avgjerande det er å skåna mannen frå alt det stygge. Ikkje fordi det er stygt i seg sjølv, men fordi det kjem frå ei kvinne. Det kjem og fram at ho har gjort verre ting enn som så. Ho har teke opp eit lån for å redda livet til Thorvald. Medan Thorvald akkar seg fordi den skjønne lerkefuglen sit og lagar julepynt i staden for å lysa opp kvardagen hans, veit han ikkje at Nora eigentleg arbeider på spreng for å få betalt ned på lånet sitt. Ho har snart betalt ned det siste, men nettet snørar seg for henne når lånaren kjem nærare og nærare. Thorvald har lite til overs for sakføraren, og seier heilt enkelt:

HELMER. Tenk deg blott hvorledes et sånt skyldbevisst menneske må lyve og hykle og forestille seg til alle sider, å gå med maske på like overfor sine aller nærmeste, ja like overfor sin egen hustru og sine egne børn. Og dette med børnene, det er just det forferdeligste, Nora.
NORA. Hvorfor?
HELMER. Fordi en sånn dunstkrets av løgn bringer smitte og sykdomsstoff inn i et helt hjems liv. Hvert åndedrag som børnene tar i et sånt hus, er fylt med spirer til noe stygt.
NORA (nærmere bak han). Er du viss på det?
HELMER. Å kjære, det har jeg titt nok erfart som advokat. Nesten alle tidlig forvorpne mennesker har hatt løgnaktige mødre.

Det helmerske hus har sansen for determinisme, og det meste av menneskelege veikskapar (fysisk eller karaktermessig) vert forklara med fedrene sine syndar. Dr. Rank sin sjukdom er til dømes eit direkte resultat av at far hans haldt seg med elskerinner. Nora vert brått medviten om korleis foreldra sine løgner skadar borna. Ho vert livredd for å korrumpera borna sine, og distanserer seg frå dei. Ho seier frå seg rolla som nærverande mor for å finne ut korleis ho kan få betalt ned skulda si utan at Thorvald finn ut av det heile. Nora sitt liv fell i grus, medan Thorvald berre unntaksvis går ut av kontoret for å la seg underhalde av den vakre kona si:

NORA. Fem. Syv timer til midnatt. Så fireogtyve timer til neste midnatt. Da er tarantellaen ute. Fireogtyve og syv? Enogtredve timer å leve i.
HELMER. (I døren til høyre). Men hvor blir så lille lerkefuglen av?
NORA. (imot ham med åpne arme). Her er lerkefuglen!

Fru Linde seier at «To på ett vrak står dog bedre enn én på hver sitt», og dette vesle skodespelet er fullt av slike vrakrester og einsame menneske som vil finne fram eller vekk frå kvarandre. Thorvald Helmer vil ha ein hjelpelaus «liten tingest», og Nora vil så gjerne fylle denne rolla. Dr. Rank elskar Nora, djupt ulukkeleg. Sakførar Krogstad og fru Linde spelar sitt eige spel. Eg las Et dukkehjem på vidaregåande, og la då lite merke til bikarakterane. I denne runden var desse dei mest spanande. Det er ikkje uproblematisk å heia på Nora, heller ikkje å hata Thorvald… Men det er veldig lett å stilla seg bak «Team Rank».

Slutten på skodespelet (spoiler-advarsel burde ikkje vera naudsynt) er berre byrjinga for Nora. Den verda ho skulle ut i var truleg ikkje venleg, men Nora vaknar og ser at ho har mista seg sjølv. Det vil sei, ho har aldri visst kven ho er, og no skal ho ut og finna ut kven som skal bestemme over henne: samfunnet eller ho sjølv. Sjølv i dag må leita etter  «det vidunderligste» vera vanskeleg å ta fatt på for både den det gjeld og omgjevnadane, og i 1879 brast nok mange perlehalsband då Nora gjekk av teaterscena for fyrste gong. Viss du, i likskap med meg, tykkjer at det mest spanande er kva som skjer etter at gardinene går ned, då kan du godt lesa stykket (ein gong til).

Ibsen avassosierte seg fort og greit med kvinnerørsla med å sei at oppgåva hans ikkje var å finne svar, men berre å stille spørsmåla. Viss du, i likskap med tyskarane, tykkjer at Nora sin sorti er vanskeleg å svelja, kan du trykka her for ein langt mindre dramatisk og meir lettfatteleg løysing på Nora og Thorvald sitt einaste felles problem.

Bok 15: Medea

717yO3RMjqL

Skodespelet tek utgongspunkt i det som har skjedd etter at den greske helten Jason kom heim med det gylne skinnet. Det er difor nyttig å ta ein kjapp gjennomgong av det som skjedde før. Jason er ein velkjend gresk helt, og ettermælet hans lev i beste velgåande i populærkulturen. Mellom anna tek Rick Riordan sin ungdomsserie Gudene fra Olympos mykje av handlinga frå mellom anna Jason sine prøvelsar. Jason må ut på ei reise for å få fatt i det gylne skinn. Berre slik kunne han få tilgang til den trona han hadde krav på. Han legg ut på skipet Argos, og saman med argonautane kjem han fram til Kolchis, der skinnet ligg. Kongen av Kolchis (Medea sin far) skal gi han skinnet dersom han kjem gjennom tre ulike prøvar. Dei ser ut til å vera umoglige. Med dette grip Afrodite inn. Ho går gjennom Eros, slik at Medea vert djupt forelska i Jason. Medea er ei kyndig heks, som får han gjennom prøvane. Med dette tek ho livet av sin eigen far. Saman røymer dei så til Korint, og får born saman. Her kunne det ha slutta, men det gjer det sjølvsagt ikkje, for Medea er ei god, gamaldags gresk tragedie: Jason forlet Medea for å gifta seg med dottera til kongen av Korinth. Slik vil han styrkje den politiske makta si. Og det er her skodespelet byrjar, in medias res.

