Ti på tysdag: Top Ten Bookworm Delights

1. «Har du ei bok du trur eg ville ha likt?» 
Altså, DO I EVER. Dette er eitt av dei største kompliementa eg kan få. Sjølv om det ikkje er sikkert at personen spør igjen etter å ha vorte geleida gjennom dei siste 40 bøkene eg las.

534469__safe_solo_twilight+sparkle_animated_princess+twilight_image+macro_upvotes+galore_hub+logo_reaction+image_wink

2. Den kjensla når klokka plutseleg er to, og du skal på jobb dagen etterpå
Du hatar deg sjølv meir enn berre litt, men det er så totalt verdt det. Kva skjedde mellom ti og to? Det kjem du aldri til å finna ut av. Men no som dagen derpå likevel er øydelagt kan det jo ikkje skada med eit par sider til…

3. Når du ser at vener angrar på enkle spørsmål som «les du noko kjekt for tida, då?» fordi dei ikkje venta seg ein ti minutt lang monolog, men dei lar deg snakka likevel.
Det kan jo berre tyda på ein ting: ekte kjærleik.

4. Loppisar med eigen bokseksjon. 
Altså, hallo. Eg har eigentleg manglande tålmod til Fretex og loppemarknadar (skjønar interessa, men eg held berre på merksemda ca. like lenge som eit barnehagebarn), men eit heilt hjørne med nedstøva boklukt og skjulte skattar… Av og til kjem du over eit ekte funn, der nokon med sans for bøker har tømt bokhylla. Det er stort sett her eg finn klassikarar (i den grad eg les klassikarar…). Fine bøker med god patina til ein tier per oppleving.

5. Å lesa gamle favorittar for andre, tredje, sjette, tiande gong. 
Eg les bøker eg likar mange gonger. MANGE gonger. Elskar å opne ei bok med ei venting om kva stemning som kjem til å treffa meg. Og ikkje minst, å få ventinga innfridd. Lukke.

6. Bøker som er gode å ta på.
Dette gjeld sjølvsagt både gamle og nye bøker. Kjære bokbransje, i ei digital verd er taktilitet boka sitt største fortrinn. Kost på forteljinga litt tjukt papir og eit omslag som ikkje er i plast, sånn at eg skjønar at det er ei bok eg les.

7. Fellesskap med andre lesarar, heilt uavhengig av boksmak. 
Det er lite som er så sympatisk med nye kjenningar som å koma inn og finna ei bok med ryggen opp på eit eller anna bord. Det er det same om det er Ibsen, Pondus eller ei lengre utgreiing om Sovjet sitt fall. Dette er eit kvalitetsteikn som aldri har slått feil, men spør meg igjen den dagen eg finn Mein kampf på eit nattbord. Eller Min kamp.

8. Å tvinga ungdom til å lesa bøker. 
Altså, jobben min. Sjølv om eg trur eg kjem inn med verdas største gåve («No skal me lesa EI HEIL BOK!» Fritt val!) er ikkje responsen alltid slik eg ventar (sjå punkt 10). Likevel kjem dei som oftast overraska tilbake for å sei at det i grunnen var ganske kjekt. Det er sikkert litt for å vera grei med læraren sin, men så vert ho jammen glad av det òg.

9. Å sjå korleis verdien av bøker endrar seg med åra. 
Jamfør punkt 5: Eg les ofte bøker fleire gonger, men det kan ta nokre år mellom kvar gong. Då er det så fantastisk å sjå korleis erfaringane mine pregar kva eg ser på som interessant. Dette gjeld spesielt barnebøker. Det er sjeldan eg liker bøkene mindre (med unnatak av Sweet Valley High-prosjektet mitt, som eg skal koma tilbake til ein gong det høver seg slik), men det er kanskje heilt andre nyansar som treff mest.

81781-clueless-high-five-gif-9g43

10. Skulle gjerne ha funne på ei bokglede til, men no må eg gå for å lesa litt. Snx. 

 

Ti på tirsdag: leseliste

Inspirert av Brooke and the Bookish sin Top Ten Tuesday. Temaet for veka er «Ten Books You Recently Added To Your To-Be-Read List.»

Altså. Nyleg og nyleg… Eg har ei lang, lang «åh, den må eg lesa!»-liste. Og nokre av bøkene står allereie i bokhylla. Nokre har har eg lest før, nokre kjem eg til å lese om igjen. Eg har ein tendens til å velge lettlest når eg berre skal lese litt innimellom, og då vert det ofte ei eller anna pocketbok eg kjøpte på ein flyplass, eller ei billig e-bok. Dette er bøker som eg har tenkt på ei stund, men ikkje gjort noko med, fordi det kanskje ikkje er det eg har lyst til å lese akkurat då eg tenkjer at eg skal lese, kanskje eg ikkje har boka, kanskje det berre er noko meir lettvint som lokkar. Ingen sjuke og uortodokse bøker her, berre bøker som eg anten veit er gode, eller mistenkjer er gode.

