The Selection & The Elite

Stormannsgal(en)skap (eller megalomani) er ein tidlegare psykiatrisk diagnose.

I overført tyding er det eit omgrep med nedsetjande bruksvalør som mellom anna blir bruka om prosjekt som er overdimensjonerte i høve til behov og rimeleg ressursbruk. Prosjekt som gjerne blir rekna som døme på stormannsgalskap inkluderer den litt større utgåva av PeterskyrkjaElfenbeinskysten, Kheops pyramidar og byen Brasilia.

Frå Wikipedia.

Eit anna døme på eit slikt prosjekt er soverommet mitt. Ikkje berre ein kvit kjip boks utan oppbevaring, men ein kvit kjip boks utan oppbevaring men med eit utal gipspluggar og hol i veggen. Ein generell tendens i livet mitt er at ambisjonsnivået er høgare enn evnene, og eg tenkte «Pyttsann! Det er jo berre litt måling!». Feil. «Berre litt maling» vart til tre dagar med heilsparkling, komplett kaos heime, og eg har framleis ikkje fått måla. Har vore farleg nær å dra til fleire butikkmedarbeidarar på Jernia (ein av dei ved to ulike høve), og hadde trong i det heile tatt litt zen i livet (i mangel av feng shui). Colaboksar i rikeleg volum og lett lydbok var høgst nødvendig. Eg gjekk for dei to fyrste bøkene i The Selection. Bok 1 (The Selection) varer i 8 timar og 7 minutt, og bok 2 (The Elite) varer i 7 timar og 42 minutt. Viss du lurte – dette er nøyaktig den tida det tek å heilsparkle og pusse ned eit lite soverom to gongar (ikkje inkludert ventetid). Ein skal visst heilsparkle i tre lag, men etter eit siste raserianfall vart det litt flekksparkling, og så sa eg meg nøgd med det. På ein måte. Eg trur ikkje eg vil snakka meir om det.

Krav til lydbok: Må vera lett å høyre på. Må vera lett å følgje med på. Lyttaren må kunne mista fokus/konsentrasjon/sjølvkontroll i eit par minutt. Har høyrt om The Selection-serien, men eigentleg ikkje vore noko særleg interessert i det før no. Eg såg for meg ei slags kryssing av Ungkaren og The Hunger Games – sign me up!

61gtEVRmRkL._SL300_Det er heller ikkje så langt unna sanninga. America veks opp i Illéa, ein ny sameining av statar som vart danna etter den fjerde verdskrigen. Illéa er eit kongerike, og når prinsen vert gifteklar skal han få seg ei kvinne frå folket. Alle kvinner i høveleg alder vert påmelde,  og ei stor gruppe kvinner skal konkurrere for å få prinsen. Nett kva denne konkurransen går ut på er noko uklar, då det heile ser ut til å vera ein slags prinsesseskule. Det er likevel blodig alvor. Illéa er basert på eit kastesystem. Alle moglegheitane dine er tinga av kva kaste du vert fødd inn i, eller vert gift inn i – og kva er vel betre enn å gifta seg med ein prins?

Overraskande nok er ikkje folket særleg nøgd med kastesystemet, og sjølv om kongen vert framstilt som rettsam (alt etter korleis ein ser på det), er tanken på at nokon vert fødde inn i absolutt rikdom, medan andre er kastelause, noko kontroversiell. Opphaldet på slottet er prega av åtak frå rebellane. Det ser ikkje ut til at America er klar over kva rebellane eigentleg sloss for, og det er ikkje eg heller – men det kan godt henda at eg var oppteken med å utvida ordforrådet mitt på akkurat då opplesaren forklarte akkurat det. I tillegg kjem det fram interessant informasjon om danninga av Illéa, og særskilt den fyrste kongen. Denne delen av historien er ganske spanande, og det er fint å følgja med tankane til America.

