Bok 1: Get Even (Don’t Get Mad)

20483075DGM (Don’t Get Mad) er ei gruppe tenåringsvigilantar som tilsynelatande berre har to ting til felles: manglande tillit til kvarandre, og eit overdimensjonert hevnmotiv. DGM vart forma for eit år sidan, som ein reaksjon mot mobbing på den katolske privatskulen. Mobbarane vert hengt ut på ein måte som svarar til handlingane. Nærare bestemt: videoar av audmjukande hendingar, avsløringar av juks, kort sagt: DGM publiserer ting som øydelegg sosial status, utan omsyn til kva det inneberer for personen som vert hengt ut. Dette er sjølvsagt tilfredsstillande for ein sjølvrettferdig lesar (hei), men etter kvart får ein ei kjensle av at dei får meir enn fortent.

Margot (nerd, fengsla av eit strengt studieregime for foreldre som ikkje vil meir for dotter si enn eit saftig Ivy League-stipend), Kitty (driftig volleyballkaptein), Olivia (med ein god fot innafor den populære krinsen, og ein ustabil heimesituasjon på kjøpet) og Bree (opprøraren i den prestisjefylte familien, med ei trong til maktdemonstrasjonar som vil vekke faren si merksemd – og kanskje kjærleik) dannar eit «motley crew».

Når boka byrjer har dei allereie forma hemnaksjonsgruppa – hemmelege teikn og løfte(I *sett in namn* do solemnly swear that no secrets shall leave this square) inkludert. Det vert vist til tidlegare, tydingsfulle hemnaksjonar. Alle veit kva DGM er, men ingen veit kven dei er. Rektoren og gymlæraren dreg i gang ei heksejakt (i staden for å la politiet arbeide i fred, men i all rettferd: ei serie av tenåringsdrap vert undersøkt av ein person, ein person åleine, og han er djupt uinteressert):

“One year of free tuition,” Coach Creed said. “To whoever can force our suspect to confess to his involvement with DGM.”

Innsatsen vert brått høgare og farlegare: Tidlegare (og noverande) ofre byrjar å døy. Felles for dei alle er at det vert lagt att eit visittkort. Det einaste teiknet på korta er gruppa sine initial.

Det mest slåande med denne boka er forhistorien. Forfattaren har allereie  lagt mange viktige og retningsgivande handlingar bak seg – utan at lesaren får meir informasjon om desse enn at dei har hendt. Det vert litt vel praktisk for forfattaren, og litt vel forvirrande for lesaren – gjennom heile serien gjekk eg rundt og trudde at eg hadde gått glipp av ei fyrste bok. Det er heller absolutt ingen grunn til at serien skal vera ein serie. Den fyrste boka stoggar midt i handlinga, men ikkje naudsynt i eit crescendo. Det ser ut til at forlaget har opna det originale manuskriptet på midten og funne ut at det var ein fin plass å dele for å få to publikasjonar i staden for ein. Cash is king.

Når det er sagt: boka er veldig spanande. Sjølv om det er mykje det er vanskeleg å svelje, og ikkje minst mange val det er vanskeleg å få nokon sympati for, er det vanskeleg å ikkje bli engasjert av dei små spora. Men heilt seriøst: om forlaget såg det verdt å dele boka i to, kunne dei like greitt fått forfattaren til å skrive ei fyrste bok. Forteljaren har for mykje informasjon som lesaren ikkje har, og ein sitt heile tida med ei kjensle av å bli ekskludert.

Gretchen McNeil (2014). Get Even (Don’t Get Mad 1). 320 s.

