Kristina Ohlson: Fire kriminalromanar på fire dagar

I mars sto eg på Værnes, klar for å ta eit oppgjer med meg sjølv og eigne rutiner, før eg fann ut at ein godt kan kalla “vane” “tradisjon”, og i mangel på kyrkjegåing kunne eg denne påska, som sist, markera høgtida med ein god krim. Dette les eg ikkje så veldig ofte, men eg er svak for Camilla Läckberg. Lejontämjaren minna mistenkeleg om ein slutt, og eg trur ikkje at eg treng å halda pusten i påvente av ein ny oppfølgjar. Då eg spurte butikkdama om ei tilråing, sa ho at a) Kristina Ohlsson liknar på Läckberg, og b) sjølv meinte ho at Ohlsson var betre. Eg står att med eit “tja” til begge, men lesinga var god. Såpass god at eg måtte ut på to hasteturar for å kjøpa fleire bøker før butikkane stengde. Når det gjeld punkt b) kan eg berre sei at medan Ohlsson vinn på spanande handlng, manglar ho interessante hovudkarakterar. Eg føretrekk Erika og Patrik sitt kvardagsliv framanfor Fredrika og Alex Reicht sine keitete forsøk på å takla Livet, Kjærleiken og Døden.

Bok 1. Askepott

Ei lita jente forsvinn frå eit tog. Ein annan stad sit ei livredd kvinne som veit kva som har skjedd. Medan fleire born forsvinn sporlaust, freistar Fredrika Bergman å finna seg til rette som kvinneleg akademikar i eit mannsdominert politikorps. Boka er noko treig i starten, men når tempoet tek seg opp er det vanskeleg å leggje boka frå seg.

Bok 2. Tusenfryd

Medan ein einsleg flyktning finn ut kva hans del av den avtalen som vart gjort med menneskesmuglarar eigentleg går ut på, drep ein prest seg sjølv og kona. Bergman og Alex Recht kjem over eit internasjonalt smuglarnettverk, og avdekkar eit system langt større enn seg sjølv. Klokka tikkar.

 

Bok 3. Englevaktene

Eit lik vert funne. Det er fleire år sidan den unge litteraturstudenten vart drepen, partert og dumpa i ei grunn grav. Rebecca Trolle skreiv eigentleg ei akademisk oppgåve om ein kontroversiell forfattar, men det syner seg at ho hadde ei lita etterforsking på si’. Òg i denne boka veit nokon kva som har skjedd. Problemet er at ho ikkje har snakka på fleire år. Dette var den boka eg likte best.

 

Bok 4. Paradisoffer

Få timar etter at flyet letta frå Arlanda finn flyvertinna eit trusselbrev. Boeing-flyet sirklar i lufta medan det svenske politiet og regjeringa finn ut korleis dei kan få passasjerane trygt ned utan å etterkoma krava. I denne boka mista eg interessa. I tillegg vert ein ny etterforskar introdusert, og ho klarar eg rett og slett ikkje. Ohlsson prøver å få fram ein fleirdimensjonalitet, men sjølv om liva til personane tek nye vendingar, utviklar dei seg ikkje. Dei vert ståande att som store born. Det er kanskje ikkje så langt frå røynda, men særskilt spanande å lesa om er det ikkje.

Sjølv om eg, som medlem av Netflix-generasjonen, helst les ein serie i eit strekk, ville eg nok ikkje gjort det med denne ein gong til. Manglane i serien vert tydelegare når ein les utan pause. Det er likevel lett å falle for freistinga då bøkene, trass alt, er ganske spanande. Plotta  er kompliserte (om enn noko utslitte, med unnatak av Englevaktene), og vert elegant nausta opp.