61tEjX0WktL._SL300_America er akkurat slik kvinnelege karakterar i slike bøker pleier å vera: Ein outsider, ein som plutseleg får til oppgåvene, ein uslipen diamant. Forutsigbar, men likandes. Ho er ikkje særskilt interessert i konkurransen, men ho gjer det som vert venta. Og – kven skulle trudd – America sitt temperement, rettferdssans og humor er jaggu det som skal til! Prins Maxon liker America, men America held tilbake – kva med kjærleiken heime? Eg er ikkje så glad i trekantdrama, men å skriva ein slik serie utan eit trekantdrama ville ha vore eit grovt sjangerovertramp. Dette er altså ikkje ein serie med dei store overraskingane. Eg gler meg likevel til å finna ut meir om desse rebellane, og ikkje minst om kva kongeriket eigentleg er tufta på. Det er altså interessant nok til at bok 3 (The One) får vera med på det store måleeventyret (fulgt av det store IKEA-garderobe-monteringseventyret og ryddeeventyret). Slik får ein altså avspaseringsdagane til å gå.

Bok 37: Confessions Of a Hater

61Eze-jfFxL._SL300_Fyrst, ei kjapp oppsummering av boka:

zzzzzz.

Ei oppsummering med fleire stavingar:

Ei letthøyrt og lettgløymt bok.

Og så, litt meir om kvifor:

Fyrst, til forteljinga: Det einaste populære med Hailey er storesystera, Noelle. High school-kvardagen er full av skuffelsar, men det er likevel med blanda kjensler ho tek mot meldinga om at familien skal flytte til Los Angeles. Ho vert vel ikkje meir populær der?

Medan familien førebur seg på flyttinga, finn ho systera si dagbok, med den klingande tittelen «How To Be a Hater». Dette er meir eller mindre ei instruksjonsbok i korleis ein skal te seg for å bli populær. Dette vert starten på eit eksperiment for Hailey. I systera sine gamle klede, og med systera si gamle haldning til livet, vert starten på tilveret ved West Hollywood High ei ganske ny oppleving. Dei populære jentene tek mot henne, men det tek ikkje lang tid før Hailey finn ut at det ikkje er ei gruppe ho har lyst til å vera ein del av. I staden vert ho del av ein ny gjeng. The Invisbles er ei assortert blanding av misfits. Saman samlast dei med stor fascinasjon over hatet mot dei populære jentene, og dagboka – kan dei ha funne oppskrifta på korleis ein vert populær? Korleis skal dei bruke den nye kunnskapen?

Introduser: Intriger, skitne triks, litt kjærleik, mykje moral, og der har du boka. Mogleg eg venta for mykje, for eg er veldig svak for konseptet finne-seg-sjølv-opp-for-så-å-finne-seg-sjølv-på-skikkeleg (hallooo, Mean Girls!), men denne var for lite finurleg, for lite morosam, og jamt over for lite interessant til at den fekk vera meir enn selskap til oppvasken.

Caprice Caane (2013). Confessions Of a Hater. Audible. 11 timar, 9 minutt.

Bok 29: I et speil, i en gåte

i et speil i en gate andreCecilie er sjuk. Veldig sjuk. På julaften vaknar ho av at det sitt ein engel i vindauget. Han (det er enklast for Cecilie å sjå på engelen som ein «han», sjølv om han ikkje ser ut som korkje det eine eller det andre) heiter Ariel. Han skal sitte englevakt for Cecilie, og er glad for at ho kan prate. Det er nemleg så mykje han lurer på. Cecilie er minst like nysgjerrig – kvifor ser engelen berre ut som eit lite barn? Korleis kan han gå gjennom lukka dører? Ariel skal forklare, men det gjer han ikkje gratis. Han skal fortelje ho dei himmelske løyndomane viss ho kan avsløra dei jordiske. Ariel veit ikkje korleis det er å ha ein leikam, korleis det er å vakse, drøyme, frysa. Cecilie og Ariel skal prate mykje saman i løpet av dei neste månadane. Dei diskuterar æva, og englane og menneska sin plass i røynda.

– Menneskenes liv på jorden er som et endeløst teaterstykke. Dere kommer og går. Lang, lang rekke…
Cecilie ble sittende på sengekanten i noen få sekunder uten å bevege seg. Så sa hun:
– Det der stinker, altså!
Hun gav pinnestolen et kraftig spark.
– Hvis det hadde vært sant, ville det vært fryktelig urettferdig.
Ariel så en smule betuttet ut, men det var ikke verre enn at han fortsatte å vippe med beina. Han sa:
– Da snakker vi ikke mer om det.
– Jeg vet ikke om jeg har lyst til å snakke mer i det hele tatt.
I et øyeblikk sluttet Ariel å sparke med beina. Han sa:
– Du er bitter, du, Cecilie.
– Hva så?
– Det er derfor jeg er her.