Bok 18: Eld

tumblr_lzox6jJKox1r0lan6o1_1280Eld er andre bok i Engelsfors-trilogien. Den fyrste, Cirkeln, har eg skrive om her. Eg hadde ikkje tenkt å lese denne med ein gong, litt fordi eg ikkje har tid, litt fordi eg kanskje skal halde ei eksamensforelesning om Cirkeln om nokre månader, og ikkje hadde tenkt å «besudle» analysen med informasjon som sitt utafor den fyrste boka. Men så klarte eg ikkje å la vera. Eld var faktisk så spanande at eg ikkje trur at eg har noko anna val enn å bestille heim tredje bok (Nøkkelen) seinare. Noko eg absolutt ikkje har tid til. Men så kjekk er denne trilogien faktisk. Eg driv og analyserar Divergent for tida. Ei av dei mest begredelige bøkene eg har lese på nokre år, og la oss berre sei at den ikkje vert mindre irriterande å bruke eit år på å analysere den. Så eg vert så glad og gira når det dukkar opp god ungdomsfantasy med interessante, aktive og fleirdimensjonale jenter.

Det heile er pakka inn i Engelsfors, ein oppdikta (trur eg?) stad som skrik bygdedyr og deprimerande ungdomstid. Jävla fuckings kuk-Engelsfors. Ida, Linnéa, Vanessa, Minoo og Ann-Karin er Dei Utvalde. Saman dannar dei ein heksesirkel. Dei veit ikkje kva det vil seie å vera Utvald, dei kjennar ikkje kreftane sine fullt ut, og dei likar eigentleg ikkje kvarandre sånn kjempegodt heller. I tillegg har dei Rådet over seg, dei vert granska for regelbrot, og må trø med varsemd – midt oppi det som truleg er apokalypsen. Engelsfors er nemleg ein slags Hellmouth, eit punkt på jorda der forbindinga mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn. Og oppi det heile kjenner Linnéa kjensler for Vanessa som ho veit at ho definitivt ikkje burde ha, Ida sin perfekte fasade held på å sprekke, det er noko rart mellom Minoo sine foreldre, og Ann-Karin må betale for det ho gjorde i førre bok.

Jag har varit med nån annan. Hon väntar på tårarna men inga kommer. Hon kännar sig som den där uttorkade ryska sjön som de läste om i geografin, den som en gång var en av världens största sjöar, men nu bara är en liten pöl i öknen. En jävla pöl i den ryska öknen. Det är så hon känner sig.

Og han nye guten?

En nyinnflyttad elev på Engelsfors gymnasium är sällsynt i sig. En nyinflyttad elev som Viktor går emot alla naturlagar. Han hör inte hemma här. Det är som om någon planterat en exotisk orkidè i Engelsfors granskogar.

Det er ikkje lett å gå på vidaregåande, men det er enno mindre lett når det plutseleg berre er desse som kan stoppe verdas undergang. I tillegg er det ei ny røyrsle som grip Engelfors: Positiva Engelsfors! (Ja, med utropsteikn. PE er glade i utropsteikn.) I seg sjølv ganske kleint. Men det som i byrjinga berre høyrest ut som ein gjeng som har lese The Secret eit par gonger for mykje, visar seg å vera altoppslukande. Plutseleg har halve Engelsfors vorte ein del av ei sekt. Det er lett å vera med. Det visar seg at det er frykteleg vanskeleg å stå utanfor.

Eg las boka i eit strekk, berre avbroten av sove- og vaffelpausar (hardt liv). Den er mykje meir thriller-driven enn den fyrste boka, men det går aldri ut over truverdigheita. Eg trur verkeleg på desse jentene her, og er med på alt. Av og til er boka veldig morosam (Apokalypsen är en bagatell i jämförelse. Volleyboll är det absolut värsta en människa kan utsättas för.), nokre gonger er det vare historiar og lagnadar som kjem fram. Men den er alltid veldig, veldig spanande. Historien driv seg sjølv, i så stor grad at eg måtte avlyse heile laurdagskvelden og gløymte middagen.

Eit kjapt googlesøk bekrefta at eg ikkje er aleine om å ha blitt fanga i denne verda. Les gjerne meir på Bokhora, Siljes skriblerier, Flukten fra virkeligheten.

Eld (2012). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 663 sider.

Tilleggsopplysing: Cirkeln kom nett ut som film. Og den har eg, som aldri går på kino, veldig lyst til å sjå. Ryktene seier at den ikkje har vorte vurdert for kino sidan det er ein *svensk* ungdomsfilm. Og det tykkjer eg er eit svært dårleg val, ut frå traileren.