Bok 33: Tordivelen flyr i skumringen

9788242138293_2I serien Signe-gjer-keisame-ting: ein todagars køyretur frå Bryne til Trondheim. Det kan vera vanskeleg å finna ei bok som passar for både sjåfør og passasjer, som er lett å følge med på, og som er passe lang. Løysinga vart ein klassikar frå barndomen: Tordivelen flyr i skumringen. Eg trur faktisk at eg berre har lese Gripe sine romanar som lydbøker. Sist runde må ha vore lenge sidan, for eg hugsar mykje plundring med kasettband. Overgangen frå då til no er stor, for denne gongen vart det blåtannoverføring frå mobiltelefonen. Forteljinga fungerte like godt, med eit atterhald som eg skal kome tilbake til.

Jonas, Annika og David skal vatne blomar på herregarden. Det er spesielt ein blom dei må passe på. Blomen sin velferd er uforklarleg, og når den kviknar til strekk den seg ikkje mot sola – den pekar veg til moglege løysningar. Dei finn ei bunke med brev frå 1700-talet, og vert vikla inn i jakta på ein egyptisk tvillingstatue. Jonas møter saka med journalistisk nysgjerrigheit, David med akademisk interesse, og Annika med frustrasjon over at ingen tek inn over seg at statuen handlar om ei menneskeleg tragedie. Ei gamal dame byrjar å ringe David, og saman spelar dei et lenger parti med sjakk. Kven er ho? Kor kjem musikken frå? Forteljinga er mangefassetert, og vel gjennomført. Det er mange vendepunkt, og lyttaren sitt heile tida med ei kjensle av at løysinga er openbar – heilt til det skjer noko som endrar spelereglane. Tordivelen viser stadig veg.

‘Alt levende hører sammen.’ De ord sa han ofte til mig. Han visste at de døde også lever.

Tordivelen flyr i skumringen passar best til større born, og eg er usikker på om den har tolt tidas tann. Den baserer seg mykje på teknologi frå dåtida, og dagens kids vil nok stusse når dei kjem over meldingar om at ein ikkje må sløse med lydband, komplikasjonar med trykk av aviser, og så vidare. Det er sjølvsagt vanskeleg for meg å spekulera i om eit barn vil hefta seg nok med desse elementa til at det faktisk gjer noko, men eg vil tru at desse delane vil framstå som rare, i beste fall eksotiske. Som vaksen innehaldt historia ikkje like mange grøss, men mykje undring. Forteljinga engasjerte begge globetrottarane, og vart eit godt avbrekk frå det som viste seg å vera eit skalkeskjul for stavkyrkjesafari.

Eg gjekk med vilje ikkje for høyrespelversjonen, fordi ein kvar kan bli skremt frå vetet når dei døde tek kontakt. Det skal nemnast at NRK sin versjon vann pris som tidenes beste høyrespel, så ein litt modigare person enn meg kan godt velje denne. Ane Dahl Torp gjer ein god jobb som opplesar. Ho les med ei nøytral og oversiktleg innleving, og gjer historia svært levande.

Det einaste aberet med lyttaropplevinga går faktisk på Lydbokforlaget sin app, som er frykteleg lite brukarvenleg og vrang å ha med å gjera. Det går til dømes ikkje an å styre appen frå hovudskjermen, og den tek ikkje pause når eg får ein telefon. Den eg snakka med fekk god innføring i blomane på Selandergarden. Eg har android-telefon, så det er mogleg at ios-versjonen er betre.

Maria Gripe (1979). Tordivelen flyr i skumringen. 10 timar og 17 minutt.

Bok 18: Eld

tumblr_lzox6jJKox1r0lan6o1_1280Eld er andre bok i Engelsfors-trilogien. Den fyrste, Cirkeln, har eg skrive om her. Eg hadde ikkje tenkt å lese denne med ein gong, litt fordi eg ikkje har tid, litt fordi eg kanskje skal halde ei eksamensforelesning om Cirkeln om nokre månader, og ikkje hadde tenkt å “besudle” analysen med informasjon som sitt utafor den fyrste boka. Men så klarte eg ikkje å la vera. Eld var faktisk så spanande at eg ikkje trur at eg har noko anna val enn å bestille heim tredje bok (Nøkkelen) seinare. Noko eg absolutt ikkje har tid til. Men så kjekk er denne trilogien faktisk. Eg driv og analyserar Divergent for tida. Ei av dei mest begredelige bøkene eg har lese på nokre år, og la oss berre sei at den ikkje vert mindre irriterande å bruke eit år på å analysere den. Så eg vert så glad og gira når det dukkar opp god ungdomsfantasy med interessante, aktive og fleirdimensjonale jenter.