Tittelen er henta frå Paulus» første brev til Korintarane:

For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis, ta ende.

(…)

No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis,
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

Cecilie kan ikkje forstå. Ho kan berre sjå verda gjennom ein narrespegel, som ei forvrenging av sanninga. Engelen Ariel kjenner til sanninga, men han kan heller ikkje forstå alt. Han skjønar ikkje korleis det er å vera eit menneske, og har difor ikkje noko medkjensle med den tunge tanken om at livet skal og må ta slutt. Cecilie vil ikkje døy, ho vil verta vaksen. Ho skal bruke alt det ho har lært, bli gamal, få born, og døy roleg når tida er inne. Ariel meiner at menneska har fått ei fantastisk gåve, men Cecilie er ikkje heilt samd.

– Tenk om hele livet ditt bare hadde vært en drøm!
Cecilie trakk på skuldrene:
– Hvis bare den drømmen hadde vart i all evighet, og dessuten vært sånn passe morsom, tror jeg at jeg ville ha foretrukket drømmen fremfor livet. Hva ville du foretrukket selv forresten – et menneskeliv i noen få år eller et engleliv i all evighet?
– Hverken du eller jeg har hatt noe slikt valg. Derfor er det ikke noe å snakke om. Det må dessuten være bedre å få skue ut i himmelrommet en eneste gang enn å ikke få oppleve noe i det hele tatt. De som ennå ikke er skapt, har jo ikke noe krav på å bli det heller.
Cecilie tenkte igjennom det siste Ariel hadde sagt. Så tenkte hun igjennom det en gang til. Til slutt sa hun:
– Men kanskje ville de foretrekke å ikke bli skapt fremfor å leve bare en kort stund. Hvis de ikke ble skapt, ville de nemlig ikke vite hva de gikk glipp av.

Ariel og Cecilie diskuterar store spørsmål. Dei er sjeldan samde, og det er ikkje alltid dei er så gode vener heller. Romanen slår meg som typisk gaardersk: dei store spørsmåla vert formidla som ein samtale mellom eit vrangt orakel og ein vetehug ungdom. Dei to har heilt ulike føresetnadar for å tolke sanninga. I Appelsinpiken tykte eg at det vart litt overtydeleg, og til tider overforklart. Eg har ei heilt anna oppleving av I et speil, i en gåte. Cecilie er ærleg. Ho vert lei av foreldra sine, ho kjeftar på familien sin og på Ariel, og til og med på Gud. Ariel vert frustrert av Cecilie sin manglande evne til å forstå englelivet, Cecilie vert frustrert av å bli stilt så vanskelege spørsmål. Det er ei vakker og altoppslukande forteljing.

Eg veit likevel ikkje om historia er god nok til å tåle at Aksel Hennie vart casta som Ariel til filmatiseringa.

Gaarder, Jostein (1993). I et speil, i en gåte. Aschehoug. 152 s.

Bok 25: The List

13561874

Sometimes, when you get something new, you trick yourself into believing it has the power to change absolutely everything about you.

Mandagen før homecoming vert det hengt opp ei liste på skulen. Over alt – på skap, på veggar. Lista har åtte jentenamn. Det er ei kåring av dei styggaste og dei finaste jentene. Og korleis reagerer ein på slikt? Kva tener du på å vera den finaste på skulen? Kan det liggje makt i å vera den aller styggaste? Ingen veit kven som skriv lista, men dei som kjem med vert aldri hugsa som noko anna enn det som står om dei. Dette gjer openbart noko med dei som er på lista, men korleis vil dei la det prege seg? Det er ei veke igjen til homecoming, så det gjeld å bestemme seg snart.