Når eg ser over lista, noterar eg at det a) er ganske godt og blanda, b) er prega av «must reads», og c) ikkje er heilt likt det eg vanlegvis les, og det er kanskje bra.

97882530279991. Snorre Sel – en fabel i farger for voksne og barn (1945). Frithjof Sælen. Barnebok.

Merk året. Merk vaksne og barn. Snorre Sel vart godt motteken som barnebok, til og med i Fritt Folk. Det tok likevel ikkje lang tid før tyskarane ante at det var noko meir med denne selen. Eg kom over boka i Norsk barnelitteraturhistorie, og sidan eg ikkje har funne boka i fysisk format saksar eg skildringa frå same stad:

«For barn var dette en spennende dyrefortelling i bilder om selungen som lærer å klare seg mot farer i ishavet, særlig representert ved spekkhoggeren Glefs og et par ondskapsfulle måker. For voksne var allegorien klar nok. Isflakene der selfamilien bodde, hadde omriss som Norgeskartet, og den grådige Glefs var den truende okkupasjonsmakten, mens måkene bar rødgule NS-merker på hodet. Til og med et H7-merke var smuglet inn i en av illustrasjonene. Et opplag på 12500 eksemplar ble revet bort i løpet av den måneden som gikk før den ble inndratt. Boka ble mottatt etter sin hensikt; den var rettet mot voksne som ledd i motstandskampen.» (Birkeland, Risa, Vold 2005).

Dette er ei lita kulturhistorisk skatt som diverre ikkje lenger er i trykk. Siste utgåve kom i 2005, og er utseld frå forlaget. Har sett originalen til sals på nett, men då prisen diverre er litt for stiv for ei studentlommebok, vert lesinga utsatt til neste år (eller når nokon gir meg jobb. Gi meg gjerne jobb.).

97882521872742. Utstyrstekstar (2015). Arne Henning Årskaug. Prosasamling.

Heilt ny prosasamling – så ny at den ikkje har kome frå trykk enno. Du kan lese samlaget si skildring av boka her. Det som interesserar meg mest med denne boka er den originale vinklinga, til dømes får ein leiligheit mogleiken til å fortelje om kjærleiken som kom og gikk i han. Eg tenkjer at ein forfattar som tek utradisjonelle narrative grep kanskje og har utradisjonelle bodskap. Eg har eigentleg ikkje så mykje meir å seie enn at eg rett og slett er nysgjerrig. Vidare seier forlaget: «I Utstyrstekstar skapar både karakterar og forteljingar seg så godt dei kan i møte med alt kaklet og skaket som råkar dei på ulikt vis, utan at det nødvendigvis hjelper noko særleg.»

50-anniversary-cover3. To kill a mockingbird (1962). Harper Lee. Roman. 

Denne har eg faktisk lese eit par gonger før, men det er mange år sidan no. Den greip meg i alle fall veldig då, og eg trur at den vil gjera det no og. Eg veit ikkje om den treng noko særleg med introduksjon. Men, om den gjer det: Me er i Alabama under depresjonen. Scout er livredd den myeomspunne eremitten Boo Radley, som dei vaksne sjeldan snakkar om. Hjå borna vert den løyndomsfulle naboen gjenstand for eit myespinneri, der dei diktar opp grunnar til at han aldri synes. Fascinasjonen aukar og aukar, og dei spionerar på huset til Boo. Etter kvart byrjar det å dukke opp små gåver. Boka vert sett på som ei ungdomsbok, men omhandlar ganske tunge tema som valdtekt og rasediskriminering.

biene4. Biene (2015). Laline Paull. 

Denne byrja eg på for ei god stund sidan, og har eigentleg litt dårlige samvet for ikkje å ha fullført. Det har rett og slett berre vore slik at det ikkje har vore den boka eg har hatt lyst til å lese når eg har hatt tid. Eg veit at det er mange som har lese denne, og eg gler meg til å bli ein del av gjengen, men det har rett og slett berre ikkje blitt slik. Eg har lese ca hundre sider, og er fascinert av miljøet. Heile handlinga foregår i ei bikube, og me følgjer livet der gjennom Flora 717: ein freak. Ho kan snakke, og har ikkje den kroppsbyggjinga ein reinhaldsarbeider skulle ha. Misdannelsar tolererast ikkje, og ho freistar å skli inn så godt ho berre kan. Livet i bikuba er farleg for slike som ho. Men skildringane er nydelege og interessante, ein får inntrykk av at bikuba er ein heilag stad med alle romma og ordningane. Eg har ikkje kome langt nok til å finne ut i kor stor grad dette er ein allegori til samfunnet (det store stygge™), og har difor heller ikkje bestemt meg for kor begeistra eg er for det. Men eg likar det til no mytologiske preget i romanen.