Bok 14: They All Fall Down

stcl_9780385742719_jkt_all_r1.indd

Det nest siste året på high school skjer det noko rart med Kenzie. Kenzie er i periferien av skulehierarkiet. Ho tek avanserte fag, og er oppteken av latin. Ho håpar på å kome inn på klassiske studier på Columbia, for å kome seg vekk. Frå minnet av broren, og frå mora som er alt for overbeskyttande etter at broren, Connor, døydde to år tidlegare. Av ukjende grunnar vert ho plassert på The Hottie List. The Hottie List er ein institusjon på skulen. Dei ti heitaste jentene på skulen vert plassert på ei liste som vert teken djupt seriøst, i alle fall av dei som er på ho. Men dette året skjer det noko urovekkande. Nummer ein døyr. Så nummer to. Er det ei forbanning som ligg over lista? Eller noko langt meir realistisk? Kenzie er nummer fem. Quinte. Merkelege ting byrjar å skje med henne:

Now I really feel stupid. And, whoa, dizzy. I walk to the kitchen because I was absolutely sure I’d heard Mom in there. But the room’s as quiet and still and empty as when I came in. I go straight to the door and check the latch, which is firmly horizontal and locked. Okay, totally an overactive imagination. But what is that smell? Good God, did someone blow one in here? I turn in a circle, my gaze stopping on the lock, my book bag, the mail, the partially opened pantry door. Did I leave it like that? Another set of chills rises over my arms because I swear, I did not leave that door open. I take a step closer and then I hear something. A low, soft, slow … hiss. What the hell is that noise? I look at the stove to see that the back burner knob is twisted to the right—on—but there are no flames. What does that mean? It means that poisonous gas has been seeping through the whole house, and if I hadn’t just noticed, I’d have been dead in about ten minutes.

Tida er knapp, og mysteria mange.

Det tok litt tid før forteljinga klarte å dra seg i gang, men når det fyrst tok av, vart det veldig spanande. Du vert sittande og gjette på kva som skal skje, og klarar det aldri. Vel, nesten aldri, for det er nokre litt vel tydelege frampeik, som når nummer to tek seg ein shot av druesprit og utbryt «Thank God I’m allergic to peanuts and not to grapes». Gjett kva som skjer der!

Romanen har nokre klare veikskapar. Kenzie er morosam og truverdig som tenåring, og med eit lynande intellekt. Det kunne vore så bra! Men ho er veldig passiv. I staden for å ta stilling til dei dilemma ho står ovanfor, står ho heile tida på utsida og skildrar dei passivt: Skal ho ta velgje Josh (populær rikmannsgut) eller Levi (notorisk badass: «Levi Sterling? He’s a threat to the heart, the mind, the sanity, and quite possibly the virginity.»)? Korleis kan ho skværa opp med bestevenninna? Korleis kan ho frigjere seg frå den overbeskyttande mora? Korleis kan ho nå opp til dei akademiske ambisjonane sine? Det er frustrerande å sjå ein kvinneleg hovudfigur som har så mykje potensiale, men som berre går med vinden. Imidlertid tykkjer eg at det er veldig frigjerande med ein så intelligent kvinneleg hovudkarakter. Ho er veldig smart, og det spelar ei stor rolle i plottet si utvikling.

Eg fann boka på Lesenyter. Ho var ikkje veldig positiv, men konkluderte med at «Det er ikke en bok som blir med deg lenge, men den er underholdende så lenge det varer.». Det kan eg stille meg bak. Eg kjøpte boka fordi denne veka var ganske lik sist veke: Eg skulle ut på reisefot, og trong noko lettvint. Bokmeldinga til Lesenyter såg veldig aktuell ut. Eg fekk ikkje lest så mykje, då sidekameraten på flyet var full og snakkesalig (hurra), men så vart eg sjuk, og sidan eg sjølvsagt var døden nær, var denne boka akkurat passe spanande og akkurat passe underhaldande. Men eg skulle så gjerne sett ein meir aktiv hovudperson.

They All Fall Down. Roxanne St. Claire. 2014. 352 s. Kindle Edition.