Eg lasta openbart ikkje ned boka for å få forandra livet mitt, men eg hadde lyst til å bli underhaldt. Og det vart eg ikkje, på trass av godt potensiale. Til dømes forteljinga om jenta som vert kåra til skulens styggaste, skreiv «UGLY» i panna med sprittusj og besluttar at ho ikkje skal dusje eller vaske klede – ikkje så mykje som å bytte undertøy – før homecoming-dansen. Ho skal vise dei kva som er stygt. Eller ho som er så pen, som har slitt med spisevegring, som går på cleansing for å berre bli litt tynnare og litt finare før same dans. Det kan jo verta spanande, sårt, interessant, noko? Nei. Humor- og råskapspotensialet i det fyrste høvet vert ikkje utnytta, og tankane til nummer to vert aldri skildra som anna enn overflatisk. I tillegg vert det mykje «omg, kva for ein kjole skal eg ha på meg,» samt at irriterande mykje tid vert brukt på nokre av jentene si demonstrative beslutning om å gå på dansen i – gisp – dongeribukser. Det skjer mykje i boka, men lite av særleg substans.

Eg sit att med kjensla av å ha lese ein roman som nedvurderar si eiga målgruppe. Eg har lite mot å akseptera min indre fjortis, og er nok meir glad i high school-filmar og -bøker enn det som er sunt. Det er ikkje noko gale i ei bok med eit litt tåpeleg plott, det er heller ikkje noko gale i eit parodisk high school-miljø – det ligg til rette for mykje moro innafor dei ramene der. Men det går an å forlange ein roman som held det som vert lova. Forfattaren tek sikte på ein del seriøs ungdomsproblematikk (hovudsakleg knytt til seksualitet, rus, og det å finne seg sjølv innafor det hermetiske miljøet ein skule utgjer), men ho behandlar det på ein overflatisk og uinteressant måte. Det er berre unntaksvis at dynamikken mellom jentene vert interessant – då er det til gjengjeld veldig spanande å høyre på. Det vert litt platt, litt flåsete, og verst av alt – det er ikkje særleg underhaldande. Og her må eg kanskje klargjera at eg las romanen på lydbok. Boka hadde kanskje fungert betre i skriftleg form. Romanen skildrar alle jentene litt om kvarandre, og det vert litt forvirrande.

Om sjangaren rangering-av-high-school-jenter er akkurat det du treng akkurat nå, tilrår eg heller They All Fall Down, som eg skreiv om her. Litt meir skrekk/horror-prega. Eg var nok litt lunken då eg skreiv om boka, men den var veldig underhaldande, og litt meir gjennomført enn The List.

Siobhan Vivian (2014). The List. Audible-utgåve.
Dei neste dagane kjem eg forresten til å bruke stor tid på å gjera keisamme ting der ein ikkje kan lesa skriftbøker. Har de tips til letthøyrte lydbøker? Gjerne ungdomsromanar. Det einaste kravet er at boka må vera underhaldande. 

Bok 20: Nyckeln

29685107_O_2

Nyckeln er den tredje og siste boka i Engelsforstrilogien. Åhei, for ei bok. Det er veldig vanskeleg å skrive noko om handlinga, då mykje kjem til å avsløre det som har skjedd i dei to førre. Det er difor mogleg at teksten blir litt gåtefull. Summen av alt er at dette var veldig, veldig god lesnad.

Eg må tilstå at eg likte dei to førre litt betre, av den enkle grunn at eg satte pris på miljøet rundt dei Utvalde. Og det er det ikkje plass til her. Boka er på heile 812 sider, og handlinga er svært fortetta. Fokuset ligg på korleis det heile skal ende, og kva dei Utvalde skal gjera for å få det til. Det er mange spørsmål her: korleis kan ein fordele makt? Kan eitt menneske redde verda på eigen hand? Om ikkje, korleis kan ein sirkel som ikkje er heil oppnå dette? Kan venskap spele ei rolle? Tida er knapp, og Engelsfors ser ut til å gå av grunne, eitt element av gongen.:

Mörka moln har tornat upp sig bortom den fyrkantiga tegelbyggnaden, och nu kryper de upp över horisonten i alla väderstreck, sväller ut över himlen. Det är inga moln. Svart rök väller ljudljöst in över Engelsfors. Dess tentakler slingrar sig in mellan höghusen, in i villornas trädgårdar, sväljer alla byggnader, slukar hela stan. Solen bleknar och krymper till en avlägsen stjärna, en stjärna som till slut slocknar. Och Minoo vet inte om hun slungas ut i rymden eller faller.

Det finst stadar i verda som er ekstra magiske. Engelsfors er ein slik stad. Grensa mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn her. Demonane hatar kaos, og kjem til å gjera alt dei kan for å utrydde vår rotete og uregelmessige verd. Den siste portalen mellom dei to verdene finst her, i Engelsfors, og det same gjeld nøkkelen. Ein nøkkel kan både opne og stengje, og det er opp til dei Utvalde å finne ut kva som er rett, og korleis dei skal gå fram:

Den Utvaldas krafter är Nyckeln till portalen. Nyckeln som kan låsa den för gott, eller öppna den. Alla sex element behövs, alltså är Nyckeln inte hel. Den har inte varit det sedan Elias dog. Hur ska de då kunna låsa portalen? Och hur skulle en demonvälsignad kunna öppna den? Är det inte kört för alla?

Sirkelen er ikkje heil. Men kor hamner ein eigentleg når ein dør? Er døden eit endeleg punktum, eller vil det gå an å få kontakt med dei andre, og gjere Sirkelen heil? Er det på tide å erkjenne at ein ufullstendig Sirkel er makteslaus i ei tid der magien er overveldande sterk, og spele på Rådet si side?

Denne serien er vel det mest spanande eg har lest i år, og eg vil fraråde å starte på denne om du har eit anna prosjekt som krev fokus. Dette gjekk på kostnad av nattesøvn, og meir prekært: viktige episodar av reality-fjernsyn. Men eg sitt igjen med ei komplett oppleving. Sirkelen byrjer med jenter som spelar så ulike rollar i det sosiale systemet at dei nesten vert sjablongar. Gradvis opnar dei meir og meir, og det at alle er forteljarar gir lesaren stor sympati for dei. Dei nærmar seg kvarandre meir og meir, men grunna personlegdomsskilnadar og andre omstende, vert forholda deira stadig sett på prøve. Noko av det mest fascinerande er at ein sirkel beståande av berre jenter (eg tillet meg å avsløre dette, då Elias dør på typ side 4 i den første boka) er så fritt frå «jenteroller» (personleg kjepphest). Kjønn er sekundært. Dei er heile, fleirdimensjonale menneske. Og karakterutviklingane er så gripande! Tempoet er svært høgt, og dei personlege dilemma har ein annan natur enn i dei første bøkene. Jentene held på å bli vaksne, men før dei kan tenkje på alt det dette betyr, må dei redde verda frå den sikre apokalypsa.

Nyckeln. Mats Strandberg og Sara Bergmark Elfgren. 2013. 812 sider.

Eg har skrive om den fyrste boka, Cirkeln, her, og bok nummer to, Eld, her.

Bok 14: They All Fall Down

stcl_9780385742719_jkt_all_r1.indd

Det nest siste året på high school skjer det noko rart med Kenzie. Kenzie er i periferien av skulehierarkiet. Ho tek avanserte fag, og er oppteken av latin. Ho håpar på å kome inn på klassiske studier på Columbia, for å kome seg vekk. Frå minnet av broren, og frå mora som er alt for overbeskyttande etter at broren, Connor, døydde to år tidlegare. Av ukjende grunnar vert ho plassert på The Hottie List. The Hottie List er ein institusjon på skulen. Dei ti heitaste jentene på skulen vert plassert på ei liste som vert teken djupt seriøst, i alle fall av dei som er på ho. Men dette året skjer det noko urovekkande. Nummer ein døyr. Så nummer to. Er det ei forbanning som ligg over lista? Eller noko langt meir realistisk? Kenzie er nummer fem. Quinte. Merkelege ting byrjar å skje med henne:

Now I really feel stupid. And, whoa, dizzy. I walk to the kitchen because I was absolutely sure I’d heard Mom in there. But the room’s as quiet and still and empty as when I came in. I go straight to the door and check the latch, which is firmly horizontal and locked. Okay, totally an overactive imagination. But what is that smell? Good God, did someone blow one in here? I turn in a circle, my gaze stopping on the lock, my book bag, the mail, the partially opened pantry door. Did I leave it like that? Another set of chills rises over my arms because I swear, I did not leave that door open. I take a step closer and then I hear something. A low, soft, slow … hiss. What the hell is that noise? I look at the stove to see that the back burner knob is twisted to the right—on—but there are no flames. What does that mean? It means that poisonous gas has been seeping through the whole house, and if I hadn’t just noticed, I’d have been dead in about ten minutes.

Tida er knapp, og mysteria mange.

Det tok litt tid før forteljinga klarte å dra seg i gang, men når det fyrst tok av, vart det veldig spanande. Du vert sittande og gjette på kva som skal skje, og klarar det aldri. Vel, nesten aldri, for det er nokre litt vel tydelege frampeik, som når nummer to tek seg ein shot av druesprit og utbryt «Thank God I’m allergic to peanuts and not to grapes». Gjett kva som skjer der!

Romanen har nokre klare veikskapar. Kenzie er morosam og truverdig som tenåring, og med eit lynande intellekt. Det kunne vore så bra! Men ho er veldig passiv. I staden for å ta stilling til dei dilemma ho står ovanfor, står ho heile tida på utsida og skildrar dei passivt: Skal ho ta velgje Josh (populær rikmannsgut) eller Levi (notorisk badass: «Levi Sterling? He’s a threat to the heart, the mind, the sanity, and quite possibly the virginity.»)? Korleis kan ho skværa opp med bestevenninna? Korleis kan ho frigjere seg frå den overbeskyttande mora? Korleis kan ho nå opp til dei akademiske ambisjonane sine? Det er frustrerande å sjå ein kvinneleg hovudfigur som har så mykje potensiale, men som berre går med vinden. Imidlertid tykkjer eg at det er veldig frigjerande med ein så intelligent kvinneleg hovudkarakter. Ho er veldig smart, og det spelar ei stor rolle i plottet si utvikling.

Eg fann boka på Lesenyter. Ho var ikkje veldig positiv, men konkluderte med at «Det er ikke en bok som blir med deg lenge, men den er underholdende så lenge det varer.». Det kan eg stille meg bak. Eg kjøpte boka fordi denne veka var ganske lik sist veke: Eg skulle ut på reisefot, og trong noko lettvint. Bokmeldinga til Lesenyter såg veldig aktuell ut. Eg fekk ikkje lest så mykje, då sidekameraten på flyet var full og snakkesalig (hurra), men så vart eg sjuk, og sidan eg sjølvsagt var døden nær, var denne boka akkurat passe spanande og akkurat passe underhaldande. Men eg skulle så gjerne sett ein meir aktiv hovudperson.

They All Fall Down. Roxanne St. Claire. 2014. 352 s. Kindle Edition.

Bok 7: Popular: Vintage Wisdom for a Modern Geek (a memoir)

Popular_comp9.inddPopular. Vintage Wisdom for a Modern Geek. Maya van Wagenen. Penguin Books. 258 sider.

Denne boka er for alle som ikkje toppa på ungdomsskulen. Som eg vil tru er dei fleste av oss. For nokre år sidan var eg innom ei skuleoppsetjing på ein skule på heimstaden min. Det var fyrste gong eg var på ein ungdomsskule etter at eg, temmeleg letta, freaka meg ut frå min. Og det var eit sjokk- det var akk.u.rat.som.før. Alle dei same rollane. Og då tenkte eg at det beste med å bli vaksen, det er at ein gløymer kor drit det er å gå i 8. klasse. Sjå for deg at ungdomsskulen berre er ei bikube av sosiale organiseringar, der alle veit kor dei høyrer heime, og du veit at du berre er eit få steg vekke frå vikarlærarane når det gjeld kulheit (the Social Outcast group, the lowest level of people at school who aren’t paid to be there.). Sjå for deg at du ikkje har noko å tape. Sjå for deg at du gjer åttendeklasseåret ditt til eit sosialt eksperiment.

Maya van Wagenen får ei bok som faren fann på ein bruktbutikk for fleire år sidan. Betty Cornell’s Teen Age Popularity Guide påstår at alle kan verta populære, om dei berre følgjer råda som går frå enkle område som klede og sminke, til meir komplekse områder som korleis ein skal takla ein deit, bli kvitt skyheita, og få ein betre, meir omgjengeleg personlegdom. Maya tek ho på ordet, og følgjer råda slavisk, ikkje utan personleg risiko.

This is the time to remember that I’m the protagonist in my own story, facing every challenge with grace and wit. I do one more makeup check, then walk slowly out the door. Mom wishes me luck, but I don’t answer. Instead I listen to the clop, clop of my heels on the pavement. They are the drumbeats of my execution.

Dette er eit hemmeleg prosjekt, og det er ikkje mogleg å ikkje reagere når Maya kjem styla etter femtitallsråda, der ho både må gå etter familiens bruktbutikkøkonomi og skulen sin kleskode. Grunna gjengvald får eg inntrykk av at det berre er khaki, gult, og brunt som er lov, då dei ikkje har vorte gjort krav på av nokre gjengar av heilt openbare grunnar. Dette er, som tittelen seier, ein memoir. Og for at ein tenåring skal gje ut ein memoir, må det vera ekstraordinært. Og dette er det. Jenta har ballar, som dei seier.

Kenzie gasps and shakes her head. «Maya, our little hierarchy is what keeps our school from collapsing in on itself!» She lifts her hands in the air. «Those cliques are what maintain our fragile sense of order. Imagine what our lives would be like without them! It would be utter hell! If we were united, one bad person could be our downfall. I can picture it now, some kid decides to smoke pot and soon everyone follows. The groups are a means of self-preservation, dividing us from the cholos and gangsters. You are threading on thin ice, my friend, and believe me, these rules run deep. We are all in our right orders. Be careful what you start!»

I tillegg er det eit stort alvor som ligg rundt denne amerikanske ungdomsskulen. Maya bur i Brownsville, ein by nær Rio Grande. Byen er prega av gjengvald, ulovleg imigrasjon, politisjekkar, narkohundar, og narkotika. Vald er ein del av kvardagen;

Wednesday, January 4.

An eight grader died today at another middle school in our town. Some people say that he took his own life. But I wonder if he anticipated what would happen when he brandished the gun he’d brought to school and refused to put it down. All the other kids on campus were put on lockdown. They heard the shots go off, three in all. Each one aimed at the boy. The students hid under their desks thinking they would die. But no, only the fifteen-year-old eighth grader was killed. I wonder what it felt like, to look down at the body of a child lying in the hallway of a school. And to realize that the thing clasped in his hand was nothing more than a pellet gun. As I lay crying in my bed, I think about how little my fashion worries really matter.

Dette er altså ikkje ei popularitetsreise. Det er eit innblikk i kor utruleg sårt det er å vera femten, men det har mange fasettar. Det er ein fryd å stifta kjennskap med familien hennar. Språket er befriande. Det er (som det skal vera) språket til ein femtenåring, men drivet er godt, humoren er der, og det er ikkje heilt utan vemod Maya begir seg ut på danningsreisa:

She has to sit on a chair to do my hair because I’m as tall as she is now. Growing up is strange. When I was little, I couldn’t wait to get older. Now I’m not so sure. It’s hard realizing that your hand is larger than your mother’s.

Dette byrja som ei putebok, for min del. Litt kleint. Ikkje heilt min stil. Men plutseleg var boka over, og eg hadde heia meg gjennom, blitt trist, blitt glad, og heilt sinnsjukt imponert over Maya. For det er forfattaren som er protagonisten. Romanen er skreve i eit slags dagbokformat, der ho noterar ned kva ho har gjort og korleis det har gått. Plutseleg veit alle kven Maya er. Ho freistar å definere popularitet, for ho veit berre kva det ikkje er. Og pussig nok gjeld det visst dei fleste. Alle veit kven dei populære er, men ingen veit heilt kva som gjer dei populære. Maya har lagt ved bilete av prosessen, av seg sjølv og familien sin, og det er ekstremt fornøyeleg å sjå utviklinga.

Boka er gitt ut på Gyldendal Norsk Forlag, og heiter Populær. En selvbiografi. Vintagetips for nerdete jenter. Ho finn faktisk definisjonen på popularitet, og sjølv om ikkje alle vil verta overraska, treng me alle å høyre det. Vurderar å sende eit eksemplar til Røe Isaksen himself, for denne burde vera pensum på ungdomsskulen. Ei av dei mest overraskande og positive ungdomsbøkene eg har lese i det siste.

Sjekk gjerne og ut det The Daily Beast og Aftenposten har skreve om boka!

Bok 2: Godnatt Mister Tom

Damene frå Boktanker og Mellom linjene har ei utfordring som dei kallar Bokhylleprosjektet 2015. Kort fortalt skal ein lese 9 gløymde bøker i bokhylla ut frå eit tema i kvar runde. Mi liste (som ikkje er komplett) kan de finne her. Utfordring nummer 1, Veke 2, går ut på å lese ei bok med grønt omslag. No var ikkje utgåva mi like grønn som eg hugsa det som, men eg tenkte med meg sjølv at gusjegrønbrun får duge. Nittitalsestetikk, går eg ut frå. Eg har lese boka før- mange nok gonger til at eg ser for meg kor ho stod i skulebiblioteket. Men det nærmar seg tjue år sidan den tid, og eg hadde lyst til å besøke denne boka igjen for å sjekke om ho var like bra som eg trudde ho var.

godnatt_141013370Godnatt Mister Tom (Michelle Magorian, 1981).

Han løftet lokket. Det var krukker med skinnende farger. – Maling? spurte han. Tom mumlet noe som skulle være ja. – Litt gamle, men de kan brukes. Kan du male? Willies ansikt forandret seg brått. Han hadde så lyst til å male. – Nei, for jeg kan ikke lese… – Bare de som kan lese og skrive får male. Er det sånn det er?

Når andre verdskrig bryt ut i England, vert Londonguten Willie Breech, i likskap med mange andre born, evakuert. Då mora var oppteken av at han skulle bli satt ut til ein gudfryktig familie, vart han satt ut til det nærmaste den vesle landsbyen klarte å oppdrive – ein gretten, gamal mann som bur gjerde-i-gjerde med kyrkjegarden. Mister Tom finn snart ut at det ikkje er ein sterk gut han har teke til seg. William er forslått, forskremt, og trur at berre døde kan sove i senger. William og Mister Tom finn kvarandre i all ulikskapen, og utviklar eit sterkt band. Dei gjer kvarandre godt. Resten av landsbyen vert og fascinert av den vesle guten, som er så mykje mindre enn han burde vere. Saman med resten av landsbyen finn Mister Tom ut at William har unike gåver. Alt til si tid, er Mister Tom sitt mantra. William veks seg sterkare, raskare, og modigare.

Ein dag kjem det eit brev frå London. Mora til Will har vorte sjuk, og treng sonen sin. Ugjenkjenneleg reisar han tilbake. Ingen høyrer frå William.

Inntrykket står ved like. Denne boka er så undervurdert. Den passar godt til eldre born og yngre ungdom (som med all anna ungdomslitteratur er dette veldig avhengig av modenskap og interesse), men og til vaksne. Forfattaren behandlar temaet barnemishandling med varsemd. Det går ikkje an å snakke om mishandling på ein lettvint måte. Det går ikkje an å gjere det triveleg og rustikt. Dei koselege og fargerike karakterane lettar tyngda i tematikken, og gjer den tålbar. Nokre av karakterane er rett og slett fortryllande (altså, du), og du vert glad i William og Tom frå side 2. Boka er berre på 296 sider, men den er varm. I likskap med Mister Tom er ho ikkje sentimental eller sippete, berre ærleg og rett fram. Boka er tru mot sitt eigentlege publikum, så reint litterært er det kanskje ikkje noko stort verk – men historien er sabla god. Er det verkeleg berre eg som hugsar denne?

Eg trur boka er utgått frå forlaget, så den er vanskeleg å få tak i på norsk. Den finst som norsk lydbok og engelsk e-bok. Du bør og rekne med eit auka Kleenex-forbruk.

(Den merksame lesar vil oppdage at innlegget vert publisert før fristen – det er fordi det ikkje er mogleg å leggje frå seg denne boka.)

Forresten – andre runde (veke 18) går ut på å lese eit skodespel frå antikken. Det er manko på slikt i bokhylla mi. Eg har store planar om å lese Illiaden, men eg trur ikkje at det kvalifiserar til denne utfordringa. Kom gjerne med tips!