Alle-mine-triste-horer5. Alle mine triste horer (2004). Gabriel García Márquez

Altså. Denne har stått i bokhylla mi i mange år, eg trur eg har flytta med den tre gonger. Og så har eg ikkje fått lese ho, sjølv om det berre er ei lita flis. Hugsar at eg hadde den med på toget då eg skulle ha sommarjobb i Oslo, men det viste seg at ein attenåring som flyr solo for fyrste gong, og det i Oslo, har mykje anna å ta seg til enn å lese bøker. Går inn under «hm, kjenner ikkje heilt for det no»-kategorien, trur eg. García Márquez skriv på ein måte som eg likar veldig, veldig godt, så eg kan ikkje begripe kvifor eg ikkje har lese dei tre mest kjende bøkene (nei, eg har ikkje lese Kjærlighet i koleraens tid heller). Ein nittiåring skal kjøpe sex. Han finn ei som vil selje jomfrudomen sin til han. I staden for sex får han kjærleik. Vakkert, vemodig, absurd.

cc514e68a838547dc1ce3810770282929c7a80e9e22dec1cf1632d956. Hundre års ensomhet (1967). Gabriel García Márquez

Ditto til det meste ovanfor. Dette er ei slektssoge med magisk-realistiske innslag; historia til Buendía-familien. José Buendía bestemmar seg for å forlate heimbyen. Han legg seg ned til å sove, og drøymer om Macondo; «a city of mirrors that reflected the world in and about it». Når han ikkje finn byen Macondo, byggjer han den.

4e84c94083e95f3f5d9df372bcb4f404bfc06bfff70155bef272348e7. En flyktning krysser sitt spor (1933). Aksel Sandemose. 

Denne har eg og lese før. Fleire gonger, faktisk, men det er lenge sidan no. Dette er vel ein såkalla klassikar, men moderne og spanande i formen.

Sjømannen Espen Arnakka har drepe sin beste ven. Han veit kvifor, men samstundes ikkje. Han går attende til barndomen sin i Jante (ja, du veit Janteloven? Den Jante.) og fortel om fattigdom, fortrengt seksualitet, undertrykkjing. Ofte har eg ei kjensle av at klassikarstempelet gjer meir skade enn godt, det er berre å sei ordet høgt, og sjå korleis rullegardinene vert dregne ned. Men denne boka bør lesast. Den er faktisk også ganske lett å lese: den har veldig korte kapittel, solid rytme, enkelt språk, og det er eit stort mysterium som trekk deg inn. Men den har mange nivå, og er i det heile ein svært interessant roman.

Far-Goriot8. Far Goriot (1835). Honoré de Balzac.

Eg skal vera heilt ærleg. Eg kjennar ikkje til denne boka. Men for ei stund sidan sat eg i eit auditorium og høyrte på at (den ganske flinke) forelesaren foreleste om noko som var uvanleg tungt og keisamt. Eg vakna derimot fort då han drog fram eit tekstutdrag frå Far Goriot. Handlinga introduseras av at Eugène de Rastignac er på veg til vertshuset der han skal bu. Skildringane av nabolaget fanga meg fort- det slo meg som mangefasettert, mystisk, med element av humor. Ikkje ha-ha-artig-humor, men det låg ei varme over det heile som eg tykte var interessant. På vertshuset bur og Goriot, den gamle mannen som forsørgar døtrene sine sjølv om han sjølv går i ruin. Og der sluttar eigentleg min kunnskap om boka. Eg har berre veldigveldigveldig lyst til å lese ho.

116818_19. Vildanden (1884). Henrik Ibsen.

Fjorten år gamle Hedvig forgudar far sin, Hjalmar Ekdal. Det er gjensidig, heilt til Hjalmar sin barndomsven avslørar at Hedvig faktisk ikkje er dotter hans. Du har høyrt sitatet «Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme»? Det er frå dette stykket. Kor godt kan me tåle sanninga? Og kor viktig er det å fortelje sanninga? Kva kan det koste? I dette tilfellet kostar det mykje.

Hjalmar klarar ikkje å takle kunnskapen om at Hedvig ikkje er hans på ordentleg. Han byrjar å fornekte ho, og Hedvig veit ikkje kvifor. Ho veit ikkje korleis ho kan overtyde han om at ho elskar han, og endar opp med å ta livet av seg fordi ho trur at det er den einaste måten ho kan få han til å forstå.

Eg er på utkikk etter ei god utgåve av stykket, og tek gjerne mot forslag. Ideelt sett veldig tru mot originalen, men gjerne med litt moderniserte stavemåtar.


Hæ, tenkjer du. Dette vart jo berre ni på ein tirsdag, og det er jo ikkje stilig i det heile tatt. Og det har du rett i! Eg satt og prøvde å  kome på nummer ti, men fann ingen klar kandidat til denne lista, som består av ting eg har tenkt på lenge, og satt på ei litt langsiktig leseliste. Det ga ikkje så mykje meining å berre finne på ei nummer ti, når nummer ti då ville ha vore «nummer ti til førti». Kjem tilbake med stiligare bokstavrim ein annan dag!