Det heile er pakka inn i Engelsfors, ein oppdikta (trur eg?) stad som skrik bygdedyr og deprimerande ungdomstid. Jävla fuckings kuk-Engelsfors. Ida, Linnéa, Vanessa, Minoo og Ann-Karin er Dei Utvalde. Saman dannar dei ein heksesirkel. Dei veit ikkje kva det vil seie å vera Utvald, dei kjennar ikkje kreftane sine fullt ut, og dei likar eigentleg ikkje kvarandre sånn kjempegodt heller. I tillegg har dei Rådet over seg, dei vert granska for regelbrot, og må trø med varsemd – midt oppi det som truleg er apokalypsen. Engelsfors er nemleg ein slags Hellmouth, eit punkt på jorda der forbindinga mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn. Og oppi det heile kjenner Linnéa kjensler for Vanessa som ho veit at ho definitivt ikkje burde ha, Ida sin perfekte fasade held på å sprekke, det er noko rart mellom Minoo sine foreldre, og Ann-Karin må betale for det ho gjorde i førre bok.

Jag har varit med nån annan. Hon väntar på tårarna men inga kommer. Hon kännar sig som den där uttorkade ryska sjön som de läste om i geografin, den som en gång var en av världens största sjöar, men nu bara är en liten pöl i öknen. En jävla pöl i den ryska öknen. Det är så hon känner sig.

Og han nye guten?

En nyinnflyttad elev på Engelsfors gymnasium är sällsynt i sig. En nyinflyttad elev som Viktor går emot alla naturlagar. Han hör inte hemma här. Det är som om någon planterat en exotisk orkidè i Engelsfors granskogar.

Det er ikkje lett å gå på vidaregåande, men det er enno mindre lett når det plutseleg berre er desse som kan stoppe verdas undergang. I tillegg er det ei ny røyrsle som grip Engelfors: Positiva Engelsfors! (Ja, med utropsteikn. PE er glade i utropsteikn.) I seg sjølv ganske kleint. Men det som i byrjinga berre høyrest ut som ein gjeng som har lese The Secret eit par gonger for mykje, visar seg å vera altoppslukande. Plutseleg har halve Engelsfors vorte ein del av ei sekt. Det er lett å vera med. Det visar seg at det er frykteleg vanskeleg å stå utanfor.

Eg las boka i eit strekk, berre avbroten av sove- og vaffelpausar (hardt liv). Den er mykje meir thriller-driven enn den fyrste boka, men det går aldri ut over truverdigheita. Eg trur verkeleg på desse jentene her, og er med på alt. Av og til er boka veldig morosam (Apokalypsen är en bagatell i jämförelse. Volleyboll är det absolut värsta en människa kan utsättas för.), nokre gonger er det vare historiar og lagnadar som kjem fram. Men den er alltid veldig, veldig spanande. Historien driv seg sjølv, i så stor grad at eg måtte avlyse heile laurdagskvelden og gløymte middagen.

Eit kjapt googlesøk bekrefta at eg ikkje er aleine om å ha blitt fanga i denne verda. Les gjerne meir på Bokhora, Siljes skriblerier, Flukten fra virkeligheten.

Eld (2012). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 663 sider.

Tilleggsopplysing: Cirkeln kom nett ut som film. Og den har eg, som aldri går på kino, veldig lyst til å sjå. Ryktene seier at den ikkje har vorte vurdert for kino sidan det er ein *svensk* ungdomsfilm. Og det tykkjer eg er eit svært dårleg val, ut frå traileren.


Bok 9: Lejontämjaren

Ein ryttar på tur ein vinterdag. Ut frå skogen kjem ei jente. Akkurat då ryttaren forstår at ho blør, at ho ikkje har auge, vert ho påkøyrt av ein bil. Ho døyr på sjukehuset. Det visar seg at det er Victoria, som har vore sakna i tre månadar. Det visar seg og at nokon har fjerna augene hennar. Og tunga. Og dryppa syre i øyrene.

Tänk efter: Victoria fråntogs syn, hörsel och smak, hon var som instängd i ett mörkt, tyst rum utan möjlighet att kommunicera. I princip skapade gärningsmannen en levande docka.

Og det er ikkje berre Victoria som er vekke. Det har forsvunne fleire jenter i same alder i området rundt Fjällbäcka. Politiet vert sjølvsagt kopla inn, og Patrik Hedström prøvar å finne ut om det er nokon link mellom Victoria og dei andre jentene. Kona til Hedström, Erica, held på si side på med ei ny bok om eit tidlegare mord i Fjällbäcka. Ho intervjuar Laila, som tok livet av mannen sin for 40 år sidan. Mannen var tidlegare sirkusartist, løvetemjar. Då politiet fann mannen død, fann dei og paret si vesle jente lenka fast i kjellaren.

Det er vanskeleg å skrive noko smart om ei krimbok utan å avsløre heile handlinga, så eg nøyar meg med dette: skildringane og hendinga i boka er brutale, nokre av momenta til og med sjokkerande, men det høyrer med til ei god krimbok. Det er ei fascinerande skildring av menneskeleg ondskap i ulike formar, og eit spørsmål om kor ondskapen kjem frå. Er ondskap noko ein er føydd med?

Läckberg har funne sin formel, og den fungerar. For meg. Eg har lese alle bøkene i serien, og det medførar at eg veit korleis dei kjem til å sjå ut: det er ei veksling mellom Patrik og Erica, og glimt frå fortida. Gjennom desse glimta nærmar me oss løysninga i takt med Patrik og Erica. Det er ein sånn sjangar som ein anten likar eller ikkje. For nokon vert det retrospektive litt repetitivt, men eg tykkjer at det er ein del av sjarmen. For min del er det fornøyeleg. Det er ei lettlesen og underhaldande krimbok, der lesaren er i takt med handlinga, og det går an å gjette seg fram til kva som eigentleg har hendt – utan at det vert forutsigbart. Men litt skortar, spesielt når det gjeld personane i Fjällbäcka-galleriet. Dei har hatt ei stor utvikling sidan fyrste bok, og det har vore veldig kjekt å følgje liva til Patrik og Erica, Anna og Dan, og til og med Mellberg. Til og med Kristina, som kanskje er den mest irriterande svigermora det er mogleg å ha. Men den sida av historien er litt halvhjarta denne gongen, og forfattaren kastar ut ein del ting som ikkje er heilt tilfredsstillande. Som då Kristina, mor til Patrik, plutseleg kjem trekkjande med ein ny kjærast som står klar med drill i handa for å fikse alt det dei ikkje får gjort, og alle er sjokkerte og irriterte, men så gløymer dei at dei er det.

Som nokon på Goodreads har påpeika, er det ei stund sidan sist Fjällbäcka-roman, og kombinert med at heimelivet til karakterane er ganske så harmonisk (med unntak av litt trassalder og kolikk) ser det kanskje ut til at Läckberg har mista sansen for konseptet… Dette er niande bok i Fjällbäckaserien, og om du ikkje har vore borti dei før, er det ikkje denne boka som kjem til å imponere mest. Bøkene kan godt lesast frittståande, og då vil eg heller anbefale Tyskerungen eller Fyrvokteren. Men for all del, Løvetemmeren er interessant, grusom, og spanande.

lejontamjaren-lackberg_camilla-29891115-1073716952-frntlBoka kjem ut på norsk 15. mars, i perfekt tid til påske (vil eg tru– eg er ein av dei som aldri kjem på at det er påske før butikken er stengt). Kjøp den, og du får nokre spanande timar foran deg. Men prøv gjerne å unngå å lese den akkurat når du eigentleg skal gjere ferdig datamaterialet til masteroppgåva di. For då får du ikkje gjort akkurat det. Du får heller ikkje stått opp tidleg dagen etterpå, om du endar opp som meg, og berre MÅ skrive om boka. Då vert klokka nemleg plutseleg halv tre på natta. Og det er jo eit teikn på at boka, sjølv om ho skuffa på Erica og Patrik-planet, gjorde god teneste som kriminalroman!

Lejontämjaren, Camilla Läckberg. Svensk utgåve, Bokförlaget Forum. 2014 (ebok). 351 sider.
Norsk tittel: Løvetemmeren. Gyldendal forlag.

Bok 4: Snøstorm og mandelduft

Snoestorm-og-mandelduft_productimageSnøstorm og mandelduft. Camilla Läckberg 2010.

Lesesituasjon: Ekstremvêret rår på Jæren, der eg er på julejobbeferie. Me har vorte åtvara mot å gå ut, og lysa flakkar. Då er det einaste logiske å tenne nokre kubbeljos, hive litt badesalt i badekaret, og leggje seg til bløyt. Det er kanskje det mest jentete eg har gjort så langt. Fann ei tilfeldig bok i familien si bokhylle. Eg les ikkje veldig mykje krim, men har lese alle Fjällbacka-romanane til Läckberg. Denne har eg ikkje brydd meg noko særleg med, men krim høyrtes ut som eit klokt val når ein fyrst skulle liggja i halvmørkret og høyre på uvêret. Passande nok er uvêret sentralt i denne kortromanen.

Politimannen Martin Molin har noko motvillig takka ja til ein førjulstur med kjærasten sin familie. Dei skal til ein herregard på ei øde øy. Det er snøstorm, og dei mistar kontakt med fastlandet. De ser kor dette går: allereie på s. 19 trugar den rullestollenka patriarken med å gjera heile gjengen arvelaus, før han i neste minutt døyr på storslått vis midt i matfatet. Dei står værfaste på øya, bestefar Ruben ligg bokstaveleg talt på kjøla, og det er opp til Martin å finne ut kven som har gjort det. Gyldendal kallar kortromanen eit “lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd”. Meir klassisk “whodunnit” vert det i alle fall ikkje.

Lengda krevjar ein stram komposisjon, og der lykkast Läckberg delvis. Romanen er på 170 sider, vart lesen ut på nokre få timar i badekaret. Inntrykket gir seg i takt med rosintærne. Den fyrste halvdelen er ganske keisam, med litt halvhjarta introduksjonar av slekta Liljecrona – ein stort sett usympatisk gjeng. Men det tek seg opp når introduksjonane er rydda ut or vegen, og forfattaren og Martin kjem nærare sjølve mysteriet. Det er rett nok naudsynt å bruke tid på å forklare motiva til dei ulike personane, men av di boka er såpass kort, vert det stivt. Noko som kan vere ein fordel med måten persongalleriet vert lagt opp på, er at det vert artigare å gjette på kven som har gjort det. Det er dårleg gjort å fortelje om slutten på ein kriminalroman, så det skal eg ikkje gjere, men bitane fell på plass, og slutten er ganske interessant.

Eg har som nemnt lese ein del Läckberg, og tykkjer jamnt over at ho er god. Bøkene om Patrick og Ericka er bygd opp på ein interessant og fengjande måte. Tyskerungen, Englemakersken, og Fyrvokteren er favorittar – og sjølv om du godt kan lese Fjällbacka-romanane kronologisk, fungerar dei godt frittståande. Mandelduft og snøstorm var ingen stor höydare. Ikkje les om du skal møte svigers for fyrste gong på hyttetur. Men om du berre skal på hyttetur med deg sjølv og treng ein lettlesen krim, er dette eit like godt val som mykje anna.