Bøker og skrapelodd

Eit sjarmerande personlegdomstrekk: Eg er glad i å gi vekk gåver, og eg er glad i å koma på gåveidéar. Av og til er eg til og med ganske god på dette.

Eit usjarmerande personlegdomstrekk: Eg gir aldri vekk Flaxlodd. For å vera heilt ærleg: Eg unnar ingen å vinna millionen like mykje som eg unnar meg sjølv det. Eg gler meg med andre, men hadde kanskje gledd meg litt mindre viss loddet kunne ha vore mitt. Eg har forsona meg med dette, sjølv om det er overraskande vanskeleg å sjå det i skrift. Eg gir som sagt ikkje vekk Flaxlodd, men trur eg er eit ok menneske likevel. Dette treng eg tilbakemelding på. Altså ikkje om kvaliteten på meg som menneske, men om dette er eit gjenomsnittleg forhold til å gi vekk bøker. Eg har nemleg diverre oppdaga eit nytt, mindre sympatisk trekk med meg sjølv.

Eg skulle i bursdag i går, og bursdagsbarnet er ein leseglad mann (no 31) som toler ei utfordring. Det å velga ut bøker til ein person er seriøse greier. Det vert basert på så mange meiningar om kven mottakaren er som person at det nesten grensar til intimt. Det går andre vegen og: Det er ein grunn til at folk stort sett går til bokhyllene i nye leiligheitar. Det er avslørande. “Dette traff noko i meg, og eg trur det vil treffa noko i deg òg”. Uansett, eg hadde peila meg ut ei fin gavebok: Interessant, låg sjanse for at mottakaren har lese boka, lett og nøytral i språket, ein tematikk som slår deg (meg) i bakken. Perfekt. Den næraste bokhandelen min er meir ok enn fantastisk, og ein stor veikskap er at dei ikkje konsulterer meg når dei kjøper inn bøker. Det er altså ikkje ei utviding av mitt personlege bibliotek. Dei hadde ikkje boka, og eg måtte sjå meg om etter noko anna. Og her vart eg konfrontert med meg sjølv.

9788203360220.pngI lyrikksamlinga (mellom “100 dikt om kjærlighet”, “vennskap”, “til bestemor” og så vidare…) fann eg Alt brenner, den nyaste til Helge Torvund. Denne har eg ikkje lese sjølv. Eg er veldig glad i jærdiktarane, og sjølv om eg tidlegare har grave meg ned i heimlengt ført i pennen av Tor Obrestad er det ikkje på grunn av patriotisme. Det er det store i kvardagen som kjem fram. For dei av dykk som er så heldige at de har abonnement på Jærbladet (hehe) kan de lesa eit par prøvar her. Det er jo interessant å sjå om mann (30) – det vil seie mann (no 31) – set pris på linjer som Eg er bare lyden av regnet ei stund/ Så er eg ved kaffikverna i det gamle Handelslaget. Det gjer eg. Eg har faktisk ikkje Torvund i bokhylla (det er nok ikkje plass til heile Helge, men eg kunne nok ha dytta inn ei diktsamling eller fem). I utgangspunktet er det jo veldig flott å gje vekk noko ein har lyst på sjølv, men det vert problematisk når eg faktisk har veldig lyst på det sjølv!

I lyrikkhyllene i vanlege bokhandlar er det stort sett berre plikteksemplar, i alle fall av samlingar utanom sjangaren “verdens beste mamma”. Slik var det og med denne. Ein ting er å gje vekk bøker du allereie eig sjølv, noko heilt anna er å gi vekk uutforska mark. Det hender sjølvsagt at eg gjer det, men det er som å gi vekk eit Flaxlodd. Draumen om ein million.

Akkurat denne millionen går det an å få tak i på biblioteket, så eg tok sjansen. Eg var eit litt betre menneske enn det eg ofte er. Men eg treng å høyre fleire meiningar:

Korleis ser du på det å gi andre bøker? Er det betre å få enn å gi? 

(Berre så det er sagt: Viss du får bøker du ikkje er interessert i er det lov å sjå på det som eit gåvekort, sjølv om gåva kjem frå ein over snittet sentimental og egoistisk nerd).