Medea er i djup sorg. Amma står utanfor huset og srik si naud. Ho er redd for kva Medea vil finne på. Ho er redd for at Medea skal ta livet av borna sine, som ho ikkje ser på med noko anna enn hat. Ho veit at kongen av Korint vil drive Medea og borna ut av landet. Og det tyder berre ein ting– Medea forrådde far sin, og kjem til å døy. Då kongen kjem med dette bodskapet, tryglar Medea han om å la henne få bli. Ho får éin dag ekstra i Korint. Medea veit at ho må bruke denne dagen godt.

NB – frå her kjem det nokre spoilers- men eg trur ikkje at det skal stå i vegen for lesaropplevinga. Dette er vel ei historie mange kjennar til frå før. 

Sjølv ikkje når Jason sjølv fortel at han giftar seg med kongen si dotter av politiske grunnar, for å beskytte borna deira, går ho frå planen. Jason har såra henne for djupt, og gjort ho til latter. Prinsessa, kongen, Jason, til og med borna, må døy for det som har skjedd. Medea er framleis ei dyktig heks, og ho finn eit diadem og ein vakker kjole som ho skal skjenke prinsessa i bryllaupsgåve. Ho dynkar gåvene i gift, og sendar dei med borna. Ho kyssar så hendene deira før ho drep dei med kniv. Like etter kjem Jason i sorg. Når Jason kjem i sorg, lar ho han ikkje få sjå lika. Dei skal ikkje gravleggjast slik at Jason kan få sjå gravane. Ho flyg (bokstaveleg talt) til Athen, der ho har ei trygg hamn hjå kongen.

Meir interessant enn det openbart tragiske ved denne… tragedien… er kvinnetematikken. Slik eg les stykket, handlar det om å vera ei kvinne i ei manneverd, og det er ikkje ei revolusjonerande lesing:

A man, when he’s tired of
the company in his home,
Goes out of the house and
puts an end to his boredom
And turns to a friend or
companion of his own age.
But we are forced to keep
our eyes on one alone.
What they say of us is that
we have a peaceful time
Living at home, while they
do the fighting in war.
How wrong they are! I would
very much rather stand
Three times in the front
of battle than bear one child.

Medea er fanga i eit liv ho på ingen måte ønsker. Kjærleiken er ikkje sann, men berre eit resultat av Afrodite si forheksing. Men sjølv om kjærleiken ikkje er sann, er den bunnlause sorgen det. Og de kjennar vel til uttrykket «hell hath no fury like a woman scorned»?

Dette er ei kvinne som har blitt forlatt av mannen sin, og uansett korleis Jason rasjonaliserar valget, er det berre ei løysning som står klar for Medea: dei må døy. Sjølv borna. Ho gjer ein avtale med kongen av Athen, som seier at han ikkje kan hjelpe ho på vegen, men at om ho, mot alle odds, skulle dukke opp i Athen, skal ho få ein heim hjå han. Prisen ho må betale er at han skal hjelpe han og dronninga med å få born. Eg har ikkje heilt skjønt om det skal skje via trolldom, eller om ho skal bli kongen si konkubine. Om det er det siste, skjønar eg godt kvifor dette verket har fått ein renessanse i vestleg kultur etter dei fyrste feministrøyrslene. Medea har mange problem, men dei største kjem av at ho er kvinne, og det er kanskje og nett der løysninga ligg. Ikkje i at ho er ei dyktig heks, men at ho har ei kvinne si kropp. Det er og interessant at ei av gudinnene Medea tyr til i bøn er Artemis, som har vorte ståande att som noko så paradoksalt som ei feministisk gresk gudinne. Artemis hadde lite til overs for menn, og valgte sjølv å leve i evig sølibat. Medea meinte nok at det var den einaste gudinna som fullt ut kunne forstå sorgen hennar:

Why is there no mark engraved upon men’s bodies,
By which we could know the true ones from the false ones?

Medea vart skriven av Eurupides (alt. Evrupides) i år 431 f.Kr. Eg har lese Rex Warner si omsetting for Dover Thrift Editions (1993). Språket er modernisert og lett å følgje. Diverre vart formateringa veldig rar og vanskeleg å lese på Kindlen min. På Kindle-appen går det heilt fint, men eg kjøpar jo primært kindle-bøker for å kunne lese den kindlen. I tillegg nyttar han uvanlege namn på dei gudane han nemner, men det vert fort oppklart i fotnoter, som er ganske magisk på Kindle. Det skal nemnast at eg ikkje har lese meg opp på gresk mytologi på førehand, og lesinga vart foreteken i influensarus, så det kan godt hende at nokre av tolkingane mine er feil. Eg lar dei likevel stå slik dei er, så er de velkomne til å rette opp i mine feilobservasjonar!

Om de har lyst til å lese dramaet, finst det ei anna (litt mindre modernisert, men heilt gratis) utgåve her. Det finst og norske versjonar, og ein av dei skal Hedda på Boktanker lese. Eg gler meg til tolkinga hennar! Og dykkar!

Denne lesinga er ein del av bokhyllelesing 2015.