Lesekrok

Eg har vore utan internett i eit tidsrom som no kjennast så vidt at det strakk seg over både konseptet “rom” og konspetet “tid”. Ufrivillig rehabilitering. Resultatet har vorte nokre uvanleg produktive veker. Eg har lese ting, eg har fiksa ting, eg har gjort ting. Eg har til og med baka mitt eige brød. Eg har funne fram til ein innsatsvilje eg ikkje trudde eg hadde i meg. Tidlegare denne veka hadde eg ei ut-av-meg-sjølv-oppleving, der eg såg meg sjølv frå utsida. Eg har leve eit ungkarsliv, og vorte skremmande fortruleg med det.

Eg har levd utan TV-benk og bokhylle sidan eg flytta, og må difor ta vekk salongbordet for å sjå på TV (noko eg gjer pinleg ofte). Leilegheita har vore sparsomt opplyst, for vindaugskarmane har gjort nytta som bokhylle. For ei vekes tid sidan såg eg meg sjølv utanfrå, der eg sat og åt pytt-i-panne (sal på Findus-produkt på Bunnpris!). Med ketchup. Og boks-cola. På ein taburett (bordet måtte som sagt flyttast viss eg ville sjå på TV, og det vil eg stort sett alltid). I halvmørkret. Alvorskjensla kom ikkje så mykje av manglande møblement (det døyr ein ikkje av), men det totale fråveret av lyst og vilje til å gjera noko med det. Eg hadde slått meg til ro med det nye livet. Men det må jo vera mogleg å i det minste oppgradera frå ungkar til ungkarskvinne?

I går vart det som eigentleg berre skulle vera ein kjapp tur på kafè plutseleg til ein IKEA-tur, og no har eg plutseleg fått TV-en opp frå golvet og dagslyset tilbake (trur eg, når kjem sola til Trondheim?). Internettet kom forresten tilbake tidlegare i dag, så eg trur ytre maktar må ha skrudd det av slik at eg endeleg skulle få tilbake sjølvrespekta. Resultatet vart i alle fall ganske koseleg, tykkjer eg sjølv. Den kassa med bøker i kjellaren får stå litt til – til neste gong nettet forsvinn over lenger tid, slik at eg får tiltakslyst og -vilje til å kjøpe bokhylle nr. 2.


Eg har lese litt og, forresten. Sjonglerer Freakonomics og Kjønn og ukjønn, men har gått tom for ei litt dum damebok som kan vera med på runddansen. Forslag?

Detox

Eg har vore utan internett i 12 dagar. Det er merkeleg frigjerande. Det er umogleg å sjekke mail, it’s learning, og å halde seg oppdatert på bloggar og The Dark Web (Kvinneguiden). Eg har lese 3,5 bøker, sett folk, strikka ein genser, slappa av, og henta siste rest av flyttelasset:

  

Dette er ein av vindaugskarmane. To rekker og to etasjar. Om nettet held seg vekke i ei veke eller to til, skal ein ikkje sjå vekk ifrå at eg kjem meg på IKEA. Sjølv om korkje nabopubben eller  nabosaaben er spesielt vakre, byrjar behovet for bokhylle å gjera seg meldande. Sjåast!

Bokhyllelesing 2015

bokhylle

Eg har eit hoardergen som eg ikkje vert heilt komfortabel med, og kombinert med kjøpetrong og leselyst kunne det heile ha vorte fatalt. Bokhyllelesinga er ei utfodring der ein gjennom eit år skal lesa ni bøker frå eiga bokhylle, ut frå gitte tema. Det er Hedda og Bjørg som organiserer utfordringa. “Biblioteket” (vindaugskarmen) er av audmjuk storleik , men det er framleis lett å gå seg både vill og blind. Utfordringa er ein fin motivasjon til å gå ut av gamle spor, og kvitte seg med litt dårleg samvit. Eg fann ut av dette heilt tilfeldig, og akkurat i tide til fyrste runde:

Uke 2: Les ei bok med grønt omslag
Eg hadde eit blidt gjensyn med ei bok som gjorde inntrykk på meg som barn. God natt, Mister Tom var like sterk no. Eg veit at ikkje alle er like forelska i forteljinga om vesle Will, men det er ei vakker og mørk forteljing om ein tapt barndom.

Uke 8: Les et skuespill fra antikken
Eg las Medea. Ein bikarakter i den eine boka eg skreiv om i masteroppgåva er basert på Medea, og eg hadde vage planar om å imponera rettleiaren med å lese verket heilt på eige initiativ. Heilt slik vart det ikkje, så utfordringa kom til rett tid. Veldig kjekt å kunne slenge ut litt sånn tilfeldig i ein bisetning. Det er alltid utfordrande å lesa utanfor kjende sjangrar, men skodespel er spanande og tilfredsstillande å lesa. Denne klassikaren er i eit kryssfelt av referfansar som eg hadde frå før av, forteljinga er (sjølvsagt) dramatisk, og eg koste meg veldig.

Uke 14: Les ei europeisk novelle eller diktsamling fra 1900-tallet
Denne boka har stått hjå meg lenge, blitt tatt fram, opna, satt tilbake. Tor Obrestad er ein jærsk forfattar, og har difor “alltid” vore eit kjent namn for meg. Det er vanskeleg å koma frå Jæren og ikkje snuble over Obrestad (dikta, ikkje mannen). Men eg hadde ikkje lese ei samling i sin heilskap før no i runde 3. Eg kjøpte  Vårt daglige brød på eit antikvariat her i Trondheim, og samlinga fekk vera med på heile 5 flyttelass før ho vart lesen frå perm til perm. Lesaropplevinga var god, utanom litt akutt heimlengt.

Så langt, så bra. Men så vart det travelt. Uke 20 (les ei bok som opprinnelig er skrevet på russisk) hadde kick off akkurat då eg fullførte masteren, fulgt av litt soving, litt feiring, og vidare studiearbeid, og eg gløymte difor heile stasen. Eg trur uansett ikkje at eg hadde orka noko tungt på det tidspunktet.

Uke 26: Les en bok om barndom
Her gjekk eg og for ei gjenlesing. Eg har lese Drep ikke en sangfugl tidlegare, men då var eg ganske lita (ca. ungdomsskule og glitteraugenskugge). Det var ei bok eg eigentleg aldri gløymde, men attsynet slo meg rett i bakken. Eg vart i tillegg veldig gira på den store bokutgivinga den seinsommaren: Go Set a Watchman. Ei runde med ringverknadar der, altså.

Uke 32: Les ei bok fra 1990-tallet
Her vart eg overraska. Eg hadde endeleg fått flytta (fyrste gong), og gjekk gjennom bokhyller og esker fleire gonger for å få stadfesta at eg faktisk ikkje hadde bøker frå 1990-talet (sett vekk frå ei Jo Nesbø-bok som eg rett og slett ikkje gadd å lesa – eg les gjerne krim fleire gonger, men då bør det ha gått litt tid sidan førre lesing). Kor var eg på 90-talet, eigentleg? Eg las mykje, men ikkje så mykje som fekk vera med vidare. Med eit (eller sju)stort unntak: Eg les framleis Harry Potter fleire gonger i året (også dette!), men gjekk for eit litt annleis oppsummeringsinnlegg om Harry Potter-serien.

Veke 38 og 44 var prega av ny jobb (hurra!) og ei ny flytting (hurra!), så eg rakk korkje å lesa ei bok av ein forfattar som skriv på fransk eller ei bok frå 1800-talet. 

Uke 50: les ei bok av en forfatter som har mottatt Nobelprisen i litteratur
Eg les sjeldan lyrikk, og kvar gong eg slumpar til å gjera det vert eg irritert på meg sjølv. The Waste Land and Other Poems er ei kompleks samtidsskildring, krydra med referansar som utfordrar lesaren. Ofte var det spanande, men eg måtte revurdere allmenndanninga mi fleire gonger. Det var likevel ei spanande oppleving.  Eg har lese enkeltdikt av Eliot tidlegare, men nett som med Vårt daglige brød var det fyrste gong eg las ei heil samling.

Evaluering
Eg er ikkje heilt nøgd med 6/9. Det er ikkje utfordringa si skuld, men eit resultat av eit år med store (artige) endringar. Så det vart ikkje full pott. Med ein gong eg meldar meg på noko får eg frykteleg dårleg samvit om eg ikkje går all in, og eg tykkjer ikkje at deltakinga mi var heilt tilfredsstillande. Uansett var deltakinga kun ein fordel. Eg fekk eit ekstra spark til å lesa alle dei bøkene som eg har som eg veit er gode, men som har krevd eit ekstra spark. Spesielt godt likte eg utfordringane som var veldig opne, men med veldig konkrete krav (til dømes grønt omslag). Ekstra kjekt har det vore dei gongene me har slumpa til å lesa dei same bøkene. Eg skal difor prøve meg på same utfordring i 2016. Skal du?

Her er eg

Eg er framleis i live.

Eg har kjøpt eigen bustad, og har difor flytta for andre gong på tre månadar. Stor stas. I påvente av draumebokhylla (ein draum for meg, ikkje lommeboka) står bøkene i diverse vindaugskarmar og koffertar. Livet mitt tek med andre ord store og spanande svingar om dagen, og for å velje ut eit drastisk punkt: Eg har fått meg fjernsyn. For fyrste gong sidan… Vel, eg har faktisk ikkje hatt eige fjernsyn før. Og det er ikkje fordi eg ikkje er glad i sjå på TV – eg elskar det.

Det seier seg sjølv at produktiviteten går ut vindauget når a) fjernsyn og b) full jobb (usikker på rekkefølgjen). Om det ikkje hadde vore for at fjernsynet har ein funksjon som gjer at det skrur seg av av seg sjølv etter fire timer med inaktivitet er det truleg at eg aldri hadde kome meg ut huset. Livet leikar, og eg har vorte oppteken av fargeprøvar og støvsugartypar. Men lesinga… Der har eg dårleg samvite. Men no, NO skal eg lesa. For eg fekk så frykteleg lyst til å lesa ei bok i ein serie… Etter å ha sett den fyrste forteljinga på TV.

Så enkel er eg.

Men no ligg Kindlen og ladar seg (fysiske bøker har eit STORT fortrinn, og det er at dei aldri går tom for batteri! I alle fall ikkje før eg gjer det!), og snart skal eg ta fatt på The Return of Prince Caspian (som eigentleg er den andre eller tredje boka i serien, alt etter korleis ein reknar – etter Løven, heksa og klesskapet, før Reisen til det ytterste hav).

Eg er her, altså.

Ville berre sei frå.

Litt om litteratur frå her og der

Artiklar og podcastar som har fanga merksemda mi dei siste vekene:

Get real. Terry Pratchett is not a literary genius. Det går eit gisp gjennom internettet når Jonathan Jones skriv at “our obsession with mediocre writers is a very disturbing cultural phenomenon.

Da ungpikene fikk en fortellerstemme. Kristin Ørjaseter skriv om ungpikeromanar som gjekk ut over dei kjønnsgrensene dåtida satte for det kjønnet som på den tida absolutt vart sett på som “Det svake”.

Kulturhuset møter Henning Hagerup (podcast). Henning Hagerup har nettopp gitt ut den littearturktisike essaysamlinga Metafysisk skrapjern, på eit såpass “normalt” (i tydinga ikkje-akademisk) forlag som Kolon. No er vel ikkje Kolon akkurat eit forlag med popularitet som førstepri, men eg er likevel nysgjerrig på om dette tyder at litteraturkritikk kan famne utanfor små instituttgangar. NRK spør: treng me litteraturkritikk? Eg reknar med at spørsmålet er retorisk.

Talen Agnar Mykle aldri holdt (podcast). Agnar Mykle sin famøse rettssak. Moro for oss, fleire tiår etterpå (særskilt i TEJ, Tida Etter Jordbærmus). Absurd for dei som levde midt oppi det.

Against YA. Kvifor du, som vaksen, burde skamma deg over å lesa bøker meint for unge vaksne (les: born). Min kommentar til dette burde vera openbar.

Gissa job! Writers on the dole. Britiske forfattarar mimrer tilbake, og gjer oss sitt syn på den svaltande skribenten.

Bokhyllelesing: eit tapt tiår

No kom tida igjen. Bokhyllelesing. Ei fantastisk utfordring, mykje på grunn av dei varierte utfordringane. Nokre har skapt litt hovudbry (skodespel frå Antikken), medan andre har sett veldig lette ut. Temaet for denne runden var ei bok frå 1990-talet. Piece of cake. Berre at…

Eg ikkje bøker frå nittitalet i bokhylla. Store mengder frå 2000-talet, men kva gjorde eg på nittitalet? Eg var sannsynlegvis oppteken med TL-bøker og eksperimentering med glittersminke. Eg las mykje, veit eg, men dei bøkene har i alle fall ikkje blitt med i den vaksne bokhylla. Utanom desse:

IMG_20150813_221720The Philosopher’s Stone (1997), The Chamber of Secrets (1998) og The Prizoner of Azkaban (1999) viser at nittitalet ikkje berre var ei opplading til mine personlege glansdagar, men og ei tid der eg vart introdusert for – om ikkje min første, så i alle fall den største – litterære kjærleik. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese dei, men permane syner at det har vore ein heil del slitasje – og at restaureringsevnane mine vart betre med tida (The Goblet of Fire vart fiksa med markeringsteip, The Half Blood Prince heng ikkje saman i ryggen, og The Half Blood Prince og The Deathly Hallows er fiksa med kontaktpapir). Lagt saman med gjennomhøyringar av lydbøkene (både Jim Dale og Stephen Fry – føretrekk den siste) kan eg trygt sei at eg har lese kvar bok rundt 20 gonger kvar. Det er ein heil del. Dei har fulgt meg lenge, gjennom mange stemningar, gjeremål og livssituasjonar, og det å skrive meldingar om bøkene som ein del av utfordringa ville ha vore juks. Eg vil likevel sei litt. Me følgjer Harry frå han vert 11 til han vert 17, frå han er born til han vert vaksen. Det er interessant å sjå at denne prosessen ikkje er saumlaus.

I ein lang periode likte eg dei siste fire bøkene mykje betre enn dei tre første. Sikkert mykje fordi Harry er vaksnare, og det er lettare å identifisera seg med ein ungdom enn eit born. Desse romanane ber og mykje mindre preg av å vera barnebøker enn dei tre eg skal sei litt om no. Eg har fått meir og meir sansen for dei første etter kvart. Det er framleis ein del putemoment i dei – eg kan godt spole forbi Dobby sin visitt, utan å føle at eg har gått glipp av så mykje. Men eg trur at noko av det eg likar godt med dei er Harry sin utvikling: verda hans går frå å vera enkel (vanskeleg, javisst, men framleis enkel) til mangefasettert.

Harry Potter and the Philosopher’s Stone er etter mi meining den boka der Harry er den klåraste helten. Han har framleis ikkje gjort nokon skikkelege bragder, utanom det å overleva noko han ikkje visste hadde hendt. Han er sympatisk, vert driven av ein klar moral lesaren aldri tvilar på. Han har ikkje rukke å bli VERSAL-HARRY, han som har traumatiske opplevingar, interne dilemma. Denne Harry lev i ei undring over ei ny verd. Akkurat når han har det som verst, undertrykka og mishandla av tanta og onkelen sin, vert han teken vekk. Han er eigentleg ein trollmann. Verda han går inn i er magisk, og ikkje berre bokstaveleg – det mest magiske av alt er at han har funne ein plass han høyrer til. Han får noko som liknar på ein familie, han får vener, og magien gir røynda eit vakkert og fargerikt slør. Sjølv ikkje livsfara han befinn seg i kan skaka på det vidunderlege livet Harry har fått. Og løysinga på fara kan og berre liggje her: det er Harry sin godskap og usjølviskheit som gjer han i stand til å hindre Voldemort i å ta form. Harry er 11, og handlar som eit barn, men han handlar alltid rett.

I Harry Potter and the Chamber of Secrets forsvinn mykje av barnet, og me møter ein ungdom. Han er kjekkare, har meir sjølvtillit, og avstanden til autoritetar gjer seg gjeldande. Han bryt reglar, og til skilnad frå den første boka kan ikkje handlingane alltid forsvarast ut frå ein moralsk ståstad. Den indre verda til Harry Potter vert meir kaotisk, og det er meir enn hans eige liv som står på spel. Medan Stone bar preg av å vera ein mann-mot-mann-kamp, er det nå heile Hogwarts som må beskyttast frå ein ukjend trussel – men Harry vert sjølv skulda for å stå bak ulykka. Han vert ikkje lenger oppfatta som ein god, snill gut, men ein gut med ukjende anar og skumle evner. Og kan Harry vera så sikker på at alt er som det skal vera, når han faktisk delar sjeldne gåver med Voldemort sjølv? Sorteringshatten meinte jo at Harry hadde gjort det godt i Slytherin? Potter er framleis ganske eindimensjonal, men verda i Chamber er ganske annleis frå Stone. Magien har mista sin magi, og uskulden svinn.

Harry Potter and the Prizoner of Azkaban er Harry på sitt mest personlege. Dette er den einaste boka der Voldemort ikkje er (direkte) involvert. Denne forteljinga handlar nemleg ikkje om den store trollmannskrigen, men om kva som skjedde med Harry sine foreldre. Stakars gut, forresten – kvifor er det aldri nokon som set seg ned med guten for å fortelje han si eiga historie? Han finn ut brotstykke hist og pist, medan han snik seg rundt under The Invisibility Cloak, han må tolke slengkommentarar frå erkefienden, og leggje alt saman sjølv – med varierande hell. Men ein ting veit han: foreldra til Harry døydde fordi dei vart forrådt av sin beste venn. Slik historien spelar seg ut vart det umogleg for meg å sjå forbi parallellane til Harry sin eigen venekrins. Eg skammar meg no over å ha mistenkt Neville Longbottom i årevis – fortel meg at det ikkje berre var eg som såg til den kanten? Azkaban er etter mi meining den boka som skil seg mest frå dei andre bøkene: ho handlar aller mest om Harry sjølv. Voldemort held på med sitt eige, men Harry får vite meir om kvar han eigentleg kjem frå. Han må ta tak i sine eigne kjensler då han forstår kvifor dementorane har så mykje større verknad på han enn dei andre. Til skilnad frå dei andre borna kjenner han nemleg til både ekte sorg og skrekk. Ikkje eingong venene hans kan dele desse kjenslene med han. Harry står brått veldig åleine. Og i denne romanen finn han ut kvifor det er slik: gong på gong må han høyre foreldrene sine døy, medan foreldra sin drapsmann jaktar på han. Og Harry vil at Sirius Black skal finne han.

Azkaban kjenst nokre gonger som eit pausespel, eit intermesso før langt meir traumatiske og dramatiske hendingar. Samstundes er det dette som er Harry si fortid. Han finn ikkje så mange svar, men han finn mange nye spørsmål, og desse kjem til å prega handlingane hans i lang tid framover. Harry får møte sine eigne demonar før dei tek overhand. For det er lite igjen av den vesle helten etter dette. Spesielt frå Order of the Phoenix og utover er Harry sint, usympatisk, overdramatisk. Han har forsåvidt god grunn til alt dette, men for meg vert tenåringsangsten og dei store bokstavane litt for mykje av det gode. Eg klarar ikkje å skilje bøkene frå kvarandre, og kan ikkje velje ut favorittar, men premilleniums-Harry er veldig ulik milleniums-Harry. Han har ikkje opplevd å kjenna skuld for eit anna menneske sin død. Han har ikkje opplevd meiningslause drap, han har ikkje sett folk bli slakta berre fordi dei var i vegen. Han får lov til å ha bitar av barndomen sin, og har framleis ikkje skjønt at alt faktisk er avhengig av han. Han veit ikkje at han skal redde heile verda. Han veit berre at det skjer noko her og no.

På nittitalet hadde Harry framleis ein tillit til den nye verda han så brått vart ein del av. Han hadde ikkje fått grunn til noko anna. Han stolte på venene sine, og blomstra saman med desse. Bøkene er dramatiske, men optimisiske. Og til skilnad frå glittersminken, Baby Spice-halane (veldig vanskelege å få til med kort hår) og den oppblåsbare ryggsekken, var dette det mest permanente eg fekk frå nittitalet: ein stor kjærleik til verda til ein liten, einsam gut.

Den beste bokdagen

Dette er kan hende den beste bokdagen sidan 31. juli 2007 (kva skjedde då, mon tru?). Dette vert difor eit langt, ekstatisk innlegg om ein tur på det lokale antikvariatet.

IMG_20150717_144907

Eg har vore på leit etter ei utgåve av Snorre Sel sidan tidleg i haust, då eg las nokre sider om boka i Norsk barnelitteraturhistorie (for slike bøker les eg, nemleg). Eg skreiv litt om ho i dette innlegget. Biletboka (“en fabel i farger for voksne og barn”) vart prisa høgt av NS-avisa Fritt folk, heilt til dei skjønte den meir enn antyda bodskapen.

Eg har leita land og strand (ok, eg har leita på internett) etter ei svært spesiell bok. Boka er å finne på fleire antikvariat, men kostar frå 1600-2000 kroner. I utgongspunktet ein grei pris, men det hjelp ikkje på studentbudsjett. Boka har blitt publisert eit par gonger, sist i 2005. Den er utsolgt frå forlaget, og dei kjem ikkje til å trykke opp nye eksemplar. Nokon gong. Og det er synd, for her får du litteraturhistorie, krigshistorie, søte teikningar og ei isolert sett veldig fin barnebok i ein pakke. Sidan eg har vore flink på jobbeferie tenkte eg at det var på tide. Full av von tok eg turen innom Bokstova, som er eit fantastisk antikvariat på Klepp(e), og forsøkte: “Har du ei bok som heiter Snorre S-?” Den pensjonerte soknepresten som driv staden reiste seg og fann boka før eg klarte å fullføra spørsmålet.

IMG_20150717_145437

Ei litt slitt utgåve, men ei fyrsteutgåve frå 1941. Til 200 kroner. For den observante er det ein null mindre enn på internettet. Og for den meir observante – årstalet er ikkje heilt tilfeldig.

Denne fargefabelen har ein skjult bodskap. Berre at den ikkje er skjult i det heile teke, og det er eigentleg rart at NS-folka ikkje forsto det. Då dei skjønte kva boka dreide seg om vart boka verboten i ein fei, og det er som kjent den beste reklamen ei bok kan få. Heilt kort: Snorre Sel sin kvardag vert brått trua av måkene Syn og Segn (SS). Boka er pepra med nazisymbolikk. Frithjof Sælen har til og med sneke inn nokre hakekors. Ein svært populær roman som eg tykkjer seier mykje om at barnelitteratur er mindre uskuldig enn ein skulle tru – dette er motstandskamp i svært søte linjer.

Bokstova har ei god boksamling med svært ulike prisnivå. Seljaren er og ein reser på meirsal, og eg “fekk” med meg ei anna spanande billedbok:

IMG_20150717_145541

Dette er ei andreutgåve frå 1915, med fantastiske illustrasjonar av Theodor Kittelsen. Eg er ikkje heilt sikker på korleis boka er laga, men det var i alle fall ei påkosta utgåve – bileta har vorte trykka for seg og limt inn i boka i ettertid. Ganske tøft. Kittelsen var framsynt, og illustrerar med dette mitt personlege forhold til trening generelt og #SK2015 spesielt:

IMG_20150717_145614

Bokstova te Steinskog er verdt eit besøk for dei som skulle slumpe til å vera i nærleiken av Klepp. Han har kaffien klar og bøker i alle slags prisklassar. Han hentar inn det han sjølv er interessert i, og resultatet er eit antikvariat med eit variert utval bøker, med varierte prisar (alt frå 50 til 15 000).

I full ekstase stakk eg på Norli og fekk med meg denne her:

IMG_20150717_144722

Helga er avlyst, eg held meg inne. Sjalu?

Halvtårsdag og midtvegsevaluering

Eg er ikkje så veldig på nyttårsforsett. Eg pleier å tenke at om eg fyrst skal love noko, kan eg like greitt byrje når eg kjem på det. I år vart det litt annleis. Eg har lese frykteleg lite dei siste åra. Nei, det er ikkje sant, eg har lese mykje, men som litteraturstudent har utvalet vore lite lystprega, og med tida svært teoriperega. Alt veldig spanande og utfordrande, men det går ikkje heilt inn under kategorien “lystlesing”. Om eg fyrst las noko, var det som reint tidsfordriv. Bokvalet var på tilsvarande nivå, noko som strengt tatt ikkje motiverte til at det skulle bli ei daglegdags greie. 4. januar fann eg ut at eg sakna å lesa berre for å lesa, og bestemte meg for at eg skulle lesa 40 bøker i 2015. Ikkje enormt mykje, men eit veldig passe ambisiøst mål for meg. Det viktigaste var å fullføra, systematisera, og få attende leselysta. Bloggen vart starta som motivasjon – då hadde eg forplikta meg sjølv skikkeleg. Det var i januar. No skriv me juli. Og bloggen har faktisk halvtårsdag!

Bloggebursdagen vert feira med stil:

IMG_20150704_141733

Kake. Jordbær. Blomar. Norsk flagg. 

IMG_20150704_142115Partyhatt. 

Nei, så gale er det ikkje. Men i går hadde eg faktisk bursdag på skikkeleg, så eg passa på å feira bloggen litt samstundes. Sjølv om eg hadde heilårsdag har jo bloggen berre halvtårsdag, og då kan ein vel kanskje berre feira halvvegs. Champagnen tok eg i går. Midtvegsevalueringa tek eg i dag (lærar!).

Eg har lese 25 bøker. Og dette klarte eg sjølv om eg måtte ta “fri” (finst ikkje nok hermeteikn til akkurat dette høvet) i nesten halvannan månad. Eg er optimistisk til å fullføra lesemålet mitt. Det er eg stolt over! Og eg har funne ut fleire ting om lesinga mi. Eg har og lært meg å laga diagram i Excel, og sidan det vert vanskeleg å spandera bloggebursdagskake over internetten, skal eg gje dykk nokre bloggebursdagskakediagram. Fordi eg kan.

Ungdom/vaksen-tilhøvet er ein god representasjon av min mentale alder:

blogg_målgruppe

Eg les mykje meir variert enn eg trudde:

blogg_sjanger

Eg trudde at eg omtrent utelukkande las ungdomsfantasy, men det må vel vera fordi eg har lese dei same ungdomsfantasyromanane VELDIG mange gonger (masteroppgåve).

Og eg har eigentleg reist ganske mykje:blogg_landEksludert lydbøkene har eg lese 6503 sider – 282,7 sider i snitt.

I fana 2015 finn de ei komplett oversikt over kva eg har lese så langt. Om eg må velje ut favorittar, går eg for:

– Cirkeln-serien: Cirkeln, Eld og Nyckeln. Svensk urban fantasy for ungdom, består Bechdel-testen med glans.
– Drep ikke en sangfugl: Det burde ikkje vera naudsynt å sei så mykje om denne. Eg gler meg fælt til Sett ut en vaktpost.
– Popular: Vintage Wisdom for the Modern Geek: Sjølv om det får meg til å kjenne meg relativt utilstrekkeleg å lesa ein sjølvbiografi skriven av ein femtenåring, er dette ei morosam og søt oppleving.
– Undis Brekke: mitt personlege helvete. Historia om den mislykka stipendiaten som vert forvist til ein høgskole på Sunnmøre, og må sjå livet sitt i revy i eit smalahåvelag motiverte meg til å sette opp mastergiret ganske heftig.
– Kaddish and Other Poems: eller generelt alt av Allen Ginsberg.

Kjekt med blogg:
Eg har fått betre oversikt over kva eg les, noko som har motivert meg til å lese litt meir variert. Tidlegare gjekk det stort sett i ekstrem enkel litteratur når eg skulle lesa på fritida, no har eg fått systematisert lesevanane og sett litt utover. Og aller viktigast: eg har lese ganske mykje! I tillegg var eg ikkje klar over fellesskapen i denne bloggenisjen – det er veldig mange dyktige og koselege norske bokbloggarar, og det har vore kjekt å få smiska seg inn på det laget. Takk, de er kule!

Eg trur at Braut med bok er levedyktig, i alle fall i seks nye månadar.

Eg klappar meg sjølv på skuldra og konkluderar med “over middels måloppnåing”.

IMG_20150704_142219

Hurra for bloggen, og litt hurra